RSS

Samtale ventar

Marit Eikemo: Samtale ventar, 390 sider

Marit Eikemo debuterte i 2006, og reknast allereie for å vere ei av dei viktigaste nye stemmene i norsk litteratur. Eg likte godt den førre romanen hennar, Arbeid pågår, som eg las for nokre år sidan. No har eg lest Samtale ventar og er stadig begeistra.

Samtale ventar tek for seg 38 år gamle Elisabeth Brenner, ein journalist på attføring. Ho har fått eit oppdrag av NAV, å samle dialektprøvar på den vesle industristaden Einvik. Her innlosjerer ho seg i brakkane, med kun det mest nødvendige i bagasjen. At ho busett seg saman med andre mannlege industriarbeidarar skaper merksemd blant innbyggjarane i bygda, og ho får eit litt ufortent rykte på seg.

Elisabeth er svært samansett, og ser ut til å veksle mellom å vere sjølvsikker og nervøs. Ho seier ofte feil ting, og ender opp med å fornærme folk. Dette gjer at ho ofte blir oppfatta som usympatisk og frekk. Vi får inntrykk av at Elisabeth hevar seg over dei andre, ho kan blant anna ikkje skjøne kvifor nokon vel å busetje seg på ein slik stad. Ho er ein ivrig Facebookbrukar, jamvel ein nokså passiv ein. Ho får med seg det meste om andre, men deler ikkje mykje sjølv. Ho trykker "Likar" på det ho mislikar, og avslørar fordommar mot denne pynta sjølveksponeringa.

Eg sjekka Facebook, og såg at journalisten allereie hadde lagt meg til som venn. Eg likte det dårleg. Hasta det sånn, at han måtte gjere det via iphonen sin på veg tilbake til kontoret? Eg skulle til å ignorere førespurnaden hans, men kom tvert imot, ved eit uhell, til å godta den i staden, og då var skaden skjedd.

Under intervjua kjem Elisabeth i kontakt med mange ulike mennesketypar, både einstøingar og dei som prøver å gi seg ut for å vere det motsette. Det er interessant å lese om dynamikken i bygda, som aldri har komme seg på føtene igjen etter at verftet gjekk konkurs. Dei få som er igjen har anten gitt opp fullstendig, eller ser på det som si livsoppgåve å redde bygda frå det endelege forfallet. Elisabeth blir stadig meir innvikla i historia til intervjobjekta sine, og greier til slutt ikkje å skilje mellom jobb og privatliv. Det er nesten tragisk å lese om ein hovudperson som observerer dei andre så sikkert, men likevel ikkje greier å sjå seg sjølv.

Eikemo skriv utruleg godt! Ho tek opp fleire sårbare tema, men har heile tida ein underliggjande humor, som balanserer historia. Ho er spesielt morosam når ho skildrar Elisabeth sitt skarpe og analytiske blikk i møte med intervjuobjekta. Romanen sin tittel er treffande og peiker på ein manglande, ventande kommunikasjon mellom menneska. I staden for å ta denne lengtande samtalen, vel vi å distansere oss enda meir ved å "Like" statusen deira. På den måten trør vi ikkje for nærme. Eg likte boka kjempegodt og skal heilt klart lese meir av Eikemo.

Denne bør du lese.

Takk til Samlaget.


1 kommentarer:

ellikken sa...

Ok, da. Siden du sier det, så :)