RSS

Glassklokken

Sylvia Plath: Glassklokken, 202 sider. Gyldendals små grå

Nittenårige Esther Greenwood kjem til New York saman med elleve andre jenter. Dei har alle vunne ein månads opphald i New York etter å ha skrive ymse tekstar til eit moteblad. Tilsynelatande har Esther alt ei ungjente ønsker seg, men det er likevel ikkje nok. Sjølv om Esther er smart, kan ho ingenting om klede, matlaging og sminke. Ho vil berre skrive, og når ho ikkje kjem inn på skrivekurset ho ønskte, byrjar nedturen. Ho føler seg innesperra i ei glasklokke, og lufta blir gradvis dårlegare.

Det virket dumt å vaske seg én dag når jeg bare kom til å måtte vaske meg om igjen neste dag. Bare tanken på det gjorde meg trett.

Esther sluttar å ete, søve og greier heller ikkje å skrive. Ting gir ikkje lenger noko meining for ho og ho får mentalt samanbrot.

Jeg visste jeg ikke kunne sende et slikt brev, så jeg rev det i småbiter og la dem i håndvesken min, ved siden av alt-mulig-etuiet, i tilgelle psykiateren skulle be om å få se dem. Men naturligvis ba ikke doktor Gordon om å få se dem, ettersom jeg ikke hadde nevnt dem, og jeg begynte å føle meg fornøyd med hvor lur jeg var, og at jeg kunne kontrollere det bildet han dannet seg av meg ved å skjule noe og avsløre noe annet, mens han hele tiden trodde han var så skarp

Det seier seg sjølv at Glassklokken ikkje er ei lystig bok, men ho har sine lyspunkt. Eg trudde til dømes at slutten skulle vere annleis. Det er ei tragisk forteljing, men eg kan ikkje la vere å bli fascinert over korleis menneska på brestepunktet tenkjer og ser verda rundt seg. Til dømes forsøker Esther å sjå kor lenge ho kan gå utan å vaske håret sitt (ikkje at dette er heilt utenkjeleg altså). Og kva er vitsen med å ta ei lang utdanning når ein skal døy eingong likevel? Det er mange interessante tankar, klart det, utfordringa ligg heller i å greie la vere å gruble på alt dette. Då kan livet fort bli meiningslaust.

Jeg tenkte at det skjønneste i verden måtte være skygge, skyggens utallige, flakkende former og blindgater. Det var skygge i skrivebordsskuffer og skap og kofferter, og skygge under hus og trær og steiner, og skygge bak folks øyne og smil, og skygge, milevis av skygge, på jordens nattside.


Plath har eit vakkert og skildrande språk, til tider poetisk. Tittelen Glassklokken avspeglar det symbolske og sørgmodige temaet i romanen. Det blir trekt parallellar mellom romanen og Plaths eige liv, og boka kan difor seiast å vere ein semi-biografisk roman. Glassklokken blei utgitt under pseudonymet Victoria Lucas berre månader etter Plath til slutt lukkast med eitt av sine mange sjølvmordsforsøk. Sistnemnde har gjort sitt til at forfattaren har fått ikonisk status i enkelte miljø. Plath skreiv mest lyrikk og har i tillegg gitt ut barnebøker.

3 kommentarer:

venstregærning sa...

Jeg har i grunnen vurdert å lese denne en stund nå, men jeg har liksom aldri kommet så langt. Hva synes du om den norske oversettelsen?

Lena sa...

Jeg føler egentlig at jeg blir feil person å spørre, i og med at jeg leser veldig få bøker på engelsk (dette skal forbedres når jeg får kindlen min - forhåpentligvis). Men jeg oppdaget i alle fall ikke noe jeg la meg merke ved. Prøv du:)

venstregærning sa...

Da får jeg nesten plassere den på listen over bøker som skal leses, og se om jeg ikke plukker den med meg fra biblioteket en dag snart :)