RSS

Under de dype skyggene av løvtunge trær


Kari F. Brænne: Under de dype skyggene av løvtunge trær, 302 sider

Det er ei lita stund sidan eg blei ferdig med boka, men eg er sensor og sit med rettebunkar oppetter øyrene. Dårleg tid, med andre ord. Men no må eg skrible ned ein omtale før eg gløymer for mykje (noko eg har ein stygg tendens til). Kjensla, sitringa, spenninga har eg derimot ikkje gløymt. Fy flate for ei bok! Denne boka har eg lenge sikla etter å lese, og var aldri så lite misunneleg da eg såg eine bloggaren etter den andre fekk leseeksemplar. Heldigvis har vi bibliotek. Eg trykte lån, og lån blei det. Eg blei ikkje skuffa. Boka var alt bloggarane lova, alt eg trudde og meir. Det er rett og slett 302 sider med spenning. Og ikkje av det fartsfylte slaget. Dei siste 100 sidene var eg så oppslukt at eg nesten ikkje ensa kor eg var (eg er ikkje sikker, men har ein mistanke om at eg oppheldt meg i ei mellomlanding på Gardermoen).

Under de dype skyggene av løvtunge trær er ei dramatisk forteljing om ei bannlyst familie, og opnar med ei skildring frå ein sommardag på familiehytta. Wilhelm blir oppringt av mor si, Evelyn, som har eit sterkt ønske om å få besøk av han på 85-årsdagen sin. Wilhelm bur i USA og har ikkje vore heime i Noreg på over 30 år. Han har heller ikkje tenkt seg heim med det første. Mora seier at det er noko ho aldri har fortalt han. Ho vil ikkje seie det over telefonen, så Wilhelm ser seg nøydd til å reise attende. Parallelt med dette blir vi kjend med skodespelaren Robert og sonen Lukas, som dreg på utflukt til same hytta. Kva er det Wilhelm si mor har holdt skjult i alle desse åra? Og kvifor har Robert nøkkel til deira hytte?

Det er utan tvil ei spennande bok, nesten litt for spennande. Vi får servert løyndommar etter løyndommar rett i fanget, men klimaksen er likevel beheldt til slutten - og for ein slutt. Eg heldt på å gå av skaftet av grøssing, og angra nesten på at eg leste boka, så grusomt uuthaldeleg var det. Likevel er det ikkje krim. Boka handlar om menneskelege relasjonar (som eg jo er blodfan av), familieband, arv og miljø. Eg kunne ha sagt så mykje om boka, alt eg likte med ho, men dette er ei slik historie ein ikkje kan røpe så mykje av. Boka er dramatisk og trist, men ho har også sine lyspunkt.

Anbefalas verkeleg. God bok!

Ps. Når eg først har dykk her, så har eg sett at enkelte har problem med å kommentere. Dette slit også eg med, og skjønar ikkje heilt kva som er gale. Eg greier å kommentere hos nokre bloggarar, men ikkje andre. Snodig. Vel vel, attende til sensureringa..

7 kommentarer:

labben sa...

Det ser ut til at jeg klarer å kommentere her =) Men har hatt problemer med å kommentere på andre blogspot-blogger.

Jeg har hatt lystpå denne boken lenge, alle skriver så begeistrede omtaler. Jeg prøver å holde ut til den kommer i pocket, men det er ikke lett. Du har ihvertfall gjort meg enda mer sikker på at den skal leses!

Askeladden sa...

Jeg har gledet meg til å lese denne anmeldelsen og har vært spent på hva du synest om boka. Boka er foreløpig den beste jeg har lest i år og er blitt ei favorittbok. Jeg blei litt skuffa over slutten selv om det var skummelt.

Elin sa...

Jeg har ikke lest boka før eller hørt om den. Virker spennende lesestoff:)

linesbibliotek sa...

En slik glødende anbefaling kan man da ikke stå imot. Jeg har notert meg bak øret og er klar når den kommer i pocket. Lykke til med sensur!

Lena sa...

Takk takk! Jeg er ferdig, jehu;) Forsøker å finne tid til å lese, men det er ikke å lett - jeg har nemlig oppdaget Shameless:)

Kristin T sa...

Fin anm, den skal jeg lese! Men du som selv veksler mellom bokmål og nynorsk- og som tydeligvis leser mange debutanter: hvorfor har du ikke tatt for deg Bli hvis du kan. Reis hvis du må av Helga Flatland?

Lena sa...

Takk, gjør det;) Nei, med rundt 100bøker på venteliste til enhver tid er det i grunnen tilfeldig hvilken bok som er neste på listen. Jeg har hørt om denne boken, og kommer helt sikkert til å lese den en eller annen gang. Jeg leser like godt nynorsk som bokmål. Takk for tipset i alle fall:)