RSS

Du skal elske lyset

Margaret Skjelbred: Du skal elske lyset, 342 sider

Før du les vidare skal du vere klar over ein ting: Dette er ei fantastisk bok! Mor til venninna mi, som eg lånte boka av, las visstnok alt ho kom over av Skjelbred sine bøker den gongen ho blei kjend med forfattarskapen hennar. Det skjøner eg godt, og eg har sjølvsagt tenkt å gjere det same. For dette er bra. Sterkt. Nydeleg og trist. 

Åtte år gamle Alva er lykkeleg og bur saman med far, mor og veslesøster da verda ein dag rasar saman. Far dør i ei ulykke og ingenting blir som før. Mor tar med søstrene og flytter heim til foreldra sine, som ho mista kontakten med da ho valde å gifte seg utanfor Menigheten. Her blir Alva møtt av ein heilt ny røyndom, ein kvardag der skam og skuld er integrert i kjenslene. Mørket sigrar over lyset, og ingen hjelper vesle Alva i sorga over å ha mista den livsglade og gode pappaen sin. 

- Men jeg siger eder at hver den som ser paa en kvinde for at begjære henne, har alt drevet hor med henne i sit hjerte, sier Matteus. Bestefar leste skriftstedet fra prekestolen i formiddag. Han løftet blikket fra boken, og et lite lyeblikk stirret han rett inn i skammen min. Jeg har vekket begjær, jeg er en horkvinne.

Denne forteljinga er skremmande og forferdeleg, men evnar også å vise håp. At vi får oppleve det gjennom åtteåringen Alva gjer det så mykje meir forsterka. Ho skildrar den tause, men strenge bestefaren, mora som går meir og meir inn i seg sjølv, og veslesøstera som er for lita til å skjøne. Bestemor er den einaste som gjer eit forsøk på å vise kjærleik og omsorg for Alva, i ein kvardag der frykt og forbud regjerer. Innimellom kapitla er det den eldre Alva som ser attende på livet sitt, og som litt etter litt avslører store løyndommar innanfor Menigheten. 

- Salige er de rene av hjertet, for de skal se Gud. Jeg er ikke ren av hjertet og skal ikke se Gud.

Eg kunne ha skrive så mykje meir, men eg er redd for å røpe, for å leggje til rette for ein ny lesar. Dette må lesast aleine, opplevast på eigne premiss. 

Anbefalast sterkt. God bok.

6 kommentarer:

aariho sa...

Ja, dette var en sterk og gripende bok. Glemmer ikke denne så lett. Fin smakebit.

Lena sa...

Takk! Jeg gleder meg til å lese mer av Skjelbred.

Karen sa...

Jeg er overbevist - takk for fin omtale! :)

Lena sa...

Selv takk! Ja! Les!

Tine sa...

Hei, fin blogg du har!
Leste denne tidligere i år, og elsket den. Har funnet den i pocket og kjøpt den som gave til noen. Anbefaler Andrea D, den er også veldig god.

Lena sa...

Takk for det! Andrea D skal sjekkes opp:).