RSS

So long Marianne. Ei kjærleikshistorie.


Marianne og Leonard utanfor Athen. Bilete teke frå verdsveven.

Då har eg lese ferdig boka og er klar for månadens lesesirkel i morgon. So long Marianne er skrive av Kari Hesthamar og boka er på vel 225 sider, inkludert ymse bilete, brev og anna kjeldemateriale. Og for ei bok! For ei oppleving å høyre om livet til Marianne, som ikkje berre har vore gift med forfattaren Axel Jensen (de veit, han som har skrive Epp blant anna), men ho kan også skilte med å ha vore sambuaren til sjølvaste Leonard (treng ikkje nærmare introduksjon) Cohen.

Eg føler det begynner å bli ein slager hos meg no, men nei, eg har ikkje noko vidare forhold til nokre av desse, kjendisar eller ei. Ja, eg visste kven Axel Jensen var og at Litteraturklubben Epp er oppkalla etter romanen hans. Og ja, eg har sunge av full hals til fleire av Cohen sine songar. Men eg visste ikkje at begge desse hadde ein fellesnemnar i ei norsk kvinne som dei, etter tur, var sambuar med. Det var kollegaen min, fullstendig galen etter Cohen, som ville vi skulle lese denne boka. Greit nok det. Eg er open for alt. Spesielt biografiske romanar. Både lærerikt og underhaldande. Kan det bli betre?

Boka handlar om Marianne Ihlen og Axel Jensen, som reiser til den greske øya Hydra og bur saman. Han skriv medan ho er husmor. Meir eller mindre. Axel Jensen er ikkje ein enkel person å leve med. Han kjem stadig med nye kvinner, og forlet til slutt Marianne og deira nyfødte son. Like etter treff Marianne Leonard Cohen i den lokale kolonialen. Han spør om ho vil setje seg hos han og venane på terrassen. Ho har framleis kjærleikssorg etter Axel, men takkar ja. Kjærleiken til Leonard veks sakte fram, og Marianne får oppleve ein tryggleik Axel ikkje kunne gi ho. Vi får ta del i Leonard sin veg frå forfattar til artist, Marianne sitt raustaluse tilvere og ikkje minst det myldrande kunstnarlivet på Hydra.

Eg synest Hesthamar har ei roleg og skildrande forteljarstemme, og ho utleverar Marianne si historie på ein personleg måte. Det er veldig spesielt å få ta del i kvardagslivet til to så kjende personar, og ikkje minst å få høyre det frå ei kvinne som kjende dei i eit nært forhold. Det er også eit stort privilegium å få sjå bileta, lese breva og dei upubliserte dikta.

Det var svært vanskeleg å leggje frå seg boka. Eg blei heilt oppslukt av historiene, og det at alt faktisk har skjedd krydra ei allereie spanande forteljing. Anbefalast!

2 kommentarer:

Julie sa...

Tror jeg må lese denne en dag. :)

KATE ♥ sa...

JA!!!
Den var flott, gildt at du også likte den!