RSS

Bokhylla mi

Kasiopeiia oppmodar lesarane til å vise bokhyllene sine, så her kjem ei av mine. Eg har fleire rundt om i huset; ein Billy på kontoret (han er metta med fagbøker, tidsskrift og slikt), ungane har kvar sin Expedit med barnebøker, og så har eg sjølvsagt fylt opp arbeidsplassen min med obligatorisk lektyre. Men det er Billyane på stua eg reknar som sjølve bokhylla. Der eg danderer og flyttar rundt på alt etter humøret. Hovudmøbelet. Desse hyllene var det første som blei plassert i stua, og alt anna blei møblert til å passe dei. Eg har ikkje vore så flink til å kategorisere bøkene enno, alt til si tid, men eg synest det er veldig fint når bøker er plassert saman fargemessig. Eg må berre få litt fleire fargerike bøker først, så skal det bli bra, tenkjer eg.



Det trente auge legg kanskje merke til linsepus her? No lyg eg litt, for eg plasserte han eigentleg i stolen med tanke på å fortelje at eg og han ofte kjeklar om godstolen. Det høvde så godt, men pus var ikkje i humør og forsøkte å hoppe rett ut av biletet. Til vanleg slost vi om stolen, og endar oftast med eit kompromiss der pus får liggje i fanget mitt medan eg les. Når eg blar om sida, tek pus det som ei utfordring til leik og går til åtak på både hand og bok. Eg har ein del sår, men elles er det rett koseleg.

Spesielt interesserte kan også sjå Julie si bokhylle her. Nysgjerrig som eg er, vil eg gjerne drage oppmodinga enda lenger og be om å få sjå lesekroken til folk. Her har dykk min (her skulle eg skrive at eg må sete når pus jagar meg ut av godstolen, men trur de ikkje at han spankulerte freidig rett oppi sofaen når eg skulle ta biletet.)



Kom igjen, folkens! Få sjå!

5 kommentarer:

Julie sa...

Åh. Du hadde både kjempefin hylle og lesekrok. Jeg drømmer selv om bedre plass enn det jeg disponerer nå... :P

Lena sa...

Tusen takk! Vi har akkurat bygget hus, så det er nøye planlagt;)

Heidi sa...

Så pent og ryddig det var der! Min bokhyllerad er fullstappet med alt mulig, for vi har bare plass til hyller akkurat der vi har dem.

ellikken sa...

Så gøy med bilder! Takk for titten :)

Ser vi har samme praktutgave (...) av Bibelen. Hva ER det med kornåkere egentlig??? Hutte.

- Og jaggu så jeg Jasper Jones også!

Lena sa...

Takk takk:) Håpe jeg får se litt bilder også. Jeg fikk Bibelen i 4. klasse hehe:)