RSS

Regnboge og Wenche Hjorth

Godt nytt leseår, bokvenner!



Eg tenkte å starte det nye året med å klage litt over kor dårleg eg er til å blogge. Det ser forøvrig ut til å ha blitt den nye opningssalutten i innlegga mine, så eg skal ikkje seie meir om det. Eg har til gjengjeld lese mykje, eller lite, alt etter kven som les dette (eg følgjer folk på Instagram som har lese over 400 bøker i 2016!). Eg har rukke over 75 bøker og seier meg nøgd med det, sjølv om eg året før rakk 115 bøker. Dette året tenkte eg å greie 65 bøker, men er stygt redd eg har tatt meg vatn over hovudet sidan eg også har planar om å lese fleire klassikarar. Tunge, keisame, laange klassikarar. Nei da, eg satsar på at det går leikande lett å pløyge gjennom dei. Ein blir automatisk smartare av å lese klassikarar, har eg høyrt.

Challenge not accepted

Det blir ingen utfordringar på meg i år, først og fremst for mi eiga mentale helse si skuld. Eg har det med å gå all in i alt eg melder meg på, noko som kan vere både positivt og negativt. Positivt for meg fordi eg som regel aldri gir meg før eg har nådd målet - og negativt for dei som konkurrerer mot meg og må sjå seg tapt eller utkonkurrert. Negativt for meg fordi det går utover alt og alle rundt meg. I år skal eg derfor forsøke denne gylne middelvegen alle snakkar så varmt om, lese jamnt og trutt (mest trutt), ete når eg er svolten (med ein sjokoladebit attåt) og ikkje la meg friste av desse challengane i Bloggolandia, Instagram og whatnot. Men det er veldig vanskeleg å la vere. Kanskje eg må melde meg på ein challenge om ikkje å melde meg på ein challenge? Heh..

2016 var eit godt leseår, og eg tenkte å drage fram høgdepunkta i dette paraplyinnlegget her (i tilfelle du ikkje visste kva det er du les akkurat no, så er det altså eit paraplyinnlegg). Eg har det dessverre slik at eg som regel synest boka eg las sist var best, så det spørs kor mykje eg hugsar når eg ikkje har blogga om alle bøkene. Eg gjer det enkelt utan bilete, så 1. Finn fram penn og papir og gjer deg klar til å motta strålande lesetips. 2. Nikk anerkjennande om du allereie har slukt desse bøkene. Eg går ut frå at det ikkje er behov for alternativ 3. Å riste iherdig og ueinig på hovudet fordi du meiner bøkene er dritt.


Norske bøker

Årets beste bok var utan tvil Arv og miljø av vår alles kjære Vigdis Hjorth (ho fortener den tittelen no, gjer ho ikkje? Eller må ein heite Wenche for å kunne titulerast slik? Da får vi i så fall kalle henne det. Wenche Hjorth har skrive årets beste bok.) Denne har eg jo forresten blogga om, les innlegget om du er så fjern (ja, fjern!) at du ikkje har lese boka.

Hvem er jeg når du blir borte? av Kathrine Nedrejord er ei anna bok som festa seg. Det er ein ungdomsroman og handlar om Jenny og bestekameraten Henning. Ein gut i Jenny si klasse tar livet sitt, og Henning rømmer. Samtidig er Jenny forelska i Julian og lurer på om det er lov å ha slike kjensler når resten av bygda er i sorg. Det som er så fint med denne boka, er at ho held føtene planta på jorda og lar dei unge få kome til orde samtidig som det rasar saman rundt dei (ja, eg har saksa frå innlegget mitt i NUBB).

Monika Steinholm sin oppfølgjar til Fuck verden, Nærmere kommer vi ikke, er ei bok som må trekkast fram. Denne har eg også blogga om. Les.

Marie Auebert si novellesamling Kan jeg bli med deg hjem er ei bok eg anbefaler på det varmaste. Fort lese, men seint gløymt.

Heidi Sævareid kom ut med Slagside, ein roman om å akseptere seg sjølv og sine feil. Boka er språkleg svært god og Sævareid skildrar det mørke i hovedpersonen på ein måte som gjer at vi kjenner fortvilinga langt uti fingertuppane.

Du dør ikke av Linn Strømsborg er ei fin bok om løping og angst, vennskap og overleving. Eg likar godt bøkene til Linn Strømsborg, kjenner eg. Dei er så solide. Flinkisbøker, utan å vere påtatt.

No skulle dette innlegget strengt tatt handle om bøkene eg las i fjor, men eg må nemne dei tre første bøkne eg las i år. Thomas Marco Blatt sin roman Varsjøen tok nesten pusten frå meg. Eg har ikkje fordøydd boka heilt enda, men prakka ho på ein kollega sånn eg kan få utløp for alle kjenslene ho gav meg.

Vær snill med dyrene av Monika Isakstuen las eg i ein fei i går og kan konkludere med at eg skjønar kvifor ho fekk Brageprisen. Nydeleg språk, fortetta og lyrisk, men samtidig så innhaldsrikt. Einaste minuset er tittelen. Eg ser poenget, men er ikkje heilt begeistra likevel.

Ungdomsboka Fjällräven gul av Tiril Broch Aakre er kjempegod og eg kan ikkje forstå kvifor eg nesten ikkje har lese noko om denne boka i media. Har ikkje folk fått augene opp for denne perla? Da skuldar eg i så fall på tittelen og det gule omslaget. Det kan vere litt misvisande, men du skjønar etter å ha lese boka.

Superfine En bror for mye av Linde Hagerup er ein roman for dei litt yngre lesarane. Eg har blogga om boka og seier ikkje meir om det.



Oversette bøker 

Dager med blå himmel av Jennifer Niven var ein høydare innan Young Adult-sjangeren. Denne har eg også blogga om. Les.

Fangirl av Rainbow Rowell (elskar dette namnet! Eg vil også heite Rainbow. Eller Regnboge. Åh, så fint!) er ei anna YA-bok som har stått på lista mi lenge og endeleg plukka eg henne opp. Eg elska Eleanor & Park av same forfattar, men trur kanskje eg likte denne enda betre (og da har eg gitt Eleanor & Park terningkast seks). Eg mistenker at det er fordi eg las Fangirl sist. Boka handlar om to tvillingsøstre, Cath og Wren,  som byrjar på universitetet. Wren finn seg raskt til rette, men Cath vil helst sitje og skrive på fanfiction-historia si om Simon Snow - som vi forstår skal førestille Harry Potter. Boka blei kåra til årets nest beste bok av Goodreads, beste boka blei Eleanor & Park. I rest my case.

Becky Albertalli si YA-bok Simon og homosapiensagendaen er ei fin og morosam bok om å finne seg sjølv oppi alt dette High School-makkverket alle må gjennom.

Vi er molekyler av Susin Nielsen er ein kjempefin YA-roman. Eg har blogga om ho her.

Menn uten kvinner av Haruki Murakami er ei novellesamling som eg likte svært godt. Sju fine, stillferdige og opprivande historier om menn som på eit eller anna vis er utan kvinner.

No har eg berre tatt føre meg dei aller, aller beste bøkene eg las, så her er absolutt nok å ta av. Er det ikkje kjekt å lese, vel?

Fort deg til nærmaste bibliotek, bokhandel eller venn.

God lesnad.



5 kommentarer:

Ellikken sa...

Som den hjortofobe snegleleseren jeg er står jeg fremst i feigisrekka, til spott og spe og what not. Jeg er lykkelig uvitende om hva jeg har gått glipp av. Det vil si, i år har jeg mål om å samlese kortlista, og alle vet jo at den får nok stemmer. At det også trolig betyr jeg vil feile stort i min målsetning, er like selvfølgelig.

Ellers har jeg lyst til å lese alt du har lest og likt. Og så har jeg lyst til å lese innlegget ditt enda en gang. Jeg liker ordene dine så godt, til og med trutt. Ikke slutt!

Marianne sa...

Hurra for Wenche, og ideen om en Challenge til ikke å ta en Challenge. I år har jeg satt så store mål for meg selv, at neste år blir jeg nok målløs.. Jeg er listoman innerst inne, men har fram til i år klart å unngå konkrete, profilerte, selvutbrettende og avslørende lister - som OTS lista jeg nå har promotert med brask og bram. I år er året for å gjøre en innsats. Jeg har inntil nå overbevist meg selv om at jeg alltid gjør en innsats, men egentlig har jeg sklidd gjennom de fleste mål siden jeg begynte å blogge uten å anstrenge meg særlig. Så - 2018 ser ut for å bli året der nederlag fra 2017 innrømmes, men inntil inneværende år rundes av er jeg evig optimist på egne vegne. Her skal det leses! Og lykke til med din liste. Det er ikke antallet bøker som teller. Men kvaliteten. Og du har allerede lest 3 til nå i år mot mine 1 - EN - og jeg skal lese dobbelt så mange som deg i 2017 - så du ligger SVÆRT godt an! :)

annkolaas sa...

Ellikken: ÅÅååå, så fint sagt! Tusen takk. Og ditto. Ditto så langt øyet kan se og ørene kan høre. Ja, men da har du å glede deg til god litteratur. Vigdis venter, hun. Nå har jeg sendt av gårde mine nominasjoner til Bokbloggerprisen 2016 og fy flate, så vanskelig det var i år. Jeg nominerte 7 stk i begge kategorier. Tror aldri jeg har gjort det før.

Marianne: Det er absolutt kvaliteten som teller, og gode bøker blir som regel alltid slukt i en fei hos meg så du tar meg nok igjen før jeg har lest nummer fire. Lykke til med lista; det blir sikkert ikke noe nederlag - du er jo effektiv som fy.

L sa...

Først: tusen takk!

Så, om Fjällräven gul: så bra du har lest og likt boka! Den har blitt anmeldt i både VG, Dagbladet, NRK og nå seinest Dag og Tid (hvor den fikk ei strålende melding), men selv bøker som blir anmeldt bredt forsvinner i mengden allikevel. Derfor er jeg ekstra glad du har lest den og ville skrive noen ord. Hilsen ei som jobber med å få boka synlig

annkolaas sa...

Ja, jeg har sett noen få omtaler av den. Men bloggerne og bookstagrammene har ikke skrevet noe om denne boka - som jeg har fått med meg.