RSS

Harpiks

Ane Riel: Harpiks, 280 sider

Sju år gamle Liv Haarder bur ute på ei halvøy saman med mor, far og fleirfoldige dyr. Mor har blitt så tung og stor at ho ikkje lenger kan forlate soverommet, og far fyller opp huset med så mykje skrot at dei knapt får plass til å vere der. For at Liv skal sleppe å byrje på skulen, melder far ho død og plasserer henne i ein container utanfor huset. Det bur ikkje andre folk i nærleiken, og det er berre far som reiser inn til fastlandet når det er nødvendig. Liv får berre bli med om natta, når dei gjer innbrudd hos andre. Ei natt blir dei nesten oppdaga og ein nabo frå fastlandet ser eit lite born springe mot huset på halvøya. Han får det ikkje til å stemme, ettersom jenta deira blei meldt død for mange år sidan. Han reiser ut til halvøya for å sjekke ut nærmare, og oppdagar litt av kvart om familien Haarder.

Det var mørkt i det hvite rommet da far drepte farmor. Jeg var der. Carl var der også, men ham oppdaget de aldri. Det var om morgenen julaften, og det snødde lite grann, men en skikkelig hvit jul ble det ikke det året. 

Anne Riel vann Glassnøkkelen 2016 for beste nordiske spenningsroman, og det er ikkje vanskeleg å forstå. Romanen byrjar med denne pangopninga og spenninga held seg like høgt gjennom heile boka. Samtidig er det er så mykje meir enn berre spenning. Det er ein samansett roman, som forsøker å vise lesaren kvifor det har blitt som det er. Delar av forteljinga er fortalt av sju år gamle Liv, delar er brev frå mor, som etterkvart mistar stemma og må skrive. Det er til tider så fælsleg og grotesk at det nesten ikkje er til å halde ut, men samtidig ligg det ein rørande kjærleik over det heile. Djupna i historia gav meg assosiasjonar til Margret Skjelbred sine mørke, men nydelege romanar. Dette er ei historie som kjem til å sitje i meg lenge, både på godt og vondt.

Anbefalast.

Leseeksemplar fått av Aschehoug.

6 kommentarer:

Anita Ness sa...

Dette virker som en meget sterk bok som jeg må sjekke ut. Takk for tips..)

Marianne sa...

Da var den lastet til Kindle og klar for "a rainy day". Takk for tipset! Hørtes ut tilå være noe for meg.

neverendingcircles sa...

Denne høres spennende ut! Synes du er flink til å gi en god "smakebit" uten å avsløre for mye. Takk for tips.

annkolaas sa...

Gled dykk, Anita og Marianne!

Takk, det var kjekt å høyre, @neverendingcircles. Det er ikkje alltid så lett å la vere å røpe noko, men eg prøver.

beroene sa...

Eg er enig i vurderinga di, boka var god - og vond. Eg fekk assosiasjonar til enkelte tragiske og opprørande hendingar frå det verkelege livet.

annkolaas sa...

beroene: Så bra. Det var liksom noko anna enn den vanlege krimhistoria.