RSS

Ekstremt fantastisk og utruleg opplysande!

Eg har lese ei aldeles fortryllande bok.

No har vi endeleg greidd å få til ein lesesirkel, og denne månaden har vi lese Ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer. Og eg gjentek: Ei aldeles fortryllande bok.

"Visste du at på de siste 3500 årene har det bare vært 230 år med fred i den siviliserte verden?"

Romanen tek for seg niårige Oscar Schell, ein meget opplyst og smart ung mann. Mann, ikkje gut, som han seier sjølv. Oscar bur saman med mor og far, og er så heldig å ha bestemor si i leilegheita tvers over gata. I Oscar sin telefonsvarar er det fem telefonbeskjedar. Alle er frå faren hans morgonen 11. september 2001. Ein dag finn Oscar ein nøkkel i ein konvolutt merka Black, og leitinga etter den passande låsen startar. Kva eller kven er Black, og kvifor er svart skrive med raud penn? Han reiser rundt i New York og snakkar med alle som har Black til etternamn. Ein av Blackane, ein 103 år gammal krigsreportar, blir med på ferda. Han har ikkje vore ute av leiligheita si på 24 år, og har berre godt av det.

Boka er fortalt gjennom Oscar sin niårige synsvinkel, og difor stappfull av underfundige tankar og fantasifulle idear av denne sjarmøren. Men; Vi får i tillegg høyre bestemor og bestefar sine historier. Denne boka er full av tekst. Alle skriv tekstar. Oscar skriv mest lister og brev til Stephen Hawking, Ringo Starr og diverse andre personlegdommar, i håp om å få bli protesjeen deira. Han er svært kunnskapsrik og interessert i det meste. Bestemor skriv brev til Oscar, der ho fortel alt. Og da meinar eg alt. Bestefar skriv brev til Oscar sin far. Mr. Brown lagar sitt eige, biografiske arkiv.

"Hvorfor er jeg sønnen din da?" "Fordi Mamma og jeg elsket, og en av sædcellene mine befruktet eggene hennes." "Unnskyld, men jeg tror jeg må vomere." "Ikke oppfør deg som om du var på din egen alder."

Ekstremt høyt & utrolig nært er ei nydeleg bok om døden, sakn, familie, einsemd og kjærleik. Ei herleg barnebok for vaksne. Safran Foer har skrive ei fantastisk bok, og leikar seg med orda på ein måte som gjer historia meir levande. Eg begynte på boka i går, og greidde ikkje å leggje ho frå meg.

"Hvem har du skrevet til?", spurte hun, og det var ennå ikke for sent. "Kofi Annan, Siegfred Roy, Jacques Chirac, E.O. Wilson, Weird Al Yankovic, Bill Gates, Vladimir Putin og noen andre folk."

Typografien er framifrå og set prikken over i-en. Bileta og tekstane fungerar som morosame og rørande metabilete- og tekstar, og er med på å nøste opp og tilføye. Både sanseleg og skriftleg. Eg likar faktaopplysningar. Og ordleikar. Og oppfinningar som kan gjere verda til ein betre stad. Kvifor har ikkje fleire vaksenbøker bilete? Er det for barnsleg, liksom?

5 kommentarer:

Beatelill sa...

Jeg har sett boka flere ganger og latt meg fenge av bokomslaget. Men har ikke tenkt at det egentlig var ei bok for meg. Nå skjønner jeg jo at det er det absolutt :) Det var en flott anmeldelse du har skrevet.

Knirk sa...

Takk for tips og god omtale. Noterer boka.

annkolaas sa...

Tusen takk! Kjekt å høyre! Eg plar eigentleg å unngå bøker om døden, for eg orkar ikkje å grine meg i hel, men boka var heilt annleis. Eg fekk litt sånn "Hjemme alene" møter "Sofies verden"-kjensle. Les! Les!

Anonym sa...

Jeg er så glad for at denne falt i smak i boksirkelen:)
Og du skriver kjempefin blogg. Jeg skjønner ikke hvorfor jeg ikke har sett den tidligere.

Gleder meg allerede til neste bokfest!

Sunniva

annkolaas sa...

Tusen takk! Jeg gleder meg også:)