RSS

52 noveller på 52 veker

Bai har funne ut at ho skal lese 52 noveller på 52 veker, og oppfordrar andre bokbloggarar til å gjere det same. Det betyr at vi i løpet av 2011 skal lese ei novelle i veka, noko som bør vere overkommeleg. Det kjekke med noveller er at dei er relativt kjappe å lese, og dersom du ikkje rekk å lese ei i veka, kan du alltids pløyge over ei tre-fire i gongen og likevel vere à jour. Sidan eg har jamra over å ha lese få noveller, er det berre rimeleg at eg heng meg på. Eg treng påfyll både av klassikarar og nyare.

Svigermor fortalde meg akkurat om ei morosam novelle ho har lese i Levi Henriksen si novellesamling Bare mjuke pakker under treet, så den tenkjer eg å låne. Ingvild H. Rishøi si LA STÅ! har eg lenge hatt lyst å lese, så den blir nok med. Inne på bloggen til Bai snakkar dei om Karavane, ei samling noveller av kjende forfattarar, det høyrest ganske interessant ut. Elles ser eg for meg Edgar Allan Poe, James Joyce og Kim Småge. Og mange fleire. Det skal ikkje mangle på lektyra, men eg tek gladeleg imot tips.

I likskap med Bai, utfordrar eg deg til å lese 52 noveller på 52 veker. Blir du med?

2 kommentarer:

Sesselja sa...

Jeg er med!
http://friogfreidig.blogspot.com/2011/01/52-noveller-pa-52-uker.html

Bai sa...

Hurra! Og så supert at du også sprer entusiasme over prosjektet.

(Eller noko i den duren..;) )