RSS

Kjøkenbenkrealisme

Olaug Nilssen: Kjøkenbenkrealisme- Ærlege historier om tidsklemma, 181 sider

Har du born? I så fall har du sikker også dårleg samvit over eitt og anna. Kanskje arbeider du fulltid og er for lite saman med borna dine, eller du har valt å vere heime og kjenner presset om at du burde ha arbeidd? Du er ikkje aleine.

 I Kjøkenbenkrealisme har Olaug Nilssen intervjua ei rekke foreldre som alle fortel om korleis dei har valt å kombinere familieliv og jobb. Vi får møte heimeverande, deltids- og fulltidsforeldre og dei som arbeider enda litt meir. Nokon har løyst tidsklemma med å tilsetje au pair og vaskehjelp, medan andre meiner at ein skal ta seg av både born og husvask sjølv. Vi får mellom anna møte journalist og tidsskriftredigerer Cathrine Sandnes - som også er kona til Aslak Sira Myhre, heiltidsarbeidande husmorbloggar Magni Hjertenes Flyum, ekteparet Marte og Andrew Glanville, sistnemnde heimeverande husfar. Felles for alle intervjuobjekta er at dei har funne ei ordning som fungerer for dei. Enn så lenge.

Eg kjøpte boka i går og temaet var så interessant at eg måtte lese heile boka i eit jafs, kun uavbrote av ein fest i hyggeleg lag i går kveld (der eg såg meg nøydd til å reklamere for boka). Olaug Nilssen er som vanleg sitt fantastiske seg, med sine kvikke kommentarar og artige observasjonar. Med tre små born i hus, er også ho under tidsklemma og vi får innblikk i korleis dei prioriterer. Ho innsåg at ho måtte velje annleis etter at mykje jobbing og reising tok for mykje tid frå familielivet. Særleg etter at det viste seg at den eine sonen hennar har særskilde behov.

Boka tek også opp dette med å ha det perfekte Facebook- eller bloggelivet, og vi får vere vitne til Nilssen og medforfattar Kristine Tofte sin konkurranse i husmoreri, der det er om å gjere å bake flest julekaker. Elles kan det nemnast at det mellom kapitla er krydra med Nilssen og andre sine gamle Facebookstatusar. Eit essay som ofte er nemnd, og som har ført til heftige diskusjonar, er Marta Breen sitt "Den nye husmorskolen", publisert i det litterære tidsskriftet Prosa i i fjor. Verd å kike på.

God bok. Anbefalast.

2 kommentarer:

Bjørg, mellom linjene. sa...

Denne har eg liggjande på vent. Eg fekk leseeksemplar tidlegare i haust og gleder meg til å lese ho.

Lena sa...

Den er veldig kjekk!