RSS

Finne ly

Aina Basso: Finne ly, 252 sider


Finne ly handlar om romanijenta Hanna, som rømmer frå tukthuset og får arbeid hos ein enkemann med to søner. Ein dag kjem det eit taterfølgje til garden, og karfolket gjer det klart at dei som er av reisande slekt ikkje er velkomne. Hanna held tett om at ho er av romanislekt, men løyndommen blir stadig vanskelegare å halde. Ho saknar mor si, som ho forlot på tukthuset, men vil samstundes vere hos Johannes, den yngste sonen på garden. Når eldstesonen tar med børsa og vil ta eit oppgjer med fantepakket, blir Hanna nøydd å ta eit val.

Ei skjor varslar ille frå ein tretopp. Eg kjenner eit nærvær frå mørkret mellom stammane. Nokon står der og luer, følger med på alt eg gjer.

Dette er fjerde romanen til Basso, og vi som har lese bøkene hennar veit at vi ikkje berre har ei sterk historie å sjå fram til, men at bøkene fører eit vakkert og lyrisk språk. Finne ly er inkje unntak. Setningane er varsamme, og skildringane er meir krevjande i den forstand at dei krev merksemd frå lesaren. Eg tek meg sjølv i å lese om og om att, dvele på orda. Dei sit lenge i meg og det tek difor lenger tid å lese boka. Du kan ikkje skumme gjennom ei bok frå Basso. Det er ikkje rettferdig, verken mot språket eller tematikken. Det er stillferdig, men treff deg djupt og brutalt. Synsvinkelen vekslar mellom Hanna og dei to sønene, noko som skaper meir driv og gir rom for tolking av forholdet mellom desse tre. Det vakre omslaget vitnar om ei trolsk og særeige stemning. Utdraga frå Eilert Sund gir autensitet og ei fin ramme rundt historia.

Teikna er forgjengelege. Dei visnar og smeltar, rotnar og fyk vekk. Berre nokre blir att. Slike som er lagde i stein, slike som er rissa i bork.

Aina Basso er historikar, og sistesida i romanen viser at ho har latt seg inspirere av fantefortegnelsen av 1862, der nummer 267, Hanna Fredriksdatter har sitt namn i registeret. Basso har spunne vidare og gitt Hanna ei stemme og romanifolket ei historie. Det er sårt å sjå korleis romanifolket blei omtala og behandla som om var dei av "de laveste Samfundsforholde", men det er ikkje til å kome vekk frå at mykje av dei same fordommane framleis står sterkt i dag. Vi har ein lang veg å gå.


God bok. Anbefalast.

Takk til Samlaget for leseeksemplar.

4 kommentarer:

Anita Ness sa...

Å, denne gleder jeg meg til å lese. Godt å se at du likte den.:)

Lena sa...

Du har å sjå fram til, Anita!

aariho sa...

Jeg er så enig med deg i at dette var en lesverdig bok! Aina Basso skriver godt, og velger interessante tema for bøkene sine. Her kommer historikeren fram.

Tine sa...

Nå gleder jeg meg enda mer til å ta fatt på denne, om ikke lenge :)