Kvinner
Lagt inn av
annkolaas
on lørdag 15. januar 2011
Hege Duckert: Mitt grådige hjerte, 221 sider
Denne boka har eg lenge ønskt å lese, men det har seg slik at boka er så lita og fin at søstera til kollegaen min har brukt ho som pynt på salongbordet. Bøker er estestiske, så det støttar eg sjølvsagt, og lova å lese ho raskt. Kollegaen min sa eg skulle bruke tida eg trongde, for begge har lest boka (eg mistenkjer ho for å ha lyst til å pynte sitt eige salongbord med boka). Boka blei i alle fall lesen, så får dei sjølv krangle om kven som skal ha ho attende.
Hege Duckert kjenner vi som mellom anna journalist, korrespondent og kultrurredaktør, og seinare forfattar. Etter å ha lese denne boka, har eg kome enda eit hakk innpå ho. Og slikt likar vi. Eg skriv vi fordi biografiar, portrett og anna info om kvar og ein er alltid interessant. For meg, deg og alle andre. Dei som ikkje likar forfattarportrett, kan døyve nyfikna i musikk-, kunst- og fleirfaldige andre portrett. For resten har vi rosabloggarane.
I Mitt grådige hjerte har Duckert valt å fordjupe seg i fire verdskjende kvinner: Karen Blixen, Simone de Beauvoir, Billie Holiday og Frida Kahlo. No har boka berre 221 sider, så fordjupe var kanskje å ta litt hardt i. Ho seier sjølv at ho har "undersøkt korleis tap av kjærleik kan føre til livskraftig kunst". Kan tapt kjærleik føre til ei lausriving på det kreative planet? Duckert har teke for seg desse kvinnene og sett på deira forhold til fridom, kjærleik og flyktige menn.
Vi får kome tett innpå feministen Simone de Beauvoir, målaren Frida Kahlo, songaren Billie Holiday og forfattaren Karen Blixen. Alle med eit enormt talent, alle med knust hjarte. Duckert har spandert rundt 80 sider på kvar av kvinnene, og vi får høyre om større og mindre hendingar i liva deira. Dei er ikkje berre kvinner som har teke steget ut av den forventa husmorrolla, kvinner som ønska å gå eige vegar. Dei har fleire ting felles, men med ulik bagasje, ulik bakgrunn. Likevel har alle opplevd det same sviket. Menn. Har dette sviket ført til at desse kvinnene har vore med på å skrive om eiga historie, opna opp for uante krefter? Kanskje, kanskje ikkje.
Duckert skriv fint. Ho reflekterar over kvinnene, og kjem stadig med referansar til kjende verk i verdslitteraturen. Ho flettar inn bitar av eiga livshistorie, og blandar det saman i fortid og notid. Mest fortid, sjølvsagt. Eg innrømmer å stusse da ho skreiv om Michael Jackson sin bortgang. Skjedde ikkje det nyleg? Boka er frå 2009, så ho har vel akkurat rokke å få det med.
Ei fornøyeleg, lita bok. Eg likte ho.
3 kommentarer:
Jeg likte den! http://knirk.wordpress.com/2009/12/26/mitt-gradige-hjerte/
For en fantastisk tittel på en bok! Det er sannelig ikke bare omslaget som gjør at den kan pynte et salongbord...
Denne skal jeg lese!! Så skal jeg gi den til datteren min som er oppkalt etter Kahlo.
Legg inn en kommentar