Elena Ferrante: Svikne dagar, 221 sider
Eg innrømmer det. Trass i at eg las, og likte, første boka i Napoli-kvartetten og eg har alle fire bøkene i hylla - så blei det med den eine. Eg har inga anna unnskyldning enn den eviglange #tbr-lista mi, som ser ut til å vekse i takt med åra som går. Eg følte eg hadde meir kontroll for nokre år sidan, både på lista, bloggen og kva bøker eg hadde i hylla. No tar lista stadig nye rekordar, bloggen er kraftig forsømt og det er snart like spennande å finne bøker i eiga bokhylle som det er å få post. Eg tar meg sjølv i å få same panikken i augene av tjukke bøker, som eg ser at elevane mine får. Og det er jo ingen bokelskar verdig. Men det er så mange bøker eg vil lese, og da er det kjærkome med dei tynne flisene og dei enkeltståande romanane. Det finst rett og slett for mykje bøker til at eg kan prioritere å lese murstein etter murstein, eller fire på rappen av same forfattar. Same kor gode dei er. Da må ein heller rasjonere dei ut. Det skal bli. Men ikkje enda. Eg skal berre lese (set inn det som passar) først.
Svikne dagar er ei av dei bøkene som fanga meg umiddelbart etter å ha lese første sida. Romanen handlar om Olga, som blir forlatt av mannen sin etter å ha vore gift i tolv år. Olga kan ikkje akseptere sviket, og er sikker på at mannen hennar vil kome tilbake til henne, dei to borna deira og schaferhunden Otto. Dagane går, og ho blir etterkvart så oppslukt av raseri at ho knapt ensar anna enn sjalusien som rir henne.
Eg levde i ei frykt for ikkje å hugse at eg måtte dra og hente Ilaria på skolen; og når eg sende Gianni på butikken for å handle inn det nødvendige, var eg alltid redd det kunne skje han noko, eller verre, at eg blei så innestengd i tankane mine at eg gløymde heile han og ikkje eingong hugsa å sjekke at han var komen tilbake.
Olga er så djupt inn i eige tankestraumar at ho ikkje greier å ta vare på borna og hunden, og knapt nok seg sjølv. Ho mistar kontakten med røynda og kjempar mot dei destruktive kreftene som er i ferd med å sluke henne. Du føler med henne, men får likevel lyst til å filleriste henne, ropte at ho må ta seg saman. Ta seg av borna. I slutten av boka eskalerer det når både sonen og hunden blir akutt sjuke og Olga ikkje evnar å skaffe hjelp. Det er smertefull lesnad.
Svikne dagar er ei av dei beste bøkene eg har lese. Språket, orda, det set seg i tankane og ein greier ikkje å flykte frå dei. Dette er ikkje ei bok du les for å hygge deg. Tvert imot er det ei vond forteljing som minner oss på at ingenting er konstant, at vi berre er dyriske; menneske styrt av kjensler og fornuft. Kvar dag er ein kamp mellom desse to, og ein må heile tida meistre å halde dei i balanse. Av og til sigrar det eine over det andre, og da kan alt ryke om vi ikkje kjem oss opp att. Kva da?
Anbefalast!
Leseeksemplar fått av Samlaget.
Julegavetips 2024: Bøker til alle!
for 23 timer siden
8 kommentarer:
Fantastisk bokanmeldelse! Jeg har også mottatt et leseeks., og jeg kommer til å kaste meg over den veldig snart!
Du MÅ lese resten av Napolikvartetten! Hvorfor ikke prøve lydbokutgaven? Jeg holder på med den siste boka i kvartetten (har tatt sin tid - alle disse uleste bøkene! Og alle forpliktelsene som kommer i veien for lesningen! Sukk!), og den er vanvittig god!
Så enig, jeg har hørt den som lydbok og etter at jeg skrev omtalen måtte jeg høre den en gang til. Fantastisk!
Rose-Marie: Så kjekt å høyre. Eg føler eg har mista heilt dreisen på å skrive omtalar, men så kjem det jo noko ned på papiret (eller skal ein seie skjermen) likevel. Ja, eg vurderer å abonnere på storytel igjen, om ikkje anna for å få unna litt bøker, og da blir Napoli-kvartetten prioritert.
Kleppanrova: Har du høyrt boka to gongar altså. Ikkje verst. kanskje eg må høyre ho som lydbok i tillegg. Det blir nok ei intens oppleving, det også.
Denne har jeg faktisk feilaktig avskrevet som en bok i Napoli-serien. Her må det åpenbart revurderes!
Jeg har full tillitt til dine vurderinger, så når du skriver at dette er en av de beste bøkene du har lest, da... da... da skjønner jeg at denne MÅ leses.
Ellikken: Ditto! Og jaa! Det må du. Fort gjort å lese denne. Umogleg å leggje frå seg.
Jeg måtte lese din anmeldelse om igjen! Den er så fin! :-)
Kjempeflott omtale! Nå har jeg også lest denne og fryder meg over alle som liker den.
Rose-Marie og Tine: Tuuusen takk. Desse kommentarane hadde hamna i spamfilteret, så eg såg dei ikkje før no. Men det var kjekt å høyre. Kjende eg fekk litt inspirasjon til å skrive fleire omtalar no. Er jaggu på tide.
Legg inn en kommentar