RSS

Fantomsmerter 24-38/52




No ligg eg så langt bak i novelleutfordringa at eg tel med alle femten novellene i boka. Eg føler meg litt som ein fjuskar, men det er jo femten separate noveller så det er jo "lovleg". Poenget var uansett ikkje å skrive om 52 forskjellige noveller, og ein treng heller ikkje å skrive om alle - og det har eg heller ikkje gjort. (De høyrer at eg har eit forklaringsbehov overfor meg sjølv.)

Eg har lest mange fleire enn 52 allereie, og oppdaga nydelege, romslege, banebrytande historier. Og dei har eg skrive om. Eg har også lese middelmådige, lettgløymde forteljingar som eg ikkje føler for å utlevere noko vidare. Denne gongen har eg lest Bjarte Breiteig si novellesamling Fantomsmerter, debutboka hans frå 1998. Han er ein av mine absolutte favorittnovellistar, noko som blant anna fører til at eg prakkar novellene hans på stadig fleire elevar (eg er hellig overbevist om at dei vil takke meg seinare).


Bjarte Breiteig: Fantomsmerter, 183 sider

Fantomsmerter inneheld som sagt femten noveller. Det gjennomgåande temaet er tap og smerte, noko tittelen tilseier. Eg elskar forresten tittelen! Så kraftfull og ladd. Breiteig har eit framifrå godt språk, og ei unik evne til å skildre menneska sine innestengde kjensler. Eg kan føle smerta deira i dei usagte orda, distansen i dei skuldbundne handlingane. Eg synest ikkje alle novellene er like gode, men dei går til gjengjeld under huda på meg og lar meg sitje att med ei kjensle av noko uavklart.

"Ung gutt i snø" kjende eg til frå før. Veldig godt. Ho står nemleg i læreboka til vg1-elevane mine, så eg har gjort sport i å analysere ho saman med dei nye elevane. Vi funderar mykje på kven dei er og kva dei har gjort. Eg styrer dei inn på det eg har tolka det som, og så idèmyldrar vi om kva vi trur kan skje vidare. Jammen blei eg forbausa når mannen med sixpence dukkar opp i fleire av novellene. No har eg fått eit meir heilskapleg inntrykk av både han og den unge guten. Novella kan framleis godt lesast aleine, men det er likevel interessant å finne ut kvifor guten ligg i snøven, og at mannen i sixpence mista guten sin (noko vi har vore inn på kvar gong. No veit vi!).

"Noe godt fra bakeriet" er ein ny favoritt, takka vere Stine. Ein vaksen mann vitjar mor si, som verkar meir stakkarsleg enn sist han såg ho. Huset hennar er rotete, duken er skitten og mora surrar med husken sin. Han synes synd i ho og foreslår at dei spelar kinasjakk. Han må stadig minne ho på at det er hennar tur, og synes det er pinleg kor dårleg ho er til å spele. Medan dei speler, kjem mora med spørsmål om arbeidet. Han lyg til ho - og der kjem vendepunktet. Ho gjennomskuar han (trur eg), skiftar taktikk og gjer eit elegant kjempehopp med kulene. No er det ho som har overtaket og må minne han på at det er hans tur. Ei fantastisk novelle om sårbarheit.

Eg likar at personane i novellene kjem attende i fleire av dei andre novellene. Det skaper spenning og gir framdrift til forteljingane. Ein kan lese dei frittståande, men eg synest dei kjem best fram i lys av dei andre. Unntaket er dei to ovanfor, som kanskje gjer seg best aleine.

Anbefalast!

3 kommentarer:

Stine Marie sa...

Gøy å høre hva andre tenker om det man selv leser, og det høres ut som vi har en positiv leseropplevelse begge to. Du kanskje hakket mer enn meg, men jeg skjønner godt at Breiteig er en favoritt.

Og så koselig å bli nevnt :)

torbjørn hauken sa...

I samlingene 'Surrogater' og 'Folk har begynt å banke på', er det også mange god noveller av BB - om du ikke har lest disse.

Lena sa...

Jeg har lest noen få, som (selvsagt) er favoritter, men jeg gleder meg til å lese resten.