RSS

Kjære



Linnea Myhre: Kjære, 156 sider

Dei fleste veit nok kven Linnea Myhre er. Eg tippar ho no er mest kjent som ho som var med i "Skal vi danse", eller dama til Sondre Lerche, men for meg er ho først og fremst Sinnabloggeren. Ho som hissa på seg kassadama i Kiwi og ymse andre med å blogge om dei i "Alt du vet er feil". I dag tenkjer eg mest på ho som ein dyktig og tøff forfattar. I 2012 kom ho ut med boka Evig søndag, ei samling dagboknotata der ho mellom anna skriv om korleis maten kontrollerer livet hennar. Her kan du lese kva eg meinte om første boka hennar.

I Kjære følgjer ho opp og har skrive eit knippe brev til menneske og fleire som på ein eller annan har påverka henne. Boka opnar med eit brev til mora, der ho fortel at ho ikkje orkar meir. Ho har tenkt å ta livet sitt og håper dei kan spele David Bowie sin song "Cat People" i gravferden. Heldigvis fekk mora aldri dette brevet.

Vidare skriv ho til terapeuten sin, venar, tanta, kjærasten og far sin. Sistnemnde fekk meg til å bli sint og sørgjeleg. Mi største frykt er at det eingong skal gå så langt; bli ein distanse mellom meg og mine born. No er dei små og det er ingenting som tilseier at det nokon gong kan bli slik. Men eg veit det kan skje. Det har skjedd mellom meg og mine eigne foreldre. Eg skal i alle fall gjere alt for å forhindre det. Linnea skriv til enda fleire og innimellom breva svarer ho på innlegg frå den no nedlagde bloggen.

Hei, Linnea! Jeg vet du sikkert kunne ha drept meg for å skrive dette, men noen ganger skulle jeg ønske jeg hadde anoreksi.  (...)

---

Jeg vet ikke hvor interessant det er for deg å høre om min anoreksi, men siden dette er noe du ønsker deg, er det kanskje lurt at jeg forteller deg litt om det likevel. (...)


Det har tatt meg mange år å greie å beherske kontrollen, og slippe å la det gå altfor mye ut over andre. I starten greide jeg det ikke. Jeg lå langflat på gulvet og hulket flere ganger i uken, bare fordi middagen var ti minutter forsinket, eller fordi mamma kom hjem med handleposer fylt med noe helt annet enn jeg hadde planlagt.

Breva er triste og sterke, provoserande og lattervekkjande. Eg synest spesielt breva til Santa Maria og Natreen er fantastiske. Kvifor skriv vi ikkje meir brev eigentleg? Å ja, på grunn av dei sosiale media. Men tenk så koseleg, eller utriveleg, alt ettersom kva som står i brevet, å få eit brev frå ein kunde eller ven. Veninna mi fann eit handlenett hengjande på utgangsdøra her om dagen. I nettet låg det ei bok med helsing frå ein hemmeleg beundrar. Boka var Stalker av Kepler, så ho visste ikkje om ho skulle bli redd eller ta det som ein spøk. Alt er vel avhengig av om avsendaren faktisk har lese boka, tenkjer eg. Eg har ikkje lese ho, men har forstått at det er ganske makabre bøker. Det viste seg at det var frå ein som ikkje hadde lese boka og som tenkte at det var morosamt. Han blei nøydd til å innrømme det da venninna mi ringde rundt til alle tenkelege og fortalde at det i grunnen var litt ubehageleg å få ei slik gåve.

Dette var vel eigentleg ikkje ein tradisjonell bokomtale, slik som eg skvaldrar om meg sjølv og anna. Det positive er at Linnea inspirerar meg til å skrive. God litteratur skal jo få deg til å tenkje og meine, så eg synest ho skal ta det som ein kompliment. Ein annan positiv sak er at bøkene hennar er særs populære som særemne-tema, noko som og gagnar meg og kollegaen min. Eg veit ikkje kor mange Øya og Saras nøkkel-framsyningar vi har sete oss gjennom.


Eg kan sjølvsagt ikkje dy meg, og avsluttar med eit brev.

Kjære Linnea

Orsak for at eg ikkje har denne vesle streken over e-en i namnet ditt, men eg har dessverre ikkje lært meg kva for ein tast det er. Eg får det til når eg skriv på mobil, men eg maktar ikkje å skrive meir enn eit par setningar via mobilen av tre grunnar: Ein. Fingrane mine er altfor tjukke for eit mobiltastatur og eg skriv derfor meir feil enn rett. To. Autokorrekten elskar å rette nesten alle orda mine til ord som ikkje er rett, og som aldri nokosinne vil bli rett eller sømmeleg for meg å skrive. Til dømes har eg i fleire år skrive "Ok. God bedring." når ein elev skriv til meg at hen er sjuk. Ein dag fann plutseleg autokorrekten det høveleg å rette bedring til befruktning. "Ok. God befruktning." Det er sikkert ei veldig hyggeleg melding å få frå læraren sin på morgonkvisten. Og eg kan nemne døme i fleng. Søskenbarn blir alltid retta til søskenbarnekteskap (er dette ordet verkeleg så hyppig brukt?), fikse blir til Finse, so blir do (eg mistenker at det er dei tjukke fingrane mine som har skulda for denne) og så vidare. Tre. Eg får raserianfall og det er ikkje godt for noko. No spør du deg sikkert kvifor eg gidd å ha autokorrekt når han (ja, han!) oppfører seg slik, og jau, det er fordi han hjelper meg meir enn å øydeleggje. Eg er, som dei fleste andre, oppteken av å få ting gjort så effektivt som mogleg, og da kan eg ikkje bruke god tid på å skrive ein sms.

Eg likte boka di.

Beste helsing Ann Helen, eller Lena som veldig mange kallar meg.

Kjære er ei god bok. Anbefalast.

4 kommentarer:

Berit sa...

Kjære Lena!
Så fint at du likte boka, fint at du likte den bedre enn meg og fint at du skreve t fint innlegg! Nå husker jeg ikke helt hva det var som gjorde at boka ikke ble noen favoritt her i huset, men jeg kjenner meg igjen i det du skriver om mobiler og autokorrektur. Mitt hittil grelleste eksempel er fra en SMS der Radiumhospitalet ble til Radio hopp i taket. Med autokorrektur kan man aldri slappe av!

Mvh Berit

Tine sa...

Jeg leste hennes forrige bok, men har ikke kommet helt til denne enda. Fristet jo litt nå etter jeg har lest det du skrev om den :)

aariho sa...

Fint innlegg om boka, og artig innslag med brevet ditt. Har ikke planlagt å lese denne boka, men tiden får vise....

annkolaas sa...

Takk! Berit: Hehe! Eg prøver alltid å sjå over meldingane mine før eg sender dei, veit aldri kva som har blitt endra. Tine og aariho: Eg likte boka veldig godt. Blandinga av det såre og passiv-aggressive går rett heim hos meg.