RSS

Personar du kanskje kjenner

Synnøve Macody Lund: Personar du kanskje kjenner, 208 sider

Romanen byrjar med at hovudpersonen Synnøve reiser heim til faren, som har hatt slag. Ho har nettopp skilt lag med sambuaren, og skal feire jul utan dei to borna sine for første gong.  Ho fortel om barndommen sin, forholdet  mellom henne og faren og korleis det er å sjå at han beveger seg stadig meir vekk frå å vere den tøffe cowboypappaen ho hugsar som born.

Synnøve og faren har rammeforteljinga i boka, men det er dei andre historiene som er interessante. Vi får høyre om Mari, studenten som innleier eit forhold til rettleiaren sin, Eskild. Skodespelaren Live, som har ein manipulerande kjærast, Eva (som forøvrig er systera til Eskild) og aleinemora Anna, som til å byrje med er Synnøve. Alle tre er mennesketypar vi truleg har hatt med å gjere. Personar vi kanskje kjenner. Liva til desse personane blir på ulike måtar fletta inn i kvarandre. Felles for alle desse er at dei ikkje vil miste seg sjølv.

Det er tydeleg å sjå at Macody Lund er opptatt av film (kanskje ikkje så rart, ettersom ho både er skodespelar og filmmeldar), for når ho skriv om dei tre kvinnene, kjem det ein forteljar som stadig kommenterer handlinga - ikkje utypisk som på film. Eg bruker å like metakommentarar av denne typen, men eg greier ikkje heilt å bestemme meg om det blei meir irriterande enn effektivt i dette tilfellet. Det kan fort bli litt rotete når ein har så mange å halde styr på i ein roman, og i tillegg skriv inn seg sjølv. Men som forfattaren sjølv seier, kan eigne minne bli like upålitelege og derfor fiktive. Det som er fangslande er historia ein sjølv skaper. Korleis ein kan halde fast i det.

Eg likte boka godt, men synest som sagt at det er dei tre kvinnene som driv handlinga framover og gjer heile romanen. Eg kunne godt tenkje meg å høyre meir om desse personane. Bli betre kjent med dei.

Leseeksemplar fått av Samlaget.

Andre bloggarar: Tine

10 kommentarer:

Tine sa...

Flott omtale! Hadde gledet meg til omtaler av denne boken, for å kanskje se romanen med andre øyne. Som deg syntes jeg historien om de tre kvinnene var det mest interessante, og den om faren alt for tilbaketrukket. Kunne ønske meg to bøker kanskje?

aariho sa...

Jeg har lest omtalen din og Tines, så nå frister boka meg. Må ta en tur til bilblioteket kanskje!

beathesbokhjerte.no sa...

Det er interessant det du forteller om minner og at de kanskje ikke alltid stemmer med slik det virkelig var, men etter å ha lest to omtaler av denne boken nå har jeg bestemt meg for ikke å lese den. Må prioritere litt knallhardt om jeg skal rekke over de jeg virkelig vil lese. God omtale :-)

Lena sa...

Takk! Fekk ikkje med meg at du hadde blogga om boka, Tine, men no er det fiksa. Takk for lenke! Eg synest nok ikkje det var så forvirrande som du synest, men eg ser kva du meiner. Det kan verke som om forfattaren forsøkte å flette litt meir enn mogleg inn i ei og same bok. Som du seier kunne det kanskje ha vore ein ide å gi ut ei eiga bok om faren? Eg las i eit intervju med ho at alt losna da ho byrja å skrive inn dei tre kvinnene, så ho trongde det vel på eit vis. Språket er veldig bra. Nesten irriterande at ei kvinne kan få til så mykje. :)

aariho: Om du har lese og likar til dømes "Vente, blinke" av Gunnhild Øyehaug (ei av mine absolutte favorittar, som denne likna litt (LITT!) på, så kan dette vere ei bok for deg. Eg kjem ikkje på andre liknande sånn i farta.

Beathe: Har du lese Selma Lønning Aarø sin roman "En rekke avbrutte forsøk"? Der forskar ho på nettopp dette med minnene våre, som viser seg å vere ganske så annleis enn det vi hugsar. Boka er både smart og rasande festleg.

beathesbokhjerte.no sa...

Den har jeg ikke lest, Lena, så tusen takk for tips! Leste en annen bok for en stund siden som hadde dette som en del av tema i boken, men husker ikke på stående fot hva den heter. Interessant i hvert fall!

Groskro sa...

Bare jeg blir ferdig med biografien til biolesesirkelen nå, så skal denne leses. Liker så godt omslaget på boken, uten at det er en en grunn i seg selv til å lese altså :)

Lena sa...

Eg likar også omslaget. Det er nesten så ein kan ha det som "cooffee table book".

Ingalill. sa...

Må le litt av hvor forskjellige vi er.
Vente, Blinke, likte jeg ikke, så det burde bety at å styre unna her er smart, bortsett fra at jeg er svært begeistret for Avbrutte Forsøk, så da er det vel back on? Må tenker litt på dette -)

Lena sa...

Haha, ja eg hugsar at det var anten sånn at ein elska eller hata "Vente, blinke". Eg tilhøyrer siste. Men "En rekke avbrutte forsøk" er heilt annleis altså. Liknande tema, men laaangt frå same skrivemåte. Det er ei snerten lita bok. Selma på sitt beste!

Groskro sa...

Nå har jeg lest ferdig boken og den er veldig god, absolutt en favoritt i år :)