RSS

Sommar i Thereses gate

Ronnie M.A.G Larsen: Sommar i Thereses gate, 167 sider

Henry fekk aldri sagt farvel til faren, men trøysta seg med at han i grunnen aldri hadde sagt hei heller. 

Henry Moan er fødd og oppvaksen i Thereses gate, pianostemmar og relativt anonym. Når sjefen hans døyr av hjarteinfarkt, arvar Henry pianoforretninga og får i oppgåve å spreie oska hans utover byen. Som godt vaksen får Henry sjansen til endeleg å realisere draumen om å flytte til Salzburg. Spørsmålet er berre om han kjem så langt.

For nokre år sidan leste eg Larsen si novellesamling Offa - forteljingar frå ei øy. Det var før bloggen min si tid, så eg har ikkje skrive noko om ho, men hugsar at eg var veldig begeistra. Fleire av novellene er også høvande til bruk i undervisninga. Forteljingane har eit preg av munnleg røvarhistorie, med morosame bygdeoriginalar i høgsetet. No har Larsen kome med sin første roman, og den artige forteljarstemma er like intakt. Forlaget reklamerer med at boka er som "ein liten film frå Bislet, fylt av musikk. Ein liten roman om dei som gjerne lev eit heilt liv utan å bli sett". Det er ei varm og roleg historie, full av trikkar, bygardar og Oslo. I likskap med førre boka, er også denne gjennomstrøyma av musikk. Kanskje ikkje så rart, sidan musikalitet er ein av forfattaren sine mange spesialitetar.

Sommar i Thereses gate gav meg assosiasjonar til både Solstad og Hovland, noko som knapt kan vere eit dårleg teikn, men det det derimot kan bety, er at romanen kanskje ikkje passar for alle. Handlinga blir nok litt for spesiell og flat for til dømes elevane mine, men eg skal ikkje vere bombastisk, kan hende er det  midt i blinken for nokre av dei. Larsen skriv godt, med knappe skildringar og mykje usagt mellom linjene. Denne gongen med eit litt djupare alvor i tonen. Han har sjølv sagt at vi ikkje har høyrt det siste frå han, så eg ventar i spenning på meir. Enn så lenge tar eg til takke med Solstad.

Det var ein mutt Moan som gjekk ut i sola. Henry hadde følt seg ovanpå, klar til å setje i gong med butikken og kome seg vidare. Om ikkje anna for å kome seg inn i tutinar og kvardag. Men det var vel alltid slik med folk at når lysta tek kommandoen, så vert det som regel for mykje i byrjinga. Lett å bli utbrend. Han såg den. 

Ei fornøyeleg bok. Anbefalast.

10 kommentarer:

Forfatterfruen Karen sa...

Så fin omtale! Det var ei bok og en forfatter jeg ikke har hørt om en gang, men både Hovland og Solstad er favoritter her i gården, så dette var et strålende tips til meg - takk for det:)

Lena sa...

Ver så god:)

Elin sa...

Du er flink til å skrive omtaler:)

Elin sa...

Takk for tips forresten, aldri hørt om boka før:)

Lena sa...

Eg blei så blinda av rosen at eg gløymde å takke, Forfatterfrue Karen. Og takk til deg Elin:)

aariho sa...

Dette tror jeg er en bok jeg vil lese. Omtalen av den og novellene frister til å titte mer på denne forfatteren. Ha en fin onsdagskveld.

Lena sa...

Takk det samme:)

Melusine sa...

Du skriver entusiastisk om forfatteren så bøkene hans skal jeg notere meg, takk for tips :)

Lena sa...

Takk og vær så god!

Bjørg, mellom linjene. sa...

Eg har heller ikkje høyrd om forfattaren, men seier som Forfatterfruen Karen, at Hovland og Solstad- assosiasjonar må jo vere bra.