
Åsa Linderbord: Meg eier ingen, 275 sider
Du veit den kjensla du har før du har lese ei mykje omtalt bok? Du ser på bokomslaget og har forventingar, håp. Kanskje har du høyrt eitt og anna om kva ho handlar om, kor bra ho er - men du veit det eigentleg ikkje før du har lese ho sjølv. Av og til er det motsett. Du høyrer fantastiske ting, gler deg vilt til å ta del i det, drøyme deg fullstendig vekk i lesinga. Og så er boka alt anna enn bra. Bokomslaget blir redusert til eit irritasjonsmoment. Eit hån. Ein spottande løgn som lova deg ei draumeverd. Ler til deg frå bokhylla. Om du ikkje har kasta boka da. Du gir som regel ikkje vekk ei sånn bok. Ikkje utan ei åtvaring. Av og til skjer det noko uventa. Du plukkar opp ei ukjend bok. Har aldri høyrt om ho, men tek ho likevel. Det berre kjennest rett. Du les ho og ho er eventyrleg. Kvifor har du ikkje høyrt noko om denne? Veit ikkje folk om ho?
Meg eier ingen har folk høyrt om. Eg hadde høyrt om ho. Ho lyste mot meg på ein loppemarknad. Klart ho skulle bli med heim. Denne hadde eg høge forventingar om. Så gjekk det ein månad. Og ein til. Og enda ein. No er det snart eit år sidan, og endeleg.. Eg visste ho var bra. Bokomslaget er det same. Ingen løgn. Men no har eg ei heilt anna kjensle når eg ser på det. Ein klump i halsen som veks, minner som trengjer seg fram. Det er ikkje mine minner, men likevel. Det er fine minner. Sjølv om det er trist, er det likevel fint. Fordi dei elska kvarandre.
Åsa Linderborg har skrive ei nydeleg bok om pappaen sin. Mor hennar flytta ut da Åsa var fire år gammal. Attende sit ein sønderknust far, og ei dotter som snart venner seg til at det berre er ho og pappa. Ein pappa som er styrt av alkohol, men som likevel forsøker å gi dottera ei god oppseding. Han skuldar pengar til heile slekta, og dei et som regel middag heime hos farfar og farmor. Åsa må ofte vente aleine i mørkret utanfor barnehagen, fordi han set ho av der. Det kjem snart nokon likevel, og han må på arbeid. Han er trass alt Sveriges herdermester. Av og til må ho vere med på nattevakt. Da syklar dei fram og tilbake midt på natta. Han ber ho om ikkje å seie noko til farfar. Det gjer Åsa aldri.
Åsa Linderborg fortel om pappaen sin. Ho fortel om dei kraftige hendene hans, korleis han tøysa for å få ho til å le. Kor glad ho er i han, og han i ho. Det er ei nydeleg historie om ein djup kjærleik mellom ein far og ei dotter. Det har alltid vore dei to. Faren hennar gjer sitt beste, men det er likevel ikkje nok. Alkoholen sitt grep er sterkare, og Åsa begynner etterkvart å kjenne skammen på kroppen. Dei kraftige hendene hans verkar mindre for kvar gong ho ser han, stova heime er ikkje så fin som ho hugsar. Faren skjønar så altfor godt. Det er sårbart å lese.
Eg tenkjer på boka som Åsa si siste kjærleikserklæring til pappaen sin. Og det er nydeleg. Ser du på omslaget kor glad dei er i kvarandre. Kjenner du klumpen i halsen?
Anbefalast varmt!