RSS

Zweet

Marit Kaldhol: Zweet, 191 sider

Ein gasslekkasje fører til umiddelbar evakuering ved ungdomsskulen som ligg like ved. Lill Miriam, Susan og Ruben går i tiande klasse ved denne skulen, og vi får høyre korleis dei opplever situasjonen.

Lyden høyrest nærare, sterkare. Duringa skrur seg inn i hovudet mitt. Lydar er fiendar, dei tvingar seg inn i hovudet mitt. Stikk. Vil gjere meg vondt. Mange mot ein.

Den observante lesar vil kanskje skjøne at Lill Miriam er same jenta som blei tvinga ut i vatnet i novella "Alle vi" frå 1993. Novella har ein open slutt, og vi kan berre gjette om det vil gå bra med henne. Seinare har Kaldhol fått så mange spørsmål om Lill Miriam at ho valde å skrive ho inn i Zweet. Altså veit vi at Lill Miriam overlevde. I Zweet gøymer ho seg på loftet da elevane blir evakuerte. Ingen oppdagar at ho er vekk før det kanskje er for seint.

Eg veit at det er mi skuld. Og eg kan ikkje fortelje det til eit einaste menneske. 

Susan går i Lill Miriam si klasse og slit med samvitet etter den grufulle hendinga med Lill Miriam for så mange år sidan. Ho og dei andre jentene i klassa blei einige om aldri å seie det til nokon, og dei har til no gått fri. Men er dei eigentleg fri? Susan trur ho såg Lill Miriam springe vekk frå dei andre da alarmen gjekk, men ho ville ikkje ha noko med det å gjere. Ville ikkje ha noko meir ansvar enn det er å måtte lyge om kva som skjedde den gongen. Det å vere lydig mot veninnegjengen tar opp alt ho har att.

Dess meir eg forsøker å sjå meg sjølv, dess tydelegare ser eg henne.

Ruben kom flyttande frå Cuba og var den som fann Lill Miriam ved sjøen. Han blir så smått kjent med ho, og tenkjer attende på tida dei har hatt saman. Ho er den einaste venen han har og no har han kanskje ingen..

Du har valt ut og gitt kvar ting ein plass. Og no har eg fått kome inn. 

Zweet er ein ungdomsroman, men kan fint lesast av vaksne. Boka er delt inn i tre delar, der vi får oppleve hendinga frå Lill Miriam, Susan og Ruben si side. Lill Miriam har ein noko spesiell måte å tenkje på. Ho førestiller seg at ho er ei bie og flyg av garde, vekk frå alle dei andre. Ho er i overkant oppteken av honningbier, og tenkjer så mykje på insekt at vi skjønar det er noko spesielt med ho. Måten Kaldhol forsøker å vise dette med å ramse opp fakta og lar Lill Miriam forsvinne inn i si eiga verd, gjer at dette blir eit kraftig verkemiddel. Det blir også ein stor kontrast til måten dei to andre elevane opplever situasjonen. Språket er vakkert, lyrisk, og det gir ei levande og annleis skildring.

Anbefalast.

Sjå også omtalane mine av Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lodz - som også er nominert til Bokbloggerprisen 2014, og Søkeord: Ayotzintli - som fekk Kultur- og kirkedepartementets litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur i 2010.

Gro, Tine og Beathe har også blogga om Zweet.

Komande tysdag er eg så heldig at eg og ei av norskklassene mine skal få vere med på lanseringa av boka saman med forfattaren. Vi har førebudd oss ved å lese og reflektere, og vi skal få stille spørsmål til Kaldhol. Eg skal ikkje røpe kva elevane mine meiner om boka før tysdag, men tar det i eit eige innlegg neste veke.

Edit: Spesielt interesserte kan lese om boklanseringa her.

Leseeksemplar fått av Samlaget.

3 kommentarer:

Tine sa...

For en flott omtale! Heldige dere som skal få møte forfatteren, lykke til!

Lena sa...

Tusen takk! Vi gler oss veldig.

Groskro sa...

Veldig god omtale Lena, og det skulle jeg ha kommentert lenge, men eg har drevet med flytting så tiden har bare gått fra meg!

Jeg er litt misunnelig over at dere har møtt Kaldhol, og jeg gleder meg til juni, da skal det være Kaldhol bonanza på bloggen min. Kanskje jeg tar kontakt om gode råd?

Og takk for link :)

Gro :)