RSS

Kjære søster

Alf Kjetil Walgermo: Kjære søster, 96 sider

Kjære søster.

I dag ville du ha fylt femten år. Pappa seier at vi skal komme igjennom dette. At livet framleis er verdt å leve. Men eg fekk ikkje eingong sagt farvel til deg Eg fekk aldri gitt deg ein siste klem. Eg trudde det skulle bli lettare etter kvart. At dei gode minna skulle ta over for alt det fæle. Men det er motsett. Eg saknar deg berre meir og meir. Kjenner sterkare og sterkare at du er borte.

15 år gamle Amalie døydde i ei bilulykke for få månadar sidan. Attende sit den eitt år eldre søstera Eli Anne, oppløyst av sorg. Når foreldra fortel at dei ønsker å slette Amalie sin Facebook-profil, bestemmer Eli Anne seg for å skrive på veggen hennar. Kvar einaste dag i tre månadar skriv ho til søstera.

Det eg skriv til deg, er det berre du som kan lese. Eg har vore inne på kontoen din og endra på innstillingane. Om vi skal møtast på den andre sida. vil eg ikkje ha noko uoppgjort med deg.

Dette er ei fin og sterk bok. Eli Anne skriv så fint og ope til søstera, som ho saknar så veldig. Eg trur dei fleste kan relatere til dette temaet, og mange er nok heller ikkje ukjende med å ha mista ein som har profil på Facebook. Kor vondt det gjer å kike innom profilen, der alt er som før bortsett frå små teikn som fortel at ingenting er som før, og kan heller aldri bli det.

Det er som om det glepp for meg kvar gong eg er på veg inn i ein ordentlig samtale. Men det er ikkje berre språket som er i ferd med å gleppe. Eg føler at eg er i ferd med å miste alt eg har brydd meg om. Pappa sa at eg må finne attende til gleda. Men inni meg er det dødt. 

Dei to søstrene hadde eit nært forhold, og begge var lidenskapeleg opptatt av musikk, men likevel nokså ulike. På veggen til Amalie skriv Eli Anne om alt ho har på hjartet; minner frå barndommen deira, alt ho angrar på ikkje å ha sagt og alt ho angrar på å ha sagt. Skrivinga blir som ein ny sjanse til å opne opp for alt Amalie forsøkte å vise henne. Ho begynner til dømes å høyre mykje på Patti Smith, og skjønnar endeleg at det faktisk er så bra som søstera påsto. Det å kunne skrive direkte til søstera blir ein viktig del av sorgprosessen. Ho treng å ha søstera sin Facebook-profil, på den måten kan ho framleis nå henne. For foreldra blir nok denne trongen for fjern, og dei vil helst leggje ned profilen så snart som råd.

Eg klarer ikkje å få den rette klangen ut av pianoet. Kva er vitsen når musikken ikkje kjem frå hjartet?

Det er ei nydeleg, men hjarteskjerande bok. Språket er så fint, så poetisk og symbolsk, men enkelt og direkte. Måten Eli Anne snakkar direkte til Amalie riv meg sund innvendig. Kjære søster er ei gripande bok som alle burde lese.

Men du kjem ikkje tilbake. Og eg veit at eg snart må sleppe deg. 

Anbefalast.

Andre som har blogga om boka er aariho, Beathe og Gro.

6 kommentarer:

Groskro sa...

Åja, denne boken er så fin, og jeg håper flere vil plukke den opp - for denne fortjener å bli lest. Og den er så aktuell også. Det er mange ungdommer som er på Facebook, og mange omkommer i ulykker, bare se på den tragisk ulykken på Hedemarken bå i helgen. Jeg er sikker på mange skriver på veggen til disse ungdommene.

Takk for link :)

Lena sa...

Ja! Det er veldig interessant dette, hvordan noen (spesielt de yngre) trenger denne veggen som samlingssted når noen har gått bort, mens andre (ofte de eldre) finner det unaturlig. Absolutt en bok verdig mange lesere.

Mari sa...

Vet du, jeg føler for å snufse av innlegget ditt. Hvordan skal det gå når jeg da faktisk leser boka? Kandidat til BB2015 mon tro?

Lena sa...

Veldig fin bok i alle fall. Rart ikke flere har skrevet bøker med dette temaet i grunnen. Det blir nok litt snufsing, Mari.

Mari sa...

Helt sikkert, jeg gråter dessuten veldig lett, selv når jeg vet filmskapere, forfattere eller reklamefolk har gjort et grep for at jeg skal bli rørt på en eller annen måte så går det ikke an å la det være.

Mari sa...

Da har jeg også lest boka, det ble faktisk mye mindre snufsing enn hva jeg hadde forestilt meg. Det er sørgelig, selvsagt, men forfatteren har ikke skrevet for å fremprovosere tårer, føler jeg.