RSS

4/52 Bryllupet



Vi har kome til veke 4 av 52. Novelle nummer fire av 52. Eg innrømmer at det er vanskeleg. Å halde seg frå å lese heile samlinga når eg først har begynt. Det er uvant for meg. Å lukke boka etter endt novelle. Det gir meg same kjensle som når eg lukkar boka etter endt kapittel. Novellene er aleine, men heng likevel i hop. I alle fall for meg. Eg lånte fleire novellesamlingar for å ha dei liggjande. Lenge. Lese ei i veka og kanskje litt til. Men samstundes er utfordringa blitt til nettopp for å lese meir noveller. Fleire. På den måten er det positivt. Eg vil ha meir.

Karine Nyborg har blitt rost opp i skyene med nyaste novellesamlinga si, Ikke rart det kommer kråker. Eg har berre opna boka og lest første novella, men tør å påstå allereie no at eg skjønar kvifor. For eit talent!

"Bryllupet" innleiar samlinga og er på heile tolv sider (eg blei overraska da eg skulle telje, eg trudde det var tre-fire). Det er ein mann som sit på toget. Ein far. Han er på veg til sonen sin, Yngve, som skal gifte seg dagen etter. Det er siste toget, siste moglegheit til å rekke bryllaupet. Han lar tankane vandre og vi får blant anna inntrykk av at sonen var sterkt knytta til mor si, Helga. Det var ho som kom med oppmuntrande ord når Yngve var lei, ho som trøysta då det trongst. Gav han lov til å vere redd. Faren sto på gangen og lytta. Tok rolla som sterk og hardbalen far. Til slutt renn det over for faren og han tek Yngve si kosekanin, trugar med å kaste ho i peisen. Han angrar med det same. Fiskar opp att kanina og gøymar ho i pengeskåpet på kontoret. Der har ho lege i alle åra. Helga døyr og Yngve reiser. Far blir aleine.

Han vaknar av at toget stoppar. Ser ut av vindauget og oppdagar at nokon har stole kofferten hans. Ein polakk. Kofferten med Yngve si kosekanin, fint innepakka i silkeband. Han får panikk og går av toget. Spring etter mannen med kofferten. Attende i kupeen ligg frakken, lommeboka og mobiltelefonen. Han når mannen, men oppdagar at han tok feil. Det er ikkje kofferten hans. Han har teke feil. Toget går frå han og han rekk ikkje bryllaupet. Han får overnatte hos polakken.

Det er ei nydeleg novelle. Nyborg skriv veldig bra og fortel mykje med få ord. Ho skildrar omgjevnadene og personane på ein stemningsfull måte, flettar ord og handling elegant saman. Ho fortel om sakn. Ein angrande og sårbar far som lengtar etter å vere kjærleg mot sonen sin. Ta att det tapte, og gjere opp for alle episodane han overlet til mora. Alle gongane han sto hardbaus på gangen mens mor trøysta, alle kveldane han lista seg inn og betrakta sonen sin mens han søv. Nyborg skildrar faren som bøyer seg over polakken og innser at han framleis kan rekke bryllaupet. Det var berre ein draum. Eller var det det? Eg sit attende, full av tankar, akkurat slik ei god novelle skal etterlate meg.

Eg gler meg til å lese resten av boka.

7 kommentarer:

VildesVerden sa...

Nå fikk jeg lyst til å lese den også!

Stine Marie sa...

Kjenner meg så godt igjen, i det at det er vanskelig å legge fra seg boka etter at man har lest én novelle. Jeg vil også bare lese videre.

Forøvirg en god omtale! Jeg har denne samlingen på listen min, og ser frem til å ta fatt på den med tid og stunder :)

ellikken sa...

Jeg ble helt på gråten! Så fint skrevet, både av deg og (antar jeg) henne.

Åge Aleksandersen sier det så fint i en sang:

"De e så my æ skuill ha sagt te dæ, men æ får mæ lekså itj te å sei de"

Få ord kan romme mye :)

Tar med meg anbefalingen din videre!

Lena sa...

Takk! Jeg ble helt på gråten selv, og gleder meg til flere vakre noveller. Hun skriver disse vanskelige følelsene. Sukk..

Jeg forstår godt at Dagbladets anmelder sier at det kunne vært en bok om novellekunsten. Hun er virkelig talentfull!

linesbibliotek sa...

Veldig fint skrevet! Men: Kan du ikke bare lese hele samlingen på en gang? Det virker jo som selvpining å måtte legge den fra seg når den er så god! Og så kan du glede oss andre med flere fine omtaler:-)

elfarsta sa...

Tredjeklassingene jeg underviser i norsk på Ås vgs sitter i juryen til Ungdommens kritikerpris. "Kråkeboka", som de kaller den, er en av åtte nominerte bøker, og den skal elevene diskutere tirsdag 1. februar. Jeg gleder meg til å høre om 18-åringene er enige med deg.

Fortsatt god lesing.

Lena sa...

Så spennende! Jeg har ikke lest flere noveller i boka enda, men er veldig optimistisk.