RSS

Nominert til Uprisen 2026!

 På ein skala frå ein til ti er nominert til Uprisen 2026! Jubel og glede!

Eg er så vanvittig glad og overvelda over dette. Tenk at ungdommen, målgruppa mi, sjølv har valt ut mi bok som ei av dei fem beste ungdomsbøkene i 2025! Betre kompliment kan eg ikkje få. Gratulerer til dei andre nominerte; kjempefine bøker og stor konkurranse. Og så er det ekstra stas at det denne gongen er to nynorskbøker, og vi er endatil frå same kommune OG same forlag. Det er veldig gøy! I juni blir det bokbad og prisutdeling på Lillehammer. Gler meg! 




Femmar i Framtida

 






Omtalar av På ein skala frå ein til ti

https://framtida.no/2025/08/30/bokmelding-pa-ein-skala-fra-ein-til-ti-ein-sar-og-god-ungdomsroman



Ny bok!

 


I haust kjem min tredje ungdomsroman, På ein skala frå ein til ti. Det er både kjekt og skummelt. Mest skummelt, sidan det denne gongen er så mykje meir personleg enn bøkene eg tidlegare har skrive. Boka tar utgangspunkt i mi eiga sjukehistorie. Long story short så skada eg beina da eg var baby, noko som førte til fleire følgeskader og amputasjon av høgrebeinet i 2023. Dette er noko eg har hatt vanskeleg for å vere open om, og gjennom heile livet har eg skjult skadene og smertene etter beste emne. Men etter at amputasjonen var eit faktum blei det meir utfordrande å halde det skjult. 

No har eg skrive bok om det, og blir nøydd å snakke om det. Det kan framleis vere vanskeleg og eg øver meg stadig, men det er lettare å fortelje om det via andre så eg lar den fiktive tenåringen Miriam ta den rolla. Og så har eg litt dikta hist og pist. Men mesteparten er sant, og det er nok fleire som vil kjenne seg att i denne boka:

Om sjølvtillit og kroppskompleks

Eg hatar det når folk spør kvifor eg haltar. "Har du skada deg? Er det ein fotballskade?" Så må eg seie at det er lenge sidan, og spørsmåla tar aldri slutt. Dei siste åra har eg begynt å seie ja. Ja, eg har skada meg og når dei ser på meg og ventar på meir info, seier eg ingenting. Eit ja er alt dei får. Eg drit i om dei føler seg dumme. Eg føler meg uansett dummast. Styggast. Handikappast. 

Miriam har levd med skadd fot sidan ho var to år. Ho haltar og har store smerter. Då ho fyller 16 får ho beskjed frå legane på sjukehuset om at ho må amputere foten. Kort tid før operasjonen møter Miriam den kjekke guten Torjus, som ho blir hodestups forelska i. Kan ho greie å fortelje han kva ho skal gå gjennom på sjukehuset? Og kva vil han seie når han får vite sanninga om kroppen hennar?

 

På ein skal frå éin til ti er ei sterk og personleg historie om kroppskompleks, om å kjenne seg annleis. Samstundes er det ei forteljing om å overvinne frykten for å seie sanninga, og om å kome seg vidare i livet.


Boka er i sal frå 11. august, men du kan førehandsbestille allereie no. 



1 år med arbeidsstipend!

I slutten av mars vil eg tru at dei fleste forfattarar går rundt med hjartet i halsen og trykker refresh på sidene til Kulturrådet og NBU til vi blir numne i fingertuppane. Det er nemleg da det blir offentleggjort kven som er så heldige å få stipend for det neste året. Det vere seg arbeidsstipend på eitt eller fleire år, eller diversestipend på nokre tusenlappar eller over hundre tusen. Ein ting som er sikkert, er at alle summar kjem godt med og hjelper på for ein skriveglad forfattar som treng mat på bordet. Å få støtte til å skrive betyr å få meir tid til å skrive. 

    I år er eg ein av dei heldige som fekk 1 års arbeidsstipend. Det betyr at eg kan søke 50 % permisjon frå lærarjobben, og bruke halve tida på forfattarskapen. Eg er så vanvittig glad og takksam, og har framleis vanskeleg for å tru det. Tenk at staten betaler meg for å skrive! At nokon har så stor tru på meg betyr uendeleg mykje, og eg skal gjere mitt beste for å gjere meg fortent til dette. For tida skriv eg på tre manus; to for barn og unge og eitt for vaksne, så får vi sjå kva det blir til. At fleire der ute har tru på at eg skal greie å dra det i hamn, hjelper absolutt på. Tusen takk! 



Sjokka og lykkeleg forfattar med to utgitte verk bak seg, og forhåpentleg mange fleire framfor seg. 

TID FOR TI 2023

 

Hurra! Eg blir her er med i Tid for ti 2023. Dette betyr at Eg blir her får fleire lesarar. Stas og lykke!


Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn, og alle som melder seg på får ein antologi med utdrag frå ti nyare nynorskbøker tilpassa målgruppa. Til aksjonen følger ei eiga nettside med med tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurranser og lærersider. Formålet med leseaksjonen er å gjere nynorsk litteratur meir tilgjengeleg. 


Psst! Ein treng ikkje å gå i 7. klasse for å kunne ha glede av Tid for ti. Fleire av utdraga og oppgåvene passar for eldre elevar, og kan brukast heilt opp i vidaregåande skule. Her har du altså undervisningsopplegg for mange norsktimar framover. 

I <3 nynorsk!



Framtida kårer årets favorittar!

 Framtida har kåra sine favorittar frå 2022, og Eg blir her er ein av dei. Hurra! 







Medlem i NBU

Endeleg var det min tur til å bli medlem i Norske barne- og ungdomsbokforfattere

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterte med ungdomsromanen Sinne (2020), som handlar om ei ung jente med ADHD. Boka vann både Bokbloggarprisen og Årets Ulest. I haust gav ho ut sin andre roman, Eg blir her, også den for ungdom. 


Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) er oppvaksen og busett på Valderøya i Giske kommune. Ho både underviser og skriv for ungdom. Foto: Caroline Odden Giske

     Kva betydde bøker for deg i oppveksten? 

Enormt mykje! Lånekortet blei stadig fullt (det var på den tida vi måtte skrive ned lånetitlane sjølve) og eg runda heile skulebiblioteket da eg gjekk i 3. klasse. Favoritten var Astrid Lindgren og Ekornløven, som eg lånte minst ein gong i året gjennom heile barneskulen. Først i vaksen alder kjøpte eg boka og har lese den for alle barna mine. Eg var medlem i fleire bokklubbar og slukte alt eg kom over, både av bøker og blad. Eg hugsa at eg las Fantomet- og Boingblada til bror min, og han las mine Tuppen og Lillemor. I ungdomsåra las eg alt frå Jostein Gaarder til Sagaen om Isfolket. Eg hadde også ein lang periode der eg las og skreiv mykje dikt, og favorittane var Inger Hagerup og Engelke Revold. Heldigvis har eg diktboka enno, det er veldig gøy (og flautt!) å lese no.

 

Kvifor ville du bli forfattar? 

Eg har alltid dikta historier så lenge eg kan hugse. Da eg var ni-ti år laga eg eigne aviser (dvs eg klipte ut bilete frå lokalavisa og dikta opp artiklar til) som eg delte ut til familie og vennar og kopierte opp vekeblad med saftige historier «frå røynda». Morfaren min skjønte tidleg kor glad eg var i å skrive, så han gav meg ei skrivemaskin som eg skreiv fleire noveller med. Han kjøpte også inn bøker sånn at vi barnebarna skulle ha noko å lese når vi besøkte han. Ein gong meinte han å kjøpe Asbjørnsen og Moe sine eventyrbøker, som han ville lese høgt for oss, men hadde ved ein feil kjøpt Brødrene Grimm. Det var herleg makabert og stoppa ikkje han frå å lese for oss.

 

 Kvifor valde du å skrive for barn og/eller ungdom? 

Det var eigentleg ikkje eit medvite val å skrive for ungdom. Eg prøver stadig å skrive for vaksne og yngre barn, men så pressar denne ungdomskarakteren seg på i alle manusa mine. Det er noko med den opprørske og sårbare tenåringen som appellerer veldig til meg. Ho vil liksom ut og kjempe. Eg arbeider også som lærar for ungdom, så ein kan jo begynne å lure på om eg kanskje heng attende i den tida sjølv. Når det er sagt, så er eg stolt over å få vere ungdomsbokforfattar. Barn og unge er dei viktigaste lesarane, og dei treng bøker å kjenne seg att i – både på godt og vondt.

 

 Finst det ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine? 

Med berre to utgitte bøker er det litt tidleg å seie, men eg har ein forkjærleik for ungdom som har det utfordrande på eit eller anna vis. Ungdom som slit med å passe inn. Akkurat som dei fleste ungdomsromanar. Men ein anna raud tråd er at eg skriv om ungdom som bur utanfor storbyen. Sjølv er eg oppvaksen på ei lita øy med få innbyggarar, så det ber nok bøkene mine også preg av. Det blir med andre ord ein del natur og ferjesamband.

 

 Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar? 

Eg er oppteken av å sigre over Internett. Konkurransen med sosiale media er stor og det kan vere svært utfordrande å få dei unge til å lese i dag. Det er jo ein evig kamp, men desto kjekkare når ein først får det til. Som nynorskforfattar må eg også slå eit slag for nynorsken og seie at eg er oppteken av å få fleire gode nynorskbøker ut til folket.

 

 Kva likar du å gjere når du ikkje skriv? 

Eg kjempar sjølv kampen mot Internett. Elles går eg ein del i fjellet og les mykje.

 

 Kva forventningar har du til NBU? 

Å få vere ein del av eit fellesskap der alle deler lesegleda og arbeider for å få litteraturen opp og fram? For ein draum!

 


Omtalar av Eg blir her

Omtalar av Sinne

Eg blir her

 

I juli kjem eg med ny bok. Det er ein ungdomsroman om forelsking, forviklingar og ein litt annleis pappa. 

Boka heiter Eg blir her og handlar om seksten år gamle Oda, som gler seg til å henge med kjærasten Sondre heile sommaren. Men når Daniel kjem til bygda blir alt ganske annleis. Kvifor dukkar han alltid opp der ho er, og irriterer henne? 

Samstundes må Oda takle ein pappa som drikk litt for mykje, og som har starta pub for turistane heime i stova si. Kvifor kan han ikkje vere som andre fedrar? 

Eg blir her er ein ungdomsroman om uventa kjensler, gode vennskap, vanskelege familierelasjonar - og Vestlandet. 


Eg håper du har lyst til å lese!

Bestille skrivekurs?

Ønsker du å bestille skrivekurs av meg? 

Eg har halde fleire kreative skriveverkstadar for ungdom, både korte kurs på to-tre timar, til over fleire dagar. I kursa mine viser eg smarte metodar og triks for å skrive ein god tekst. Du vil mellom anna få øve deg på å bygge opp ei spennande forteljing, lære korleis ein kan skape interessante karakterar, miljøskildring, konflikt og tema mm. Kort sagt; Kva det er som gjer ei historie spennande og korleis ein kan gi lesaren lyst til å lese vidare. 

Vi snakkar også om kva som gjer språket levande, og kvifor ein bør unngå klisjear. Du vil få fleire skriveøvingar undervegs, og kanskje kan vi lese tekstane våre høgt for kvarandre etter kvart? Men det siste er heilt valfritt. I kursa mine skal ingen føle på prestasjonsangst, kun skriveglede. 


Her kan du lese korleis det gjekk med ein av dei flinke ungdommane som har gått på skrivekurs hos meg: 



Sjølv blir eg aldri lei av å snakke om skriving, og eg synest det er skikkeleg kjekt å få leie ungdommar gjennom ulike skriveøvingar. Det er gull å få oppleve skrivegleda på nært hald, og ingenting er betre enn å få høyre at dei trivst. At dei held fram med å skrive etterpå, tar eg som ein stor kompliment. Trykker du på lenka, får du lese noko av det Marianna skreiv på kurset mitt. Er ho ikkje flink, vel?

Har du lyst til å bestille kurs av meg, kan du booke meg gjennom Forfattersentrum, eller kontakte meg direkte. 

Og du; Eg held gjerne skrivekurs for vaksne også!

Eg er Årets ulest 2021!

Jippi! Eg vann! "Sinne" er Årets ulest i kategorien Barn og ungdom. Tusen, tusen takk for all støtte og kjærleik - og ikkje minst stemmer. 

Tenk at så mange har stemt på "Sinne"! Det er heilt absurd, men fantastisk kjekt. Eg har fått heilt koko mange meldingar og gratulasjonar sidan finalen, og er SÅ takksam og glad. Det var ein fantastisk kveld på alle måtar. Eg fekk møte den superkoselege konkurrenten min, Eli Renate, som har skrive ei skikkeleg fin bok, og kjekke Karl Otto, som var finalist i kategorien Roman. 

Det var synd at dei andre finalistane ikkje kunne delta, men sånn er det dessverre i desse pandemitider. Men som Hasse Hope sa, vi får håpe å treffast på ein bokfestival (eller fleire) seinare. Tusen takk til Bookis, som arrangerte konkurransen og gjorde dette mogleg. Dette vil eg leve lenge på. 


Ps. Fleire av bileta er lånt frå nettet. 








Jippi! SINNE er finalist i Årets ulest!

 

Hurra! "Sinne" har kome heilt til finalen i litteraturkonkurransen Årets ulest. Dette er så kjekt! Eg er superglad, om må takke alle dei fine folka som har stemt meg vidare. Dette betyr mykje for meg. Temaet ADHD står meg nært. Ungdomsbøker enda nærmare. For ikkje å snakke om nynorsken. Det er heile TO nynorskbøker i finalen no. Det er så kult!


Å bli løfta fram og få litt ekstra merksemd er gull, for det er ikkje lett å bli lagt merke til i mylderet av bestseljarar, ranslar og pennalhus i bokhandlane. Heldigvis finst sosiale media, og lesande som går utover topplistene når dei skal finne den neste boka. Så får også dei mindre kjente bøkene ein sjanse.


I finalerunden er vi to bøker att i kategorien Barn og ungdom. Det er altså 50/50 sjanse for at boka mi går til topps. Eg skal ikkje nekte for at det hadde vore skikkeleg stas å vinne, men eg har ein verdig konkurrent og eg skal tole å tape for henne. Boka til konkurrenten min heiter "Ubetydelig, men redd" og er veldig fin. Sjekk den ut, om du ikkje allereie har gjort det. 


Meiner du at "Sinne" fortener å vinne, så blir eg sjølvsagt superglad om du har lyst til å stemme på meg. Det gjer du via Årets ulest sin profil på Instagram her. Avstemminga opnar måndag 10. januar, og du har lov til å gi 1 stemme om dagen fram til midnatt onsdag 19. januar. Finalen er i Oslo 27. januar. Det blir nok digitalt, men åh, så gøy det hadde vore om restriksjonane gjer det mogleg å få lov til å reise dit. 


Igjen; TUSEN TAKK til alle som har stemt på meg, og gratulerer til dei andre nominerte. Dette blir spennande!


Biletet har eg henta frå Kulturplot. Trykk her om du vil lese pressemeldinga. 

"Sinne" er delfinalist i Årets ulest


Jippi! Av fleire hundre nominerte, har Sinne blitt stemt fram som delfinalist i kategorien Barn og ungdom i Årets ulest

Konkurransen er arrangert av Bookis, og har som mål å løfte fram "uoppdagete forfattere som er lest og likt av flere, men som av ulike grunner ikke har nådd ut til den store lesergruppen enda". 

Tusen takk til dei som har stemt fram boka mi, og til juryen, som har siste ordet. Eg er superhappy! 

I løpet av november skal dei seks nominerte i kvar kategori bli til to, og da treng eg DI stemme. Det er mogleg å gi ei stemme om dagen fram til 21. november kl. 16. Eg blir kjempeglad om du har lyst til å gi ei stemme til Sinne. For å stemme trykker du på lenka her: 

https://www.instagram.com/arets_ulest/

I høgdepunkta finn du den rosa sirkelen der det står Barn og ungdom - der trykker du JA når du ser bilete av meg. 


@bookisofficial  @arets_ulest  




Fint intervju i lokalavisa

 

Vinnar av Bokbloggerprisen 2020


Omg! Sinne er vinnar av Bokbloggerprisen 2020 i kategorien ungdomsbok. Eg er så stolt og glad. Mållaus, rett og slett. Dette siste 1,5 året har vore ein einaste lang fest av omtalar og tilbakemeldingar, og det gjer meg så uendeleg glad at Sinne har blitt så godt mottatt. 

Juryen i Bokbloggerprisen skriv mellom anna at Sinne vann "til tross for at et stort antall bloggere har erklært seg inhabile både i nominasjon og stemmerunde og ikke nominert eller stemt på boka". Tenk at Sinne likevel stakk av med sigeren. Jippi! 

Tusen takk til alle som har stemt på boka mi, og gratulerer til medvinnarane Tore Renberg og Ragnhild Holmås, som vann i kategoriane årets roman og åpen klasse, med Tollak til Ingeborg og Men du ser ikke syk ut. Det er to fantastiske bøker som eg tilrår på det varmaste. Eit ekstra hurra for at to av tre vinnarar er nynorskbøker. (Ja, det må jo nemnast.)

No blir det fest!

Det er ingen skam å snu. Men visst er det spektakulært på toppen.

 Eg begynner å få sansen for friskriving. Denne gongen handlar det om den lange vegen mot målet.

Eg liker å tenke at der borte, over fjelltoppane, er bøkene våre. Dei ferdige, bearbeida produkta. Å skrive bøker er på mange måtar lik ein fjelltur. Vi begynner nede ved stien. Kanskje er det første gongen, og vi har ikkje eingong pakka niste. Ikkje tatt med rette kleda. Trudde ikkje turen blei så lang og utfordrande. Så må vi gi opp før vi i det heile tatt har kome skikkeleg i gang. Vi tenker at jaja, så var det kanskje ikkje noko for meg. Eller eg er visst ikkje flink nok til dette. Så blir det berre med draumen. Vi veit ikkje at dei som har nådd toppen er betre førebudd. At dei har gjort dei same feila før oss, gong på gong. Dei har vore gjennom dette så mange gongar, men lært litt meir for kvar gong. No veit dei betre kva klede dei må ha på for å halde varmen, kva mat dei bør ete for å halde energien oppe. Dei har lese seg opp, tatt til seg ulike råd og forsøkt å finne fram til dei som passar. Draumen driv dei vidare. 


Vi prøver på nytt. Er ikkje sikre på kva veg vi skal velje. Høgre eller venstre. Den lange slakke vegen, eller den korte, men brattare stien. Vi tar små steg. Prøver først eine stien, utforskar råsa. Går eit stykke, ombestemmer oss og snur. Så tar vi andre stien, fomlar rundt mens vi fantaserer om korleis toppen ser ut. Etter kvart nærmar vi oss første nuten. Det er bratt, men vi greier det. Må kanskje klyve litt, men vi kjem oss opp. Så blir det litt lettare å gå, vi får ny sjølvtillit og tenker at dette skal vi få til. Så deler vegen seg igjen. Vi får lyst til å gi opp, fomlar meir. Tenker at dette kjem aldri til å gå. Til slutt står vi der, med den ruvande, spisse toppen framfor oss. Den siste kneika. Orkar vi det som må til for å kome til topps? Det er nedtur å å snu utan å ha vore heilt oppe. Men kanskje vi kan gi oss no. Det er jo fin utsikt her også. Det er ingen skam å snu. Hadde det ikkje vore for at utsikta heilt der oppe er enda betre. Spektakulær. Og turen tilbake blir så mykje betre når vi veit at vi verkeleg gav alt. Og greidde det. 


Det speler ingen rolle kor høgt eller lavt fjellet er. Kor mykje toppen ruvar. Vegen dit er lik for alle. Men det er du som må gå dit. Det er du som må gjere dei nødvendige førebuingane, pakke rette klede og ta med skikkeleg niste. Gjere alt arbeidet. Det er ingen skam å snu, du kan prøve igjen så mange gongar du vil. Vi har alle vore der. Og vi veit at det er spektakulært på toppen. 

 


Eg har fått stipend. Igjen!

 


I haust var eg så heldig å få eit ekstraordinært koronastipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune. I mars fekk eg stipend frå NBU sitt vederlagsfond, og denne veka fekk eg jammen stipend frå Møre og Romsdal fylkeskommune igjen. Å få tre store stipend på så kort tid er ein draum utan like, og eg er så glad for at det finst slike ordningar som kan hjelpe oss kunstnarar på veg. Dette betyr nemleg at eg kan jobbe redusert frå hausten av, og få meir tid til å skrive. Hurra! I skrivande stund held eg på med ein ny ungdomsroman, og går det rette vegen så håper eg det blir bokutgiving allereie neste år. Vi får sjå. Eg er så utruleg glad og takksam.

Skrivekurs i Giske kommune

Bur du i Giske kommune? Liker du å skrive? Bli med på skrivekurs, da! 

Eg skal halde ein kreativ skriveverkstad for elevar i 5.-10. trinn og eldre i veke 25 og 26. Her vil du lære smarte metodar og triks for å skrive ein god tekst. Du vil mellom anna få øve deg på å bygge opp ei spennande forteljing; lære korleis ein kan skape interessante karakterar, miljøskildring, konflikt og tema mm. Kort sagt: Kva det er som gjer ei historie spennande og korleis ein kan gi lesaren lyst til å lese vidare. Vi skal også snakke om kva som gjer språket levande, og kvifor ein bør unngå klisjear. 

Du vil få ulike skriveøvingar, og etter kvart kan vi kanskje lese tekstane våre høgt for kvarandre? Men det siste er heilt valfritt. I dette kurset skal ingen føle på prestasjonsangst, kun skriveglede. 



Kurset går over tre dagar ved Valderøy barneskule:

Veke 25: Onsdag-fredag kl. 9-15. 

Veke 26: Onsdag-fredag kl. 9-15. 


Du må ta med matpakke og eigen PC/iPad å skrive på. 

Fredag treng du ikkje å ta med matpakke, da feirar vi gjennomført kurs med pizza. 


PS. Ikkje tenk at dette er som ein einaste lang norsktime med lekser. Dette blir kreativt og kjekt (med mindre du absolutt hatar å skrive. Da er det kanskje ikkje rette kurset for deg:). 

PPS. Kurset er gratis og ein del av Sommarskulen i Giske kommune. Håper du vil bli med!


For spørsmål eller påmelding, send e-post til: annkolaas@gmail.com



Sånn ser eg ut: