RSS

22 og 23/52



Her kjem det to til. Og ja da, tida flyg og alt det der, dette har vi vore gjennom før. Så eg går rett på sak. I dag tenkjer eg å ta føre meg to noveller som gjorde sterkt uttrykk på meg i ungdomsåra. No har eg ikkje bøkene novellene er henta frå, så eg veit ikkje kor tid dei er utgjevne eller frå kva samling dei er henta frå. Eg har berre minnet til hjelp.

22/52 Stig Dagerman: "Att døda ett barn"

Dette er ei grusom, grusom novelle. Kort, kraftfull og svært kjensleladd. Ei mor baker. Eit born leikar og ein sjåfør køyrer i nabobyen. Allereie i tittelen anar vi det fatale som kjem til å skje. Vi får også fleire frampeik i teksten. Mora oppdagar at ho manglar sukker, og sender bornet sitt over vegen for å låne sukker av naboen. Samstundes er sjåføren på veg til denne byen. Miljøet er skildra på ein avslappa og lykkeleg måte, noko som får motsett verknad på lesaren - som grur seg til det uunngåelege. Bornet over vegen, bilen nærmar seg, mor ventar. Handlingsforløpet er separat heilt til det dramatiske gjer at alle samlast om ein felles lagnad.

Ei forferdeleg novelle med eit sterkt tema. Kor fort idyllen kan snu, kor tilfeldig alt kan vere. Vi får oppleve det frå alle sider; mora som mister sonen sin, sonen som mister livet og sjåføren som blir den uheldige skuldige. Dette er skikkeleg opprivande lesing.

23/52 Kerstin Anine Johnsen: "Heim, kjære heim"

Denne måtte eg ringe ein kollega for å finne namn på tittel og forfattar, for eg hugsar ikkje anna enn handlinga - og google var ikkje store hjelpa. Dette handlar om ei tenåringsjente som er på veg heimatt ein kveld. Novella teller jamnleg ned til overgrepet: "Om 28 minutt vert jenta valdteken", noko som innlemmar lesaren i kva som vil skje med jenta. Vi sit med hjartet i halsen, og håpar at jenta skal få skyss heim. Jenta ser seg stadig attende, føler at nokon er bak ho. Novella teller stadig ned: "Om 19 minutt vert jenta valdteken". Til slutt kjem ho seg trygt heim til faren, opnar ytterdøra og vi får eit siste frampeik: "Om 1 minutt vert jenta valdteken". Dette er også ei fæl novelle, og tittelen seier sitt.

Eg er veldig fan av noveller med frampeik i ein eller annan slags form. Desse er inkje unntak!

4 kommentarer:

ellikken sa...

Nå fikk jeg 2 x grøsninger langt inn i hjerterota.

Stine Marie sa...

Sier meg enig med ellikken! Jeg må søke opp disse to forfatterne.

Bai sa...

Att döda ett barn er noko av det sterkaste eg har lese nokon gong. Den andre novella har eg ikkje lese. Ennå.

linesbibliotek sa...

Nå fikk jeg frysninger, spesielt av nummer to. Ut fra det du sier, er begge novellene glimrende eksempler på det fortettede inntrykket noveller kan gjøre på leseren, som romaner aldri kan klare.

Hvis du liker slike frampek i noveller, anbefaler jeg deg å lese "The Marine Excursion of the Knights of Pythias" av den kanadiske forfatteren Stephen Leacock. Men der er twisten en litt annen;-)