RSS

Operasjon sjølvdisiplin

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin. For deg som ein gong hadde ei lys framtid, men som no er ein internettavhengig, nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemme., 108 sider

Trudde du at det å utsetje ting er noko vi har tillagt oss i meir moderne tid? Feil. Allereie i år 65 e. Kr dreiv vi på med dette. I Senecas første brev til Lucilius skriv han om dette:

Kan du visa meg eit einaste menneske som set den rette prisen pris på tida? Som verdset kvar dag? [...] Difor, kjære Lucilius - gjer slik som du skriv at du gjer: hald fast på kvar time! Dersom du gjer det veste ut av dagen i dag, vil du ikkje vere så bunden av morgondagen. Livet flyt bort fordi vi set ut å leva! 

To tusen år seinare er vi altså like dårlege til å kaste vekk tida og la oss distrahere av hist og pist. I Operasjon sjølvdisiplin kjem Ravatn med "gode, praktiske råd om korleis me kan manøvrere oss rundt alle desse nye og gamle vegsperringane". Og det ER gode råd. Vi kjenner dei fleste frå før, og har nok teke dei i bruk fleire gongar. Problemet er å hugse å bruke dei. Å la dei bli rutinerte og inngrodde vanar. Anten det gjeld å bli flinkare til å trene, å få eit sunnare kosthald eller la vere å sjekke Facebook kvart tiande minutt. Ok, nokre av råda kan bli meir utfordrande enn andre. Eg trur til dømes det å la smarttelefonen liggje i eit anna rom når du skal arbeide, kan bli litt for vanskeleg i desse digitale tider. Men til dømes å handle inn middag når du er mett, eller å trene minst to gongar i veka, det er realistiske og oppnåelege mål. Og ikkje undervurder det aller beste rådet: Aldri, aldri å ta viktige avgjerder på tom mage, og aller helst ikkje utan å ha sove på det i minst ei natt.

I dag er det heilt feil folk som har sjølvkontroll. Ein av Noregs fremste sjølvdisiplinistar heiter til dømes Fotballfrue. Mens forskarkarrierane til dei lysaste hovuda i landet går til grunne i twitterdiskusjonar, har Fotballfrue ikkje rørt kveitemjøl eller sukker på eit tiår. Me kunne gitt henne ein leikekoffert, og ho ville ha løyst kreftgåta innan halvanna år. 

Er du ein av dei heldige få med stålkontroll over sjølvdisiplinen og som difor ikkje treng desse gode råda, så la meg friste deg med fun facts. Boka er nemleg full av desse. Visste du til dømes at vi blir meir ulykkelege av å miste 500 kroner enn vi blir lykkelege av å få 500 kroner? At 88 % av det norske folket ønsker å bevege meir på seg? Eller at det tek i snitt 66 dagar for å få ein vane til å sitje?

 Er du framleis ikkje heilt overtydd så la meg til slutt spørje deg: Har du nokon gong hatt ein song du ikkje likar "på hjernen"? Du hatar songen, men greier ikkje for alt i livet å la vere å nynne på han. Dersom du les Operasjon sjølvdisiplin får du ikkje berre svaret på kvifor du utset deg for denne fæle handlinga, men du får svaret på korleis du kan setje ein stoppar for det.

Her får du ei god bok, smarte råd og ein sjanse til å bli ei betre utgåve av deg sjølv. Kan det bli betre?

Eg tilrår.

Fleire som tilrår er Beathe, Anita og Rose-Marie.


9 kommentarer:

astridterese sa...

Jeg fant flere råd i denne boken jeg trenger i hverdagen. Problemet er som du sier å huske dem :-) Derfor skal jeg lese boken (hvertfall) en gang til!

annkolaas sa...

Har du lese ho, altså? Eg fann berre smakebit da eg skulle søke etter andre som har lese boka. Send gjerne lenke, både du og andre, så legg eg inn lenke. Eg har allereie lese delar av boka fleire gongar. Og da fekk eg ho i gåve i går!

Anita Ness sa...

Jeg synes også dette var en fornøyelig bok, med mye kjent, men mye som er verdt å repetere, la seg påminne av, mye gjennkjennbart og noe nytt. Har blogget om den jeg også.:)

annkolaas sa...

Fekk berre smakebit og boken på vent, må visst leite litt betre høyrer eg.

annkolaas sa...

No har eg gugla, bladd og skrolla utan å finne omtalane dykkar, Anita og Astrid. Lenke, plis?

Anita Ness sa...

Hm, spørs om tittelen på innlegget gjør den mindre søkbar : http://artemisiasverden.blogspot.no/2014/09/klar-for-operasjon-sjldisiplin-agnes.html

Anita Ness sa...

Men man kan alltids søke rett på bloggen da, med tanke på senere søk..:)

Ukjent terreng sa...

Litt anna bok enn eg først hadde tenkt, men trass allt forskingsmateriellet så dukkar den underfundige og humoristiske Ravatn stadig opp. Med sitt skarpe blikk på alle oss ikring ho. Gler meg til neste bok :-)

Linnformasjonen sa...

Jeg trodde jo dette var en roman, er det en "selvhjelpsbok"?