RSS

Klassikarar og krykkjer

Det har vore lite blogging i det siste, og novelleutfordringa er så neglisjert at det begynner å bli pinleg. Eg har tenkt at eg skulle ta eit krafttak i heile sommar, men det stoppa med tanken. Men eg har tenkt å halde ut, og skal ha på plass 52 noveller før dei 52 vekene har gått. I morgon begynner arbeidet igjen, og eg synest nesten det har vore så lenge ferie at eg ikkje hugsar korleis det er å arbeide. Jobb, kva er det?

Det skal skje mykje spennande dette skuleåret. Eg skal vere kontaktlærar for første gong, eg skal ha klassar eg aldri har hatt før og vi skal starte ei heilt ny linje. Eg ser fram til eit kjekt skuleår. Einaste minuset er at eg må starte det nye skuleåret med krykkjer. Eg blei nemleg påkøyrd i syden! Ikkje av ein bil, men av ein slags diger 6-mannssykkel der eg sto og passa mine eigne saker på gangvegen. Der fekk eg igjen for å ha lege og lata meg på solsenga dag etter dag. Eg som var så klar for fjellturar og spinning når eg kom heim. Så no har eg sete i rullestol sidan torsdag, og fått spesialtransport ombord i flyet (gjett om borna mine elska det!), vore på spansk sjukehus og har bytta ut pastillar med smertestillande. Men men. Eg er glad det ikkje gjekk verre. I går bytta eg ut rullestolen med krykkjer, og kjenner meg straks meir mobil.





Men over til det innlegget eigentleg skulle handle om. Klassikarar. Eg har i alle fall fått gjort noko "nyttig". Eg kan krysse to klassikarar av lista mi. Harper Lees Drep ikke en sangfugl og F. Scott Fitzgeralds Den store Gatsby. Eg valde desse fordi dei er kjende, mykje omdiskuterte og dei ser alltid ut til å vere pensum ved amerikanske skular (tv-seriar). Da må dei lesast. Eg ser ikkje noko poeng i å skrive omtale, sjølv visste eg nøyaktig kva dei handla om før eg hadde lest dei. No veit eg litt meir, og blei sjølvsagt ikkje skuffa. Gode bøker som fortener merksemd og lesarar. Anbefalast!



Eg kan også krysse enda ein nobelprisvinnar av lista; Herta Müllers Pustegynge frå 2009. Boka tek for seg Leopold Auberg, som 17 år gammal blir send til arbeidsleir i Sovjet. Her blir han i fem år, og det er desse forferdelege åra vi får høyre om. Noko som er med på å gi boka litterær tyngde, er at historia til Leopold er basert på opplevingane til ein tidlegare fange, Oskar Pastior. Han skulle eigentleg skrive boka saman med Müller, men døydde plutseleg i 2006.

Eg skjønar kvifor Müller har fått Nobels litteraturpris. Ho skriv nydeleg og poetisk. Eg trur ikkje eg har opplevd å lese liknande før. Ho brukar ord og bilete for alt det er verdt, men greier likevel å drage det enda lenger. Ord er ikkje lenger ord. Bilete er så mykje meir enn eit bilete. Det er fortetta og avslørande, skapande og ærleg. Ho skildrar fryktelege og brutale hendingar, og lar lesaren komme så nær som mogleg. Det er kjenslemessig og levande. Det er kunst. Kapitteloverskriftene er ei fryd aleine. Eg kunne ha skrive utdrag i fleng, men no ligg boka ute på stova og det blir for mykje styr for meg å humpe meg inn dit, så eg lar det vere. Det tok litt tid å lese boka, for eg måtte suge til meg alle inntrykka, orda, bileta. Eg ville lese orda om og om att, ete dei opp. Stele dei.

Anbefalast sterkt.

4 kommentarer:

Synne sa...

Trist å høre at du går på krykker! Betyr det at du brakk noe?
Uansett, god bedring!

linesbibliotek sa...

Jeg er også fast bestemt på å fullføre novelleutfordringen selv om jeg ligger langt på etterskudd. Jeg er nå i gang med å lese og planlegger opptil flere skippertak i løpet av høsten.

Skummelt med påkjørsel, godt at det gikk bra! God bedring:-)

Lena sa...

Takk! Nei, røntgenbildene viste heldigvis ingen brudd, men det er sannsynligvis indre blødninger i muskelvev (eller noe sånt) - og det er forferdelig vondt. Det kan ta dagevis før det blir helt bra, men jeg blir litt bedre for hver dag:)

Ingaplinga sa...

God bedring <3
og lykke til med skolestart, kontaktlærerjobb og nye eleva!
kontaktlærer er stas å være!