RSS

Skilpaddemåne


Alice Hoffman: Skilpaddemåne, 214 sider

Eg held fram med Hoffman-manien, eg. Det har gått litt trått med vekas bok, men det skuldast mykje rettearbeid. Boka er god. Sjølvsagt. No blir det ei lita Hoffman-pause medan eg les andre ting, til dømes boka eg vann hos Bokelskerinnen. Eg fekk velje bok sjølv, og har snart Sondre Midthun sin debutroman i hende. Jippi!

Attende til Hoffman. Boka inneheld både skjelpadde og måne, mystikk og styggedom. Vi skal til Verity, Florida og oppleve heite scener, og da snakkar eg ikkje nødvendigvis om temperaturen i lufta. Sjølv om også den ligg ganske høgt på gradestokken. Spesielt i mai, da dagane er uuthaldeleg fuktige og varmen dirrar i lufta. Innbyggjarane i Verity veit at mai er ein månad da uventa ting skjer, nyutklekka skjelpadder forvekslar lyktestolpane med månen og kjem myldrande over vegen, og skikkelege menneske mistar alle hemningar.

Dei nyinnflytta, einslege aleinemødrene har flytta til Florida for å starte på nytt, og er inkjeanande om at desse maidagane kan heimsøke ein. Bethany har skifta identitet for at ho og dottera skal komme seg unna ein hemnlysten eksmann medan Lucy forsøker å etablere seg som journalist, og er mor til byens slemmaste gut. Ei kvinne blir drepen og politimannen Julian blir vikla inn i mysteriet. Julian er så stygg at mor hans gav han vekk rett etter fødselen, men kan likevel gjere kvinnene i byen ubereknelege av begjær.

Dette er rett og slett typisk Hoffman. Ho skildrar så levande at det konkrete og abstrakte glir over i kvarandre. Det er rom for mystikk, og det uforståelege står med eitt så klart. Eg gløymer at det er ei bok, skal til å spole tilbake til ei hending eg berre sjå ein gong til, før realiteten innhentar meg. Eg vil stadig ha meir.

Anbefalast.

0 kommentarer: