Snøbarnet
Lagt inn av
annkolaas
on mandag 2. januar 2012
Eowyn Ivey: Snøbarnet, 375 sider
Siste boka i 2011 følgde meg inn i 2012. Eg har lest Snøbarnet.
Alaska 1920. Det eldre ekteparet Jack og Mabel mister bornet sitt, og opplever ei sorg så stor at dei flyttar frå Amerika til Alaska i håp om å starte på nytt. Der ventar hardt arbeid og lange vintrar, noko som ikkje gjer saknet enklare å døyve. Ein kveld får dei eit spontant innfall og lagar ei jente av snø på marka. Dagen etter er snøjenta borte, og samtidig begynner dei å skimte ei lita jente i skogkanten, med votter og sjal lik snøjenta dei laga. Har snøjenta blitt levande, eller er ho ein hallusinasjon, skapt av lengt og depresjon i vintermørket? Når våren kjem, blir jenta borte, men ho kjem attende kvar vinter. Akkurat som snøjenta i det kjende, russiske eventyret.
Dette er ei nydeleg bok om sakn og lengtnad, og grensene mellom røyndom og fantasi blir liksom viska ut. Det russiske eventyret om snøjenta som blei verkeleg, lager ei magisk ramme rundt denne elles så realistiske forteljinga. Det er hardt å pløyge jord i Alaska på 1920-talet, å skape seg ein heim i ei lita hytte i skogen, milevis frå naboar og allfarveg. Når den lille jenta dukkar opp, får dagane ny meining, og Jack og Mabel greier endeleg å setje ord på sorga dei berer med seg.
Stemninga i boka gjekk under huda på meg. Det begynte dystert og tungt i Alaska, og eg skjønte verkeleg ikkje kva desse menneska hadde å gjere i kalde, einsame nord. Etterkvart som dei stifta vennskap, åkrane gav vekst og dei fekk nærme seg den mystiske snøjenta, skifta eg om og fekk også lyst til å rømme til skogs og jakte min eigen mat. Og eg hatar både kulde og mørke.
Fleire, og meir utfyllande, omtaler av Snøbarnet kan du lese her, her og her.
Forfattaren skriv fint om å nærme seg, både det vanskelege og det enkle. Anbefalast.
5 kommentarer:
En vakker omtale om en vakker bok! Høy gåsehudfaktor her jeg sitter og ønsker å lese boken på nytt... :)
Fint skrevet. Jeg har litt lyst til å lese denne boka etterhvert:) Høres fin ut:)
Jeg leste denne boken i jula, fantastisk var den! Absolutt favoritt :)
Nå fikk jeg lyst til å lese boken på nytt:-) Fin omtale. Fant ingen steder å legge meg til som følger av bloggen din så da legger jeg deg til i blogglisten min i stedet. ha en fin dag
Elin: Du har noe å glede deg til. Beathe: Det skal være langt nede til høyre. Det var bra du kommenterte, så fikk jeg øynene opp for bloggen din:)
Legg inn en kommentar