RSS

52/52 Bikubesong



Frode Grytten: Bikubesong, 325 sider



Folkens, det er straks jul! Det er rart å tenkje på at det er snart eit år sidan eg heiv meg på Bai si utfordring om å lese 52 noveller på 52 veker. Eg har ikkje haldt meg heilt innafor regelen, eg har lest litt her, litt der. Lite no, mykje da. Året har gått både raskt og seint, jamnt og trutt. Eg har lese mange mange noveller, men ikkje så mange av dei eg hadde tenkt å lese. Lesarglede har eg hatt, likefullt. Også denne gongen tek eg ei heil bok under eitt. Frode Grytten sin flotte roman Bikubesong frå 1999. Vel, roman og roman. Ein kan lese historiene både samanhengande og aleine. Eg har gjort litt av begge. To av novellene har eg skrive om før, men boka inneheld mykje meir enn dei. Eg har hatt ho liggjande lett tilgjengeleg dei siste vekene, og vips, var ho slutt.

Bikubesong er forteljingar om 25 forskjellige menneske som bur i Murboligen, ei boligblokk i Odda. Vi får høyre om prinsessa frå Burundi, som ikkje trur at nokon kan elske ho fordi ho er overvektig, noko elskaren hennar løyser med å ete seg like stor. Ein skuggeboksar som drøymer om å slå i hel far sin, fittetjuven som har seg med fleire av kvinnene i bygda - både gifte og ugifte. Her er gjennomsnittsnordmannen som blir intervjua av tv2 og partisekretæren som dett i sjøen i anledning eit offisielt ærend 1. mai. Arbeidaren som trugar sjefen sin med pistol fordi han har lege med kona hans, familiefaren som blir besett av ei ung jente som jobbar i daglegvarebutikken og fotballhelten som blir konemishandlar. Blant anna.

Frode Grytten skriv om kvardagsmenneske på ein framifrå måte. Språket hans er fargerikt og skildrande. Han tek for seg bygdeoriginalar på ein så morosam måte at kallenamnet i seg sjølv er nok til at eg umiddelbart skjønar kva slags type vi har med å gjere. Tema famnar alt i frå utroskap til kidnapping. Det er nydeleg. Det er absurd. Det er trist og hysterisk. Akkurat slik kvardagsmenneske skal vere. Eg har allereie fleire favorittar eg tenkjer å prakke på elevane mine. Berre så det er sagt; "Fittetjuven" er ikkje ein av dei. Eg var nemleg på eit kurs i haust der ei veldig flink dame anbefalte oss norsklærarane å lese nettopp denne saman med elevane. Eg er nok litt for prippen til å tore å leggje fram noko med ein slik tittel (og innhald, for den del). Men novella er god, altså.

Eg synest skrivestilen til Grytten minner om ein av forfattarane frå mi heimkommune, nemleg Ronnie M.A.G. Larsen (det vil vel seie omvendt, sidan Grytten var først ute). Han har gitt ut ei bok med forteljingar om bygdeoriginalar og anekdotar frå øya Giske, deriblant Mannen med den blå kjeledressen og Fitte-Per (for nokre namn!). I likskap med Bikubesong, har Offa - forteljingar frå ei øy, eit munnleg og uhøgtideleg preg over seg. Forøvrig anbefalar eg begge. Gode bøker!

Når det gjeld novelleutfordringa, har det vore lærerikt og interessant. Eg har stifta kjennskap til nye forfattarar og blitt meir kjend med dei "gamle". Likevel kjem eg nok ikkje til å kaste meg på fleire utfordringar, fordi eg blir rett stressa når eg får press på meg. Ikkje at eg på død og liv hadde forplikta meg til å fullføre, men eg likar jo å halde ord. Og enda viktigare, eg har oppdaga mange, mange gode noveller. Mykje meir enn 52. Å nå 100 bøker før vi rundar 2012 ser derimot ikkje like lovande ut. Men eg har greidd 14 meir enn i fjor og desember har framleis nokre dagar att.

4 kommentarer:

Karin B. Persen sa...

Flott blogg! Jeg sitter og leser mange av omtalene dine og får mange gode tips! Jeg skal tipse elevene mine om denne bloggen når de skal finne bøker til fordypningsoppgaven sin.
Men hvorfor ikke prøve "Fittetjuven" på elevene dine? Frode Grytten har sagt at dette egentlg er en dypt morals novelle - og det er jo interessant å diskutere. Kanskje koble det opp mot forbudt litteratur og alt oppstusset i dag, fifty shadesm.m.

annkolaas sa...

Takk! Så kjekt å høyre. Hehe, nei eg tør nok ikkje det. Eg prøvde meg på eit utdrag av Ravatn si "Folkelesnad", med fokus på pornoblad. Hysterisk morosamt, tenkte eg, men det var fleire som såg rart på meg da ja. Men det er absolutt ein od ide altså.

Karin B. Persen sa...

Da må jeg sjekke ut "Folkelesnad"! :-) Ser også at du anbefaler nettstedet til Are Kalvø, det må jeg også sjekke. Har god erfaring med å bruke "ekspeditrisefobi" som eks. på kåseri og ellers flere tekster i "Kunsten å vere neger" - men helt nye tekster er jo fantsastisk. Ønsker deg ei god helg!

annkolaas sa...

Are Kalvø er kjempemorsom. Vi har 2Ekspeditrisefobi" i læreboka, så den er mye brukt. Men jeg ser at rykende ferske kåseri med dagsaktuelle tema slår ofte bdre an. Anbefaler også å sjekke ut ALT av Ravatn. "Stillstand" er hysterisk. God helg til deg!