RSS

Samlesinga av SINNE er i gang



"Debutant Ann Helen Kolås Ingebrigtsen har skrevet ei knallsterk ungdomsbok på nynorsk."


Dei neste tre vekene er sett av til samlesing av Sinne, og eg sit her med tårer i auga av det fine innlegget om boka mi inne på bloggen til Bokbloggerprisen. Er det MI bok dei skriv om, liksom? Det er så sjukt, og himla fint. Det er over eitt år sidan Sinne kom ut, og framleis får eg flere meldingar i veka frå folk som har lese boka. Eg deler det meste som blir posta i sosiale media, og tenker at dei som følger meg sikkert er dritleie av å høyre om denne boka. For lengst. Fleire gongar har eg tenkt at no må eg slutte å dele så mykje, kan ikkje skremme vekk folk heller. Det er nok no. Fleire har ymta frampå at eg er vel hissig på deleknappen, og at alle veit at ein må følge dei uskrivne reglane og poste restriktivt. Men så kjem det jo stadig fine meldingar, omtalar, innlegg - og korleis kan eg la vere å rope det ut, for herregud, det er jo boka mi dei skriv om!

"Det er mesterlig fremstilt!" 


Eg kjenner roden spreie seg i kinna mens eg trykker på del, legg ut og repost. Så sit det kanskje nokon andre og trykker blokker og slett, eller skjul oppdateringar frå denne masekoppen, men det får berre vere, for dette er for stort til at eg kan la det gå forbi i stilla. Eg har skrive ei bok, som blir lese og likt av mange. Boka er nominert til Bokbloggerprisen, stemt fram av sjølvaste creme de la creme: Lesarane. Det er heilt fantastisk, klart eg vil dele det. Og enda er det likevel mykje eg ikkje deler; alle dei private meldingane eg får på Messenger, e-post, Instagram, frå ungdommar, lærarar, bibliotekarar, helsesøstrer som har ramla over boka mi og kjent att seg sjølv eller andre i Synne. Det gjer meg så glad at boka mi har treft noko ved så mange.

"Dette er ei ufattelig god ungdomsbok hvor man regelrett blir dratt inn i handlingen."


Det er klart at ein drøymer om gode omtalar og positiv merksemd når ein gir ut bok. Eg såg for meg eit par blogginnlegg, kanskje nokre postar på Instagram. Frykta totalslakt, og håpte nokon trilla i alle fall ein firar på terningen. Men dette. Dette har overgått all forventing og enda meir. Eg er så glad. Tusen takk til deg som les og løftar fram boka mi. Det betyr uendeleg mykje. 

«Sinne» er så himla godt skrevet at man kan se for seg alle situasjoner i levende live."




0 kommentarer: