RSS

Det ingen har fortalt deg

Bergljot K. Nordal: Det ingen har fortalt deg, 170 sider

Forfattaren av Magda har kome med ei ny bok. To faktisk. Eg har ikkje fått med at Nordal gav ut romanen Ruts bok i 2012, men er glad eg oppdaga det (takk Rose-Marie).

Forfattaren Karoline dagdrøymer om å bli skada eller miste mann og born i ei bilulykke, slik at ho kan konsentrere seg fullt ut om skrivinga.

Ingen store skadar, men nok til å sette meg ut ei stund. Utan tanke på dei rundt meg, eller på alt eg skulle ha gjort. 

Dette illustrerer kor oppgitt ho er og kor sterkt alt rundt ho distraherer ho frå det ho eigentleg ønsker å gjere. Skrive. Har ho tid til å skrive, forstyrrer tankane henne. Alt ho burde gjere i staden. Vaske klede, lage middag, vere saman med borna.

Eg lengtar etter døden, midt i ein haug av wienerbrød. 
For ei skam. 

Ein dag treffer ho Pia, ei barndomsvenninne ho ikkje har sett på fleire år. Når Pia inviterer ho til å kome og bu hos seg i København, augar Karoline ein sjanse til å å skrive i fred og ikkje minst å få kjenne på denne fridommen ho lengtar så sterkt etter.

Nordal skriv godt. Det ingen har fortalt deg er ei ærleg bok. Å kjenne seg invadert av familien når alt ein ønsker er å vere i fred og skrive. Hovudpersonen kjenner på kjensler dei fleste har hatt. Dog dei fleste drøymer nok ikkje om å miste dei rundt seg for å kunne skrive. Spørsmålet er om ei såkalla frigjering vil hemme skrivinga snarare enn å fremje.

Anbefalast.

Takk til Tiden Forlag for leseeksemplar.


2 kommentarer:

astridterese sa...

Den havnet rett på leselisten :-) Takk for fint tips!
Jeg tror jeg kan kjenne meg igjen i ønsket om fred rundt seg, om ikke på en så drastisk måte. Så har tanken streifet meg. Tenk om en foreksempel brakk benet. Tenk hvor mye en kunne få lest da? :-)

Beathe sa...

Å der var boken bestilt på ebokbib og heldigvis bare nr 1 i køen så da blir den min for en stakket stund før jeg vet ordet av det. Takker for fint boktips! Ønsker deg en fin ettermiddag:-)