RSS

Ein liten stubb om føtene mine

I haust meldte eg meg på skrivekurs hos superdyktige Ida Jackson og Jan Grue. Vi fekk fleire ulike oppgåver, og skulle gå både djupt og overflatisk. Eg har lyst til å dele ein liten stubb eg skreiv i ei av øvingane. Oppgåva var å skrive ein slags biografi om meg sjølv frå ein kroppsdel, teksten skulle vere intuitiv og raskt skrive. Eg valde å skrive om føtene mine. 


  "Har du ikkje bunadsko?". Venninnene mine lo da eg løfta på bunaden og viste dei svarte joggeskorne i 17. mai-toget. Når eg skal kjøpe sko, kan eg ikkje sjå etter kva sko eg synest er fine, men om dei vil passe. Vil eg få plass til hælen, ankelen og storetåa inne i skorne? Eller vil vrista mi breie seg så mykje at eg ikkje har sjanse til å få  foten nedi? Har skorne open tå, kan eg berre drøyme om å ha dei på. Sandalar er med andre ord uteukka for meg. Det same gjeld ballerinasko, pumps og høghæla sko.

     Året etter pressa eg føtene nedi bunadskorne og blødde så mykje at strømpebuksa klistra seg fast til hælen. Eg gjekk rundt i sko som var for små, for trange eller for fotforma for mine ikkje-fotforma føter i årevis. Tvinga meg nedi skorne og lata som eg var som alle andre. Så blei eg eldre. Gav meir faen og valte komfort framfor estetikk. Som regel ender eg opp med sneakers eller boots, dei er romslege og har god plass til føtene mine. Nesten for god plass. Eg føler meg ofte som ei vaksen dame med digre skatesko.

     "Så kult at du har sneakers til finkjolen" sa venninnene mine da vi var på veg til fest. No er det dei som pressar føtene inn i sko som ikkje passar. Høghælte finsko som klakkar fint bortetter vegen. Eg kjem stampande ved sida av dei, kan skimte sneakersane dei har gøymt i veskene sine, klare til å bli henta fram når smertene blir for store. 

2 kommentarer:

Marte Bjørgum sa...

Kul skriveoppgave, og teksten ble gjenkjennbar og kul!

annkolaas sa...

Tusen takk! Ja, vi fekk fleire kule oppgåver som verkeleg fekk fart på skrivekløa.