RSS

Kirsebærsnø

Ingelin Røssland: Kirsebærsnø, 200 sider


Det er ikkje før på førtiårsdagen til mannen hennar, Tom Ove, at Cathrine oppdagar ei enorm skeivfordeling i ekteskapet deira. Ho har laga til eit storslått selskap, laga mat, invitert alle gjestane og til og med opptredd som sjølvaste Dolly Parton utan å få så mykje som eit takk tilbake. Når barndomskjærasten hans, Johanna Charlotte, får ein dans og ikkje ho, blir ho så skuffa at ho drikk seg full og må fraktast heim. Ho kranglar stadig med tenåringsdottera Jenny, og ligg i konflikt med resten av familien etter at bestemora skjøtte huset sitt over på ho. Cathrine kjenner seg utanfor og aleine. Når den svenske dyrlegen viser interesse for ho og ser ho slik ho har ønska seg sett i lengre tid, vil ho greie å stå imot?

Det er ikkje snakk om månader, men år sidan sist ho kom med Tom Ove. Iblant har ho late som, og han blir så glad når han trur at han har fått det til. Så stolt, og ho kjenner noko ømt i brystet når ho ser på det litt forkava, men smilande ansiktet hans. Det er ei slags tilfredstilling i det også. Vi har det godt vi, Cathrine, kan han finna på å seia etterpå, og ho har alltid svara ja, kyst han og klemt han og gjort alt for å ikkje røpa at han ikkje har fått det til. 

Handlinga er ganske typisk; Cathrine og Tom Ove har vore saman sidan tenåra, og han er også den einaste mannen ho har vore med. Han er ein snill mann som gjer sitt beste, men han tek nok Cathrine litt for gitt. Når han ikkje vil blande seg i familiekonflikten, tolkar ho det som nok ei manglande interesse for ho. Rutiner er ikkje lenger nok for Cathrine, som mjuknar under den spennande, svenske innflyttaren sine forførande ord. Om Tom Ove er ein dårleg ektemann, eller om det er enklare for Cathrine å rettferdiggjere eit eventuelt val om å vere utru med å setje han i den båsen, får vere opp til lesaren å bestemme. Eg veit ikkje om det er Fifty Shades som har rota til fantasien min, men eg merka at eg for ein gongs skyld heia på den lokkande freistaren.  

Tittelen og omslaget på boka hintar til romanen sine undertonar av buddhistisk tankegang, vanskelege val og reiser til Austen. Det fall likevel ikkje heilt i smak hos meg. Eg synest det blir for sukkersøtt og tilbaketrekt, noko som kanskje gjer at ein potensiell lesar ikkje vil feste seg ved boka. Sjølv hadde eg ikkje sett to gongar på boka hadde det ikkje vore for at eg visste at Røssland har skrive si første vaksenbok, som eg har gledd meg til å lese. La oss håpe eg tek feil med omsyn til boka sin utsjånad, for det er ei fin historie som fortener å bli lest av fleire. Eg likte Kirsebærsnø, og om eg skal komme med noko negativt, er det at boka godt kunne ha vore 100 sider til.

God bok. Anbefalast.

Takk til Samlaget.

7 kommentarer:

Rose-Marie sa...

Jeg fikk umiddelbart assosiasjoner til Ebba Haslunds "Bare et lite sammenbrudd", som inneholder nesten nøyaktig de samme ingrediensene - men der er det 50-årsdager som feires.

Veldig spennende omtale du har laget!

Lena sa...

Takk! Den har jeg ikke lest, der den bra?

Beathesbokhylle sa...

Fin omtale, jeg er glad jeg har denne stående klar og jeg må innrømme at jeg blir mer og mer nysgjerrig på disse fifty shades bøkene..men først skal jeg lese "Bare for deg" som er i samme gate som fifty... Kommer ikke unna dette temaet i høst ser det ut for;-)

Lena sa...

Hihi.. Takk.

Silje - så rart sa...

Jeg skal også lese denne snart. Den virker veldig fin og jeg liker godt ungdomsbøkene til Røssland, spesielt Handgranateple som har en enda finere tittel enn denne.

Jeg har i utgangspunktet bestemt meg for å ikke lese Fifty shades, men heller lese annen erotisk litteratur som nevnte Bare for deg. Jeg må innrømme at det begynner å friste litt likevel ettersom det har kommet noen mer begeistrede omtaler i det siste.

Jeg har forresten forsøkt å kommentere hos deg før, men gitt opp etter mange forsøk på ordbesyttelsen.

Rose-Marie sa...

Du kan jo vurdere selv - etter å ha lest mine omtaler av henholdsvis "Bare et lite sammenbrudd" og oppfølgeren "Sekskanten" - http://rosemariechr.blogspot.no/search/label/Haslund%20Ebba

;-) Rose-Marie

Melusine sa...

Takk for lesetips, jeg har hørt om denne boken uten at det har fristet å lese den. Det gjorde det derimot nå :)