RSS

Eg

fant dette hos mammadamen og innsåg brått at eg måtte herme.

Eg treng mykje tid aleine. Tankar..

Eg trivst best om våren og hausten. Kulde og varme er oppskrytt. Lunkent er fint.

Eg kan vandre timevis inne i biblioteket. Drøyme...

Eg elskar å bla i bøkene mine. Bokstavar. Ord. Leike, leike.

Eg har det godt saman med familia mi. Kyss!

Eg gler meg til eit måltid, ein kaffi, ei bok, eit besøk. Små opplevingar som gjer dagen fullkommen.

Eg drøymer om å studere litteratur. Sukk...

Eg likar ikkje å liggje i telt. Huff!

Eg treng timar på å kome meg dersom ein edderkopp kryssar min veg. Kvifor ønskjer dei å øydeleggje livet mitt?

Eg lengtar mot noko eg ikkje kan setje ord på.

Eg ønskjer det beste for dei rundt meg. Kva ellers?

Eg er flink til å imitere. Stemmer. Folk.

Eg er livredd for å miste. Alt og alle.

Eg likar ikkje sydenland. Æsj, varme!

Eg skulle ønske eg kunne danse. Natta lang.

Eg har blitt morgongretten med åra. Dessverre.

Eg er litt for flink til å hugse bursdagar. Hei du som eg ikkje har sett på 20 år. Gratulerer med dagen.

Eg feikar småprat fordi eg er ikkje kapabel til å respondere på det. Ja, nei, eeh...

Eg er lykkeleg når eg slepp å pynte meg. Både innvendig og utanpå.

Eg har vanskelig for å seie ting kort. (!)

Eg ler av teite ting.

Eg ler ikkje av opplagte ting.

Eg er på plass nr. 7 for å låne Min kamp 3. Vente, vente..

Eg likar ikkje kremkake. Kvar er sjokoladen?

Eg ville ha vore bibliotekar dersom eg ikkje hadde vore lærar. Boka finn du i avdelinga ved kaffimaskina. Eg skal vise deg.

Eg har for mange tankar på same tid. Flapp, flapp.

Eg har ikkje fortalt mannen min at vi skal kjøpe hytte ved sjøen om nokre år. Overrasking!

Eg skal reise til Paris og leike bohem når eg blir gammal. Bonjour!

Eg skulle ønske eg hadde ei søster. Kan du flette håret mitt? God natt.

Eg mislikar at folk omtalar seg sjølv i 3. person. Eg, eg gjorde!

Eg er redd for det låste rommet i huset vi leiger. Bor det nokon der?

Eg brukar for mykje tid på internett. Ifølgje mannen min. Eg synest det er akkurat passe.

Eg skulle ønske forkle var eit klesplagg.
Skal du bake?

Eg saknar bestemor. Ta deg eit kamferdrops i skapet.

Eg kan ikkje fordra at kj-lyden blir uttala utan kraft. Kjell, shell.

Eg begynner å få dårleg tid. Kva er det eg skal rekke?


Bilete stjelt frå verdsveven

2 kommentarer:

Mammadamen sa...

Oi, nå fikk jeg lyst til å svare enda en gang! Takk. Og så er det så fint å lese det hele på nynorsk;) God helg!

Leseløva sa...

Ja, nynorsk er slikt eit lyrisk språk. God helg til deg også! Ps. Eg herma med ein annan ting også: Såg du var med i bokbloggturne (korleis får ein til strek over e-en?), og måtte sjølvsagt henge med på der også. Så takk for tipset (sjølv om det ikkje var bevisst) :)