RSS

39/52 "Matt 18,20"



Eg kjenner at det er på høg tid med fleire noveller. Eg har lest fleire, men ikkje tatt meg tid til å skrive om dei. Difor har eg ikkje kome lenger enn til veke 39 i novelleutfordringa. Tor Åge Bringsværd si kjende "Matt 18,20" kan ein vel strengt tatt ikkje unngå å ta med. Novella er nærmast obligatorisk ved skulen, og eg har sjølv nettopp fått inn ein bunke analysar av ho. Det kjekke med denne (bortsett frå at ho er knakande god) er at tema og bodskap er veldig lett å forstå. Om ein ikkje får med seg at det handlar om dobbeltmoral, så har ein i alle høve skjønt det viktigaste.

Det er ein varm dag. Presten held preike og temaet for dagen er Matt 18,20: "For hvor to eller tre er samlet i mitt navn, der er jeg midt i blant dem." Med eitt går kyrkjedøra opp og ein svart mann blir synleg. Menneska i kyrkjelyden vil ha han ut derifrå, seier at det er ei kyrkje for kvite, men mannen rører seg ikkje. Dei blir meir pågåande, ropar stygge ord, spyttar og slår. Mannen er like taus og rikkar seg ikkje. Til slutt kjem politiet og tek mannen med. Same kveld blir han dømt for gudsbespotting og dømt til døden av ein einstemmig jury. Når bøddelen forteller kona si at mannen hadde djupe neglhol i handflatene, skjønar lesaren at det var Jesus.

Dette er ei svært bra novelle. Enkel, men djup. Relativt kort handlingsgang og proppfull av symbolikk og verkemiddel. Eg vil påstå at dei fleste tek parallellane til bibelhistoria, og seier ikkje meir om det. Om du ikkje har lest denne novella før, har du ei god forteljing i vente.

Anbefalast.

1 kommentarer:

Bai sa...

Denne er veldig sterk, og sjølv om ho er mykje brukt, er ho framleis like fin. Eg las denne saman med 1ST i vår, og dei syntest ho var veldig sterk.