RSS

Gaven

Ellen Vahr: Gaven, 392 sider


Anne Brannfjell var visstnok ei av dei mest brukte signekonene i Noreg. Like kjend som dagens Snåsamann. Folk kom til henne frå alle kantar av landet for å få lækjande råd utan at ho tok betalt for tenestene sine. Ellen Vahr er tipptippoldbarnet hennar, og har no skrive bok om den spennande tipptippoldemora si.

Boka byrjar med å fortelje om 15 år gamle Anne, som er husmannsjente og arbeider litt ved nabogarden saman med mor si. Ein dag ho er ute i skogen, treff ho Elseby, ei klok kone som lærer henne opp i korleis ho kan bruke urter og plantar som lækjemiddel. Elseby lar også Anne innsjå at ho har ei gåve i form av klarsyn. Denne gåva er derimot ikkje noko Anne kan gå rundt og skryte av, for lova gjer det forbudt å hjelpe andre om ein ikkje er utdanna ved universitetet. Ho forsøker derfor å fortrengje evnene sine, noko som ikkje blir så lett. Ho får etterkvart arbeid ved ein velståande familie i Christiania, men livet tar ei annleis vending enn ho trudde. Når ho endeleg vågar å stole på evnene sine, gir dei henne krefter til å finne tilbake til det livet ho drøymer om.

Eg las boka på Kindlen min og må seie eg blei overraska da eg sjekka at bokutgåva har heile 392 sider. Hadde eg skulle gjetta, ville eg sagt rundt 200 sider, for det kjendes sånn ut. Det er med andre ord ein page-turner, og det er jo aldri eit dårleg teikn. Det er ei fin forteljing med god flyt. Eg fekk assosiasjonar til seriar som Livets døtre og Sagaen om Isfolket, dog med eit meir dempa tema. Eg synest denne gåva godt kunne få kome meir fram enn det ho gjorde i boka. Ho ligg mest og ulmar i bakgrunnen. Men så er dette forteljinga om Anne før ho byrjar verket sitt for fullt, altså er det berre naturleg at det kjem litt i kulissene. Eg tenkjer at det er fint av Vahr å heidre tipptippoldemora på denne måten og gi henne ei stemme i vår tid.

Ei bok verd å lese.

Leseeksemplar fått av Aschehoug.

3 kommentarer:

aariho sa...

Ja, en bok verdt å lese. Godt at noen griper fatt i slike historier og får de fram i dagen.

Tine sa...

Jeg likte også denne godt, og er enig med deg at den var veldig rask å lese :)

Mari sa...

Det er spennende hvordan flere forfattere i vår samtid graver i fortiden og løfter fram ulike kvinneskjebner. Jeg tenker at dette høres ut som en spennende bok, men tror nok jeg ville tenkt litt i samme bane som deg om hvorfor det ikke kommer fram mer om evnene (det er jo spennende saker!).

Fortsatt riktig god helg :D