RSS

Samtale ventar

Marit Eikemo: Samtale ventar, 390 sider

Marit Eikemo debuterte i 2006, og reknast allereie for å vere ei av dei viktigaste nye stemmene i norsk litteratur. Eg likte godt den førre romanen hennar, Arbeid pågår, som eg las for nokre år sidan. No har eg lest Samtale ventar og er stadig begeistra.

Samtale ventar tek for seg 38 år gamle Elisabeth Brenner, ein journalist på attføring. Ho har fått eit oppdrag av NAV, å samle dialektprøvar på den vesle industristaden Einvik. Her innlosjerer ho seg i brakkane, med kun det mest nødvendige i bagasjen. At ho busett seg saman med andre mannlege industriarbeidarar skaper merksemd blant innbyggjarane i bygda, og ho får eit litt ufortent rykte på seg.

Elisabeth er svært samansett, og ser ut til å veksle mellom å vere sjølvsikker og nervøs. Ho seier ofte feil ting, og ender opp med å fornærme folk. Dette gjer at ho ofte blir oppfatta som usympatisk og frekk. Vi får inntrykk av at Elisabeth hevar seg over dei andre, ho kan blant anna ikkje skjøne kvifor nokon vel å busetje seg på ein slik stad. Ho er ein ivrig Facebookbrukar, jamvel ein nokså passiv ein. Ho får med seg det meste om andre, men deler ikkje mykje sjølv. Ho trykker "Likar" på det ho mislikar, og avslørar fordommar mot denne pynta sjølveksponeringa.

Eg sjekka Facebook, og såg at journalisten allereie hadde lagt meg til som venn. Eg likte det dårleg. Hasta det sånn, at han måtte gjere det via iphonen sin på veg tilbake til kontoret? Eg skulle til å ignorere førespurnaden hans, men kom tvert imot, ved eit uhell, til å godta den i staden, og då var skaden skjedd.

Under intervjua kjem Elisabeth i kontakt med mange ulike mennesketypar, både einstøingar og dei som prøver å gi seg ut for å vere det motsette. Det er interessant å lese om dynamikken i bygda, som aldri har komme seg på føtene igjen etter at verftet gjekk konkurs. Dei få som er igjen har anten gitt opp fullstendig, eller ser på det som si livsoppgåve å redde bygda frå det endelege forfallet. Elisabeth blir stadig meir innvikla i historia til intervjobjekta sine, og greier til slutt ikkje å skilje mellom jobb og privatliv. Det er nesten tragisk å lese om ein hovudperson som observerer dei andre så sikkert, men likevel ikkje greier å sjå seg sjølv.

Eikemo skriv utruleg godt! Ho tek opp fleire sårbare tema, men har heile tida ein underliggjande humor, som balanserer historia. Ho er spesielt morosam når ho skildrar Elisabeth sitt skarpe og analytiske blikk i møte med intervjuobjekta. Romanen sin tittel er treffande og peiker på ein manglande, ventande kommunikasjon mellom menneska. I staden for å ta denne lengtande samtalen, vel vi å distansere oss enda meir ved å "Like" statusen deira. På den måten trør vi ikkje for nærme. Eg likte boka kjempegodt og skal heilt klart lese meir av Eikemo.

Denne bør du lese.

Takk til Samlaget.


Kirsebærsnø

Ingelin Røssland: Kirsebærsnø, 200 sider


Det er ikkje før på førtiårsdagen til mannen hennar, Tom Ove, at Cathrine oppdagar ei enorm skeivfordeling i ekteskapet deira. Ho har laga til eit storslått selskap, laga mat, invitert alle gjestane og til og med opptredd som sjølvaste Dolly Parton utan å få så mykje som eit takk tilbake. Når barndomskjærasten hans, Johanna Charlotte, får ein dans og ikkje ho, blir ho så skuffa at ho drikk seg full og må fraktast heim. Ho kranglar stadig med tenåringsdottera Jenny, og ligg i konflikt med resten av familien etter at bestemora skjøtte huset sitt over på ho. Cathrine kjenner seg utanfor og aleine. Når den svenske dyrlegen viser interesse for ho og ser ho slik ho har ønska seg sett i lengre tid, vil ho greie å stå imot?

Det er ikkje snakk om månader, men år sidan sist ho kom med Tom Ove. Iblant har ho late som, og han blir så glad når han trur at han har fått det til. Så stolt, og ho kjenner noko ømt i brystet når ho ser på det litt forkava, men smilande ansiktet hans. Det er ei slags tilfredstilling i det også. Vi har det godt vi, Cathrine, kan han finna på å seia etterpå, og ho har alltid svara ja, kyst han og klemt han og gjort alt for å ikkje røpa at han ikkje har fått det til. 

Handlinga er ganske typisk; Cathrine og Tom Ove har vore saman sidan tenåra, og han er også den einaste mannen ho har vore med. Han er ein snill mann som gjer sitt beste, men han tek nok Cathrine litt for gitt. Når han ikkje vil blande seg i familiekonflikten, tolkar ho det som nok ei manglande interesse for ho. Rutiner er ikkje lenger nok for Cathrine, som mjuknar under den spennande, svenske innflyttaren sine forførande ord. Om Tom Ove er ein dårleg ektemann, eller om det er enklare for Cathrine å rettferdiggjere eit eventuelt val om å vere utru med å setje han i den båsen, får vere opp til lesaren å bestemme. Eg veit ikkje om det er Fifty Shades som har rota til fantasien min, men eg merka at eg for ein gongs skyld heia på den lokkande freistaren.  

Tittelen og omslaget på boka hintar til romanen sine undertonar av buddhistisk tankegang, vanskelege val og reiser til Austen. Det fall likevel ikkje heilt i smak hos meg. Eg synest det blir for sukkersøtt og tilbaketrekt, noko som kanskje gjer at ein potensiell lesar ikkje vil feste seg ved boka. Sjølv hadde eg ikkje sett to gongar på boka hadde det ikkje vore for at eg visste at Røssland har skrive si første vaksenbok, som eg har gledd meg til å lese. La oss håpe eg tek feil med omsyn til boka sin utsjånad, for det er ei fin historie som fortener å bli lest av fleire. Eg likte Kirsebærsnø, og om eg skal komme med noko negativt, er det at boka godt kunne ha vore 100 sider til.

God bok. Anbefalast.

Takk til Samlaget.

Agnes i senga

Heidi Linde: Agnes i senga, 264 sider

-That`s great, sier Agnes. Når hun skal uttrykke seg positivt, er det alltid great hun tyr til. (...) - We hope you don`t mind, sier Barbara. - We think the nakedness is the most natural thing in the world. Harold nikker og strammer hendene rundt rattet, et øyeblikk blir det helt stille inne i bilkupeen, det eneste som høres, er den svake susingen fra klimaanlegget og den jevne duringen fra motoren, og Agnes innser at det er hennes tur til å si noe.
-That`s great, sier hun. 

Etter fantastiske Nu, jævlar! visste eg at Agnes i senga var noko for meg. Eg hadde rett. Eg begynte på boka i går tidleg og var ferdig før Dagsrevyen. Boka er kjempevittig og eg kan ikkje hugse sist eg lo så mykje, høgt. Etter Fifty Shades var dette akkurat det eg trengde. 

Agnes har blitt dumpa av sambuaren sin, William. Ho er sjukmeld med diagonsa psykisk ustabil, situasjonsbetinget og har fått låne ei av leilegheitene i bygarden som faren hennar eig. Reddande engel som han er, går han ikkje av vegen for å minne Agnes på at no som ho er 32 år og forfallen er ho heilt klart mindre attraktiv for menn. Det er eigentleg ei jente som heiter Åsa som bur i leilegheita, men ho skal ha praksis i nokre veker og lar Agnes få bu der. Her går dagane stort sett ut på å sjå på Dr. Phil og ete pasta carbonara. 

Også i denne romanen glimtar Linde til med skildringar som gjer at ein nærmast kan sjå det i film. Eg kan nemne episodar i fleng som fekk meg til å gapskratte: Når kabinpersonalet skal simulere ein "Emergency-situasjon", piloten som står utanfor hotellrommet til Agnes og roper at han vil "knulla och knarka"! Den engelske nudistfamilien Agnes bur hos da ho lar seg overtale til å vere au pair i England. Dette er så morosamt at eg trur mitt nye prosjekt blir å misjonere rundt med boka. 

Om eg skal kategorisere boka, vil eg påstå at det er ei blanding av den svenske filmen "Cops", spedd i ein dose av Loe og Ravatn. Med meir. Dette er fantastisk lesnad. Til skilnad frå Nu, jævlar! har ikkje denne boka fleire hovudpersonar. Det er kun Agnes det handlar om, men ho er til gjengjeld så fascinerande at det er ikkje behov for fleire. Men vi får sjølvsagt møte bipersonar. Mellom anna Samuel, Åsa sin ekskjæraste, som også har blitt dumpa. Agnes si barndomsvenninne. Jorun Helene, som ikkje går av vegen for å ringe med siste nytt om William og den nye dama. Den innpåslitne naboen, Gro Moe, som vil klemme ut sorga og invitere på vaffelfest og den unge pakistanaren i kiosken. Alle bidreg stort for å halde spenninga oppe. 

Til slutt onanerer hun til tippekampen. Det er et tamt og sjansefattig oppgjør mellom Southampton og Fulham, først helt mot slutten av kampen kommer det endelig en scoring, men det er ikke all verden å juble over, det er visst i eget mål. 

Sjølv om boka har ein gjennomgåande humor, skal ein ikkje kimse av kjærleikssorg. Her er alvor og røynd i botnen, noko som pregar Agnes. Faren og bror hennar behandlar ho ikkje noko særleg fint, og det kan sjå ut til at ho er van med å la seg trakke på. Eg synest Linde får fram den tafatte, men sterke Agnes på ein levande og taktfull måte. 

Etter at hun har lagt vekk telefonen, finner hun fram foundationene igjen. Hun går for 02 beige, og mens hun smører kremen utover ansiktet og registrerer, ikke uten en viss forbløffelse, hvordan porer og urenheter forsvinner under dekket av lysebrun farge, forestiller Agnes seg at hun blir intervjuet i en spalte der ett av spørsmålene er Beskriv deg selv med tre ord. Og blant alle ord og absolutt alle adjektiv i hele verden er det disse tre hun ender opp med: snill, ordentlig, beige. 

Tittelen på boka burde vere nok til å fange merksemda. Anbefalast. Heilt klart.


Takk til Gyldendal. You made my dag. 

Fifty Shades

E L James: Fifty Shades of Grey, 514 sider, Fifty Shades Darker, 584 sider og Fifty Shades Freed, 579 sider

Shall I make you come? Please..

Jeg har merket meg at mange som skriver om serien har med hvordan de tilfeldigvis kom til å lese disse bøkene, og jeg er naturligvis intet unntak. Landeplager holder man seg langt unna. Meen så skulle mannen min bestille en bok fra amazon (Football Manager Stole My Life, hva ellers?), og siden engelske bøker så å si er gratis (sammenlignet med norsk pris) bestilte jeg, ja jeg, norsklæreren, denne erotiske trilogien samtidig. Fem bøker (Northanger Abbey ble også med)  for den nette sum av 203 NOK. Til denne prisen blir jeg nok nødt til å lese flere engelske bøker.

De fleste har sikkert fått med seg at boken handler om forholdet mellom litteraturstudenten Anastasia Steele og forretningsmannen Christian Grey. Og at det er en del erotiske scener (29 i første boken..hem hem..). Mr. Grey er en dominant og ønsker at Anastasia skal bli hans undersått og så har vi det gående i 1500 intense sider.

Altså, dette er ikke kvalitetslitteratur. Språket gjentas til det uendelige, jeg synes slutten ble banal og hadde klart meg fint uten denne "Inner Goddess" Anastasia stadig refererer til. Men, jeg ble hekta. Oppslukt. Ok, besatt. De siste to ukene har jeg stort sett levd i en boble bestående av Christian og Ana, og meg, kikkeren. Norsklærer eller ei, tiltrekningen mellom disse to er fengslende, avhengighetsskapende og jeg får bare bøye meg i støvet og innrømme at jeg ikke er det spor bedre enn de andre 40 millionene som har lagt sin elsk på denne serien. And I quote: The book's erotic nature and perceived demographic of its fanbase as being composed largely of married women over thirty led to the book being dubbed "Mommy Porn" by some news agencies. Wikipedia. Så der har dere meg. 

Anbefales. Selvsagt. We aim to please. 

Livet tilbake

 Lori Lansens: Livet tilbake, 401 sider. Oversatt av Jorunn Leite

Mary Gooch er 43 år, 142 kg og blir forlatt av ektemannen kvelden før sølvbryllupsdagen deres. Hun har knapt vært ute av huset siden hun giftet seg og er overmannet av en konstant sult hun omtaler som "matmonsteret". "Matmonsteret" har styrt livet hennes i flerfoldige år og kan trygt sies å være hovedårsaken til alt hun velger bort. Frykten for mat og forakten for hennes egen kropp styrer alt hun foretar seg. Hun våget ikke å reise på cruiset hun vant billetter til og har ikke elsket med mannen sin på over seks år. Maten tvinger henne bort fra livet og nå har mannen hennes fått nok. Mannens uventede avskjed tvinger Mary til å ta affære. Hun forlater sitt trygge hjem i Canada og reiser til California for å finne mannen sin. I stedet for mannen sin innser Mary at hun er i ferd med å finne tilbake til livet.

Mary treffer flere mennesker som ved ulike anledninger hjelper henne til å akseptere seg selv. Hun opplever verden utenfor huset sitt, noe som tar hovedfokuset bort fra "matmonsterets" stadige krav til påfyll. Dette fører til at hun begynner å tape vekt, og for første gang på flerflodige år kan hun igjen ta kontroll over egen kropp. 

 Jo da, det var en fornøyelig bok om å "finne seg sjæl" i en verden full av fremmede. Oppskriften er lett, vi har alle lest lignende før og heier selvsagt på Mary. Språket er enkelt, men jeg synes likevel forfatteren unngår de verste klisjeene. I likhet med tidligere utgitte romaner, tar hun seg kunstneriske friheter og har en herlig ironisk sans. En morsom observasjon er at Mary bor i samme område som de berømte siamesiske tvillingene fra Aldri alene. Jeg er litt skuffet over den brå slutten, men det viser til syvende og sist hva som er hovedtemaet i boken. 

En helt grei bok som glatt gikk ned. Tygget og fordøyd, men i glemmeboka om kort tid.

Abarat

 


Clive Barker: Abarat, absolutt midnatt, 569 sider. Oversatt av Cecilie Winger

Ukens bok i Bokbloggturneen er tredje del i Abarat-serien. Første boken kom ut i 2003, andre i 2005 og det er planlagt fem bøker tilsammen. For nye lesere kan det nevnes at det er planlagt relansering av de to første bøkene i 2012, da i pocketform.

Forsinkelser i utsendingen førte til at jeg ikke fikk boken før en liten uke siden. Egentlig skulle turneen bli gjennomført forrige uke, men med en murstein av en bok trengs det litt lesetid. Så jeg har ikke lest boka. Og jeg må innrømme; Jeg kommer nok ikke til å lese boka. Dette er ikke min type bok, og jeg får kveldningsfornemmelser bare ved tanken av fantasyrelatert lektyre. I alle fall dersom jeg skal hoppe inn i bok nummer tre. Jeg innser at det er min egen feil, som ba dem sette meg opp på de bøkene de ville. Men at jeg har blitt satt opp på denne gikk meg dessverre hus forbi. Jeg får legge meg helt flat og håpe på tilgivelse.

Om boken sier forlaget: Seksten år gamle Candy Qvakkenholt reiser gjennom øyriket Abarat, der hver time er en øy i en evig dag, og ingenting er slik det ser ut. Med seg har hun Jøsrotta Malingo, den rømte fangen; de kranglevorne Jonbrødrene, som deler samme kropp, men aldri samme mening; og mange andre fargerike skikkelser de treffer på sin vei. Uansett hvor Candy kommer, forfølges hun av problemer. Snart gjennomskuer hun en hemmelig plan, klekket ut av den djevelske Bestemor Broket, som er besatt av drømmen om å bli keiserinne over hele øyriket. Metoden hennes er enkel. Hun vil formørke himmelen og slukke sol, måne og stjerner. Hun vil frembringe ABSOLUTT MIDNATT.

Om ikke sjangeren tiltrekker meg, er det i alle fall flerfoldige som finner den høyst forlokkende. Dersom du synes Abarat virker interessant, anbefaler jeg deg å titte innom Julie, som heller ikke har lest boka, men som til gjengjeld har kastet seg over første bok i serien og har skrevet et svært innholdsrikt innlegg.  Marielle er også med i turneen, men jeg tror ikke hun har skrevet noe enda.

God fornøyelse.

Mamma er en countrysang

Cathrine Evelid: Mamma er en countrysang, 188 sider

Attpåklatten Gry vokser opp i et religiøst miljø på Jæren. Seksten år gammel får hun barn med Terje, noe moren og søstrene hennes har vanskelig for å svelge. Terje og Gry flytter til Stavanger, hvor Terje dykker i Norskerenna og Gry serverer på Grillen. Sønnen Stig har blitt ni år og er ofte med mamma på jobb. Hver kveld etter arbeidstid, pleier de å stikke innom utestedet Dickens for å hente hjem Terje. Stig får innblikk i mer enn han forstår, noe som gir historien et lavmælt og sårt punkt.

Som countrysanger flest, er også boka preget av savn og smerte. 26 år gamle Gry bærer på en drøm om å synge inn en reklamejingle i nærradioen, mens mannen kan deklamere Terje Vigen på rams. Begge er svært opptatt av musikk, spesielt Johnny Cash og Bonnie Raitt. En kontrast til oljebyens påbegynte jappetid og amerikanske tendenser, er Grys tilbaketrukne familie på Ogna i Jæren. De har gård og sverger til pietistiske verdier. For dem er havet ikke annet enn en kilde til mat, og de fnyser av Gry og Terjes "fancy" levestil som moderne familie på tre.

Jeg likte boka veldig godt. Tittelen traff meg midt i hjertet, og de stadige musikkreferansene gjør at handlingen åpner for flere lag. Romanen har i tillegg et tyngre tema som gjør denne  historien til en mer helhetlig og solid leseropplevelse. Og språket, ja det var slett ikke verst, det heller. Kudos til Evelid, som egentlig er billedkunstner. Eller burde jeg si også?

Anbefales.

Takk til Aschehoug.