RSS

Eg treng tid til å sakna deg

Charlotte Riise: Eg treng tid til å sakna deg, 72 sider

Orda hennar er ei tatovering:
tynne nåler gjennom huda mi.

Dette var årets siste lesne bok i 2012, moglegvis den vakraste. Det er veslesyster som skriv om storesøster. Før og no. Ein dag forsvinn storesyster, veslesyster sit att med sorga, aleine med minna dei før delte.

Når eg snakkar til ho i søvne, får eg eit minne som ikkje er mitt.
Kroppen er våt,
munnen minka til smaken av salt.

Som om ingenting anna har vore, kroppen ubudd.


Dikta er fragmenterte og lada, ikkje eitt ord er overflødig. Språket er nydeleg og dikta kan lesast for seg, men også som ei gjennomgåande forteljing. Saknet etter storesystera dominerer, men det er også ei lengt etter noko anna, noko meir. Noko som var, men som også kan kome til å bli. Det handlar om kjensler og band mellom menneske, det som former oss. Boka har ein eigen tone, ei nesten dirrande stemning.

Vi snakkar ikkje lenger, og dagen ho forsvann var
første gongen eg såg mamma gråte. Eg tenkjer på
ansiktet hennar, det diffuse uttrykket.

Ein dag skal eg bere det same ansiktet.


Charlotte Riise er fødd i 1987 og kjem frå Ålesund. Ho har tidlegare publisert dikt i to antologiar. Eg treng tid til å sakna deg er første boka hennar. Denne boka gjer meg stolt av å vere sunnmøring.

Anbefalast.

Takk til Gyldendal.

5 kommentarer:

astridterese sa...

Det hørtes ut som en utrolig vakker bok som jeg må lese!
Takk for fint boktips!

Lena sa...

Selv takk!

Forfatterfruen Karen sa...

Den skal jeg virkelig notere meg:)

Lena sa...

Gjør det:)

Melusine sa...

Virker som en fin bok som jeg nå har notert meg - takk for tips :)