RSS

Oda!


Ketil Bjørnstad: Oda!, 353 sider

Denne har stått i hylla mi og venta lenge, lenge. Neste veke skal eg introdusere påbyggingsklassa mi for naturalismen, og da tenkte eg det var på tide å lese Oda!. Ein ting er sikkert, no har eg fått blod på tann. Om eg ikkje visste mykje om Kristianiabohemen frå før, så veit eg det i alle fall no. Og gler meg til å fortelje om dei til elevane.

Oda! er ein dokumentarroman, og vi får høyre om henne gjennom brev, dagbøker, replikkar og observasjonar. Ført saman av Bjørnstad sjølv. Det er vel ingen løyndom at forfattaren romantiserer Oda ein smule? (Her kan ekstra interesserte gugle litt, så får de nok fram eitt og anna.) Boka har ikkje kjeldeliste, men biletet og forordet i boka gir ein godt hint til kva vi får høyre om. Litteraturelskaren i meg er særs begeistra over å innsyn i kjende personar, som Fritz Thaulow, Edvard Munch, Sigbjørn Obstfelder og alle dei andre som figurerte på den tida. Meir, meir!

Boka opnar med ei Oda som ligg på dødsleie i Grønnegate 19, før ho går attende til barndommen hennar. Størst plass tek naturleg nok perioda Oda hadde rolla som bohemprinsesse. Ho giftar seg med Jørgen Engelhardt, separerer seg og begynner å måle. Ho blir eleven til Christian Krohg, forelskar seg i han og får skilsmisse frå Engelhardt. Ho giftar seg med Krohg sjølv om ho ser på Hans Jæger, Krohg sin beste venn, som sin store kjærleik. Krohg truar med å ta livet sitt dersom ho går frå han. Oda blir beundra og elska av fleire menn, noko ho ikkje greier å motstå. Ho går inn og ut av fleire forhold, blant anna med Jappe Nilsen, Sigbjørn Obstfelder og Gunnar Heiberg. Om ikkje fleire. Christian Krohg sit tålmodig heime og ventar. Borna er over alle haugar.

Ei historie har sjølvsagt alltid fleire side, men no var det denne sida eg fekk lese. Det var spennande, lærerikt, og gav absolutt meirsmak. Det finnest ein heil haug av litteratur om ein ønsker fleire side av saka. Hans Jæger har blant anna skildra trekantforholdet mellom seg og ei kvinne (Oda?!) som skulle gifte seg med ein målar i boka Syk Kjærlighed fra 1893. Av nyare litteratur kan Arvid Bryne sin dokumentar Christian Krohg. Journalisten nemnast.

God bok. Anbefalast!

1 kommentarer:

jennukka sa...

Se det var en bok jeg nesten hadde glemt. Leste den for sånn ca 100 år siden. Var kjempeinteressert i Christianiabohemen, og synes dette var kjempegod måte å lære mer om dem. Jeg synes vel også i all hovedsak den var ganske god. Utrolig detaljrik, og veldig godt språk. Det eneste jeg ikke likte med den var at jeg følte den tok litt for store friheter med å beskrive Odas indre tanker og følelser, og jeg selv alltid har hatt vanskelig med bøker som beveger seg for mye i grenseland mellom fakta og fiksjon. Men definitivt svært bra for det, og en bør leses bare for å få et innblikk i en av de store kreative bevegelsene i norsk kulturliv.