RSS

ROSAPROSA


Ida Roggen og Tonje Tornes (red.): ROSAPROSA, 160 sider

Har du hørt historien om den kåte jenta?

Alle i kor: Ja. Ja, vi har høyrt om ho og (eg i alle fall) tenkjer umiddelbart på Alma i Få meg på, for faen! Men det er ikkje berre Alma som figurerar i denne boka, men ho er her ho og. Saman med 15 andre kåte jenter. Og det er særs moro lesing. 16 relativt kjende jenter fortel om orgasme og kåtskap. Feministen Martine Aurdal fortel blant anna om primitiv porno og da vibratorane tok over tupperware-partya. Tonje Tornes har seksuelle fantasiar om ein raud demon, Ingvild Sandnes venter framleis på den rette medan Åse Brandvold og Maria Børja har ein samtale om pulevenner. Med meir.

The undercover girls gjorde opprør mot myten om at enter alltid ønsker seg tosomhet og monogami. Vi hadde rett til å ligge med hvem vi ville. Og vi gorde det fordi vi hadde lyst.

Eg nikkar samtykkande over mykje, raudnar vilt over resten. Men vi har høyrt alle historiene om guten og pornobladet, no er det på tide at jentene kjem til orde. Det er flautt. Det er dristig. Det er bra.

Anbefalast.

1 kommentarer:

Kasiopeiia sa...

Ja, denne høres morsomt ut!