RSS

Han tok hintet!

Eg har fått meg Kindle. Hurra! No ber det heimover for å trykke, utforske, laste ned, lese. Men først litt selskapeleg samver med obligatorisk kake.

Eg har no runda 30 og tek det med overraskande ro. Eg er visst vaksen.



Vanlegvis er eg ikkje så galen etter duppedittar, men denne greidde eg ikkje å motstå. Kor eg gler meg til å spankulere rundt med denne fine, raude veska. Ta fram på bussen, toget, eit og anna ledig sekund eg har til lesing. No ser eg at eg tydelegvis må ut og reise meir. Kor tid tok eg buss og tog sist, liksom?

Bileta er tatt frå amazon.com

5 kommentarer:

labben sa...

Gratulerer med ny Kindle =)

Den nye modellen virker enda bedre enn den gamle, du kommer nok til å bli storfornøyd!

Stein sa...

Velkommen til Kindle-klubben!
FAntastisk redskap!

Lena sa...

Takk takk! Eg har ikkje fått snust så mykje enda, men det ser høgst lovande ut:)

Oda sa...

Grattis! Er veldig fint det røde coveret altså. Kos deg!

mbfjord sa...

Gratulerer! :) Er overhodet ikke misunnelig, nei da...