RSS

Vondskap

I likskap med resten av Noreg, vakna eg i dag opp til sjokkerande nyhende. Det som i går kveld var minst 17 omkomne, ufatteleg, unødvendig, var i dag over 80. Brutalt rive vekk. Ubegripeleg, skremmande, trist. Det finst ikkje ord. Kva ville det vere? Kva skulle dei seie? Eg veit ikkje. Det er uforståeleg. Det er umenneskeleg. Det er vondskap.

Eg har gjort det som mange andre plar gjere i situasjonar som dette; Forsøkt å tenkje på andre ting, vore saman med familie, lest ferdig ei bok. Men stadig har tankane avbrutt meg. Stadig har eg vore innom nettet for å sjekke oppdateringar. Korleis kan eg la vere? Somme bloggarar oppmodar til eitt døgn med bloggestopp. Eg veit ikkje kva eg synest om det. Eg visste ikkje om eg skulle skrive noko. Om eg burde skrive noko. Men eg har ikkje anna enn ord å støtte meg til. Sjølv om dei gir fattig trøyst. Eg skjønar at det kan vere respektlaust å skrive når slikt har hendt, men samstundes treng folk å få det ut. Skriving kan vere terapeutisk. Samhald. Frigjering.

Det kjennest ikkje rett at eg skal sitje her og ytre meg om noko som i stor grad ikkje er mi sorg. Eg har ikkje mista nokon eg er glad i og er takksam for det. Eg kan gjere alt eg hadde planar om i dagane framover, kun avbrutt av tankane. Eg er i dag berre ein tilskodar til dette forferdelege som rullar over tv-skjermar, radio, aviser. Alle mine nære har det godt. Eg er priviligert og kan setje marerittet til sides når det blir for sterkt. Kva med dei som ikkje kan det? Altfor mange andre er dessverre ikkje like heldige. Dei kan ikkje berre skru av tv-en, bileta, lydane, skudda, smellet. Lukta av blod og redsel. Det å aldri meir få sjå sine kjære. Dei er framleis midt i marerittet. Eit mareritt som aldri skulle ha skjedd.

Min djupaste medkjensle til alle dei involverte.

Francis Meyers lidenskap


Henrik H. Langeland: Francis Meyers lidenskap, 556 sider

Eg er glad eg ikkje lot Verdensmestrene skremme meg vekk i frå denne forfattaren, for denne boka likte eg kjempegodt! Eg har endatil Wonderboy ståande i hylla. Begge lånt av same dama, som gjekk på UiO på den tida Langeland gjekk der - om eg ikkje hugsar feil. I motsetnad til Verdensmestrene, interesserte denne boka meg i aller høgste grad. Det er både ein spenningsroman, ei kjærleikshistorie, eit mysterie - og for min del det aller viktigaste: Ei nostalgisk reise i nordisk litteraturhistorie. Eg har ikkje teke heilt det same kurset, men har hatt mykje av det same. Uansett så er det aldri feil å referere til litteratur i ei bok. Sukk.. Karin Boye, Stein Mehren, Astrid Hjertenæs Andersen, Rolf Jacobsen, Arne Garborg osv osv. Ei bok, i ei bok, i ei bok. Kan det bli betre? Størst plass tek Dorothe Engelbretsdotter og Petter Dass, som eg enno ikkje har begynt å snakke om. Eg er berre så begeistra.

Francis Meyers lidenskap handlar om 53-årige professor Francis Meyer, som underviser ved Universitetet i Oslo. Han blir sett til å forelese i nordisk lyrikk frå år 1700 til 2000, og allereie første forelesingsdag oppdagar han 26-årige Nadia Reza Lindtner, ein norsk-iransk masterstudent. Ho skal skrive masteroppgåve om Dorothe Engelbretsdotter, og vil ha Meyer som rettleiar. Samstundes blir Meyer innblanda i funnet av eit dokument, som viser seg å vere inkje mindre enn eit 300 år gammalt Petter Dass-manuskript som kan endre norsk litteraturhistorie. Sistnemnde er endatil basert på reelle fakta. Spennande, spennande.

Eg synest Langeland har eit presis og nøkternt språk. Det punktlege språket held forteljinga i likevekt, noko som gjer den ekte lidenskapen så mykje meir synleg i dei litterære tolkingane. Eg måtte fleire gongar hente fram dikta professoren snakka om, for det var nett som eg var til stades i undervisinga. Eg ønskte å nærme meg teksten like mykje som studentane, samstundes som eg hadde den vesle distansen romanen gav meg. Ein tekst er aldri aleine. Det er mykje snakk om intertekstualitet i denne boka, og eg synest Langeland fekk til ein aldri så liten grand finale med tanke på korleis romanen sluttar. Ein veldig gjennomført og heilheitleg roman.

Eg vil påstå at dette er ein slags DaVinci-koden for litteraturinteresserte. Eg er absolutt hoyen på meir. Anbefalast!

ROSAPROSA


Ida Roggen og Tonje Tornes (red.): ROSAPROSA, 160 sider

Har du hørt historien om den kåte jenta?

Alle i kor: Ja. Ja, vi har høyrt om ho og (eg i alle fall) tenkjer umiddelbart på Alma i Få meg på, for faen! Men det er ikkje berre Alma som figurerar i denne boka, men ho er her ho og. Saman med 15 andre kåte jenter. Og det er særs moro lesing. 16 relativt kjende jenter fortel om orgasme og kåtskap. Feministen Martine Aurdal fortel blant anna om primitiv porno og da vibratorane tok over tupperware-partya. Tonje Tornes har seksuelle fantasiar om ein raud demon, Ingvild Sandnes venter framleis på den rette medan Åse Brandvold og Maria Børja har ein samtale om pulevenner. Med meir.

The undercover girls gjorde opprør mot myten om at enter alltid ønsker seg tosomhet og monogami. Vi hadde rett til å ligge med hvem vi ville. Og vi gorde det fordi vi hadde lyst.

Eg nikkar samtykkande over mykje, raudnar vilt over resten. Men vi har høyrt alle historiene om guten og pornobladet, no er det på tide at jentene kjem til orde. Det er flautt. Det er dristig. Det er bra.

Anbefalast.

Glemte minner


Rannveig Marit Mindresunde: Glemte minner. En roman basert på en sann historie, 249 sider

Forrige uke fikk jeg en hyggelig e-post fra Rannveig Marit Mindresunde; Hun har skrevet sin første roman, om jeg hadde lyst til å lese? Og det hadde jeg selvsagt! Mindresunde er bosatt i Oppstryn sammen med samboer og sønn, og her har hun hentet inspirasjon til sin første roman.

Fra bokomslaget: En kald søndagskveld i januar 1905 springer en ung kvinne på lette bein over broen på Vassenden og videre opp mot Sæten. Hun stopper ikke ved broen som så mange kvelder tidligere. - Noen få minutter senere er broen borte og hennes barndoms dal forandret for alltid. Bygder er utslettet, og 61 mennesker har sluttet å puste. Borte, som en stille fugl over ravnsvart vann.
31 år senere, i 1936, går en pike over vrakrestene av det som for noen få timer siden var varme stuer fulle av stille kjærlighet og gode stunder. Det er ingenting igjen. Livet blir aldri det samme for Rakel, den unge kvinnen som fylte 22 år den dagen da ravnen på ny lot vingespissene berøre vannet.
I 2009 finner en ny pike minner og spor fra livet i dalen, og biter fra hennes egen fortid faller sakte, men sikkert på plass. Hun vet ennå ikke at den største sorgen fremdeles venter på henne, en sorg som forandret en hel generasjon, og som tar henne med til en mørk reise tilbake i tid. Tilbake til en fortid som krysser grenser, selv etter døden. - Denne piken er bokens forfatter...


Den lille bygda Loen i Sogn og Fjordane opplevde to forferdelige rasulykker i 1905 og 1936, ulykker som tilsammen tok 135 menneskeliv. I Glemte minner tar forfatteren utgangspunkt i disse rasulykkene, som var nær ved å utslette hennes egen slekt. Det som er spesielt med denne boka, er at Mindresunde skriver om sin egen familie. Hun har med stedsnavn og redegjør for langt på vei identiske hendelser, men legger ikke skjul på at hun har tatt seg noen kunstneriske friheter. Dette gjelder i hovedsak navn på personer og personlig informasjon. Likevel er romanen så godt som sann. Fortid, nåtid og fremtid utgjør Glemte minner. En historie forfatteren lenge har ønsket å fortelle. En historie som ikke ville bli glemt.

Mindresunde skriver vakkert om slekten sin, og har helt rett i at vi ikke må glemme. Hun forteller om livets gang, kjælighet, strev, motgang og det å komme seg videre. Jeg hadde selv et veldig nært forhold til bestemoren min, som ofte fortalte om barndommen sin. Likevel skulle jeg ønske jeg visste mer, forsto mer. Mindresunde skriver om bestemoren sin, latteren hennes, samtalene rundt kjøkkenbordet da hun var barn. At de etterhvert ble byttet ut med venner, trening og jobb. Hun kjenner gråten i brystet når hun tenker på at hun ikke skjønte hva hun hadde mistet før det var for sent - og dette tror jeg nok de fleste av oss føler om besteforeldrene våre. Det de fleste av oss derimot ikke har gjort, er å skrive en kjærlighetserklæring lik denne. Bestemoren din har ikke bare satt evige spor hos deg, Rannveig, men også hos alle som leser boken.

Glemte minner har en nydelig språkdrakt, og skildrer vakkert enten det er lykke eller sorg. Men jeg må likevel innrømme at skildringene ble litt vel dansende og lekende for min del. Jeg tror uansett at Mindresunde er ment for et litt annet publikum enn meg (som har en forkjærlighet for fragmentariske, lekne og bisarre (!) skrivestiler), og i så fall er språket perfekt. Jeg tror vi kommer til å høre mer fra henne.

Takk til Rannveig for leseeksemplar.

Anbefales.

Nattefokk


Johan Theorin, Nattefokk, 391 sider

Det er litt komisk med lesesirkelen eg er med i, for vi forsøker alle å lese meir av det "den andre les". Og for meg blir det krim. Denne gongen las eg Nattefokk, og hjelp! Boka var skummel. Og trist. Og spennande. Og med ein heilt overraskande slutt. Eg likte ho svært godt.

Eg har nyst starta på sommarens familieferie, og sit på Dyreparken hotell i Kristiansand (og jaggu er her ikkje IKEA rett ved siden av). Eg har l-o-v-a mannen å ikkje bruke lang tid på å skrive denne omtalen, så eg har ikkje eingong tid til å skrive kva boka handlar om. Noko seier meg at dei fleste av dykk veit det likevel. Eg er nok ein av få som les lite krim.

Uansett, boka anbefalast. No er det dags for ein episode av Dexter (slapp av, borna søv godt).

Meg eier ingen


Åsa Linderbord: Meg eier ingen, 275 sider

Du veit den kjensla du har før du har lese ei mykje omtalt bok? Du ser på bokomslaget og har forventingar, håp. Kanskje har du høyrt eitt og anna om kva ho handlar om, kor bra ho er - men du veit det eigentleg ikkje før du har lese ho sjølv. Av og til er det motsett. Du høyrer fantastiske ting, gler deg vilt til å ta del i det, drøyme deg fullstendig vekk i lesinga. Og så er boka alt anna enn bra. Bokomslaget blir redusert til eit irritasjonsmoment. Eit hån. Ein spottande løgn som lova deg ei draumeverd. Ler til deg frå bokhylla. Om du ikkje har kasta boka da. Du gir som regel ikkje vekk ei sånn bok. Ikkje utan ei åtvaring. Av og til skjer det noko uventa. Du plukkar opp ei ukjend bok. Har aldri høyrt om ho, men tek ho likevel. Det berre kjennest rett. Du les ho og ho er eventyrleg. Kvifor har du ikkje høyrt noko om denne? Veit ikkje folk om ho?

Meg eier ingen har folk høyrt om. Eg hadde høyrt om ho. Ho lyste mot meg på ein loppemarknad. Klart ho skulle bli med heim. Denne hadde eg høge forventingar om. Så gjekk det ein månad. Og ein til. Og enda ein. No er det snart eit år sidan, og endeleg.. Eg visste ho var bra. Bokomslaget er det same. Ingen løgn. Men no har eg ei heilt anna kjensle når eg ser på det. Ein klump i halsen som veks, minner som trengjer seg fram. Det er ikkje mine minner, men likevel. Det er fine minner. Sjølv om det er trist, er det likevel fint. Fordi dei elska kvarandre.

Åsa Linderborg har skrive ei nydeleg bok om pappaen sin. Mor hennar flytta ut da Åsa var fire år gammal. Attende sit ein sønderknust far, og ei dotter som snart venner seg til at det berre er ho og pappa. Ein pappa som er styrt av alkohol, men som likevel forsøker å gi dottera ei god oppseding. Han skuldar pengar til heile slekta, og dei et som regel middag heime hos farfar og farmor. Åsa må ofte vente aleine i mørkret utanfor barnehagen, fordi han set ho av der. Det kjem snart nokon likevel, og han må på arbeid. Han er trass alt Sveriges herdermester. Av og til må ho vere med på nattevakt. Da syklar dei fram og tilbake midt på natta. Han ber ho om ikkje å seie noko til farfar. Det gjer Åsa aldri.

Åsa Linderborg fortel om pappaen sin. Ho fortel om dei kraftige hendene hans, korleis han tøysa for å få ho til å le. Kor glad ho er i han, og han i ho. Det er ei nydeleg historie om ein djup kjærleik mellom ein far og ei dotter. Det har alltid vore dei to. Faren hennar gjer sitt beste, men det er likevel ikkje nok. Alkoholen sitt grep er sterkare, og Åsa begynner etterkvart å kjenne skammen på kroppen. Dei kraftige hendene hans verkar mindre for kvar gong ho ser han, stova heime er ikkje så fin som ho hugsar. Faren skjønar så altfor godt. Det er sårbart å lese.

Eg tenkjer på boka som Åsa si siste kjærleikserklæring til pappaen sin. Og det er nydeleg. Ser du på omslaget kor glad dei er i kvarandre. Kjenner du klumpen i halsen?

Anbefalast varmt!

En svunnen tid


Kate Morton: En svunnen tid, 624 sider

Når Edie Burchills mor mottar et femti år gammelt brev fra Milderhurst slott - og ikke vil fortelle hva som står i det, begynner Edie å mistenke at hun skjuler en gammel hemmelighet. Hun bestemmer seg for å etterforske morens fortid. Edie og moren har et anstrengt forhold, og Edie håper at oppdagelsene kanskje kan belyse hvorfor.

I likhet med Mortons tidligere romaner, er En svunnen tid delt inn i parallelle historier, nåtid og fortid, som sakte nøstes opp ved å hoppe frem og tilbake i tid, fra person til person. Ved å grave i fortiden, oppdager Edie at moren ble evakuert fra London til slottet Midlerhurst under andre verdenskrig. Her bodde hun sammen med tre søstre i over 18 måneder. Søstrenes far, Raymond Blythe, forfatteren av Den sanne fortellingen om Muddermannen, bodde også på slottet. Dette var Edies absolutte yndlingsbok som barn, så hun kan ikke skjønne hvorfor moren har unnlatt å fortelle dette. Dess dypere Edie går, dess flere hemmeligheter oppdager hun. Tilfeldighetene ser bare ut til å øke, og Edie kan ikke lenger unngå sannheten. Noe fryktelig hendte på slottet, og moren hennes var involvert.

Jeg er fan av Kate Morton, og har ventet på hennes tredje bok helt siden den kom på engelsk i fjor, og hvorfor leser jeg den ikke bare på engelsk? Nei.. Derfor. Jeg gjør det til nøds, men leser helst på norsk. Barnslig jada. Det er ikke mangel på lektyre her i gården, så jeg greier å vente til den norske utgaven. Men i alle fall. Boken kom omsider på norsk, og lest ble den. Jeg synes ikke boken var like god som de to forrige, men for all del; den er mer enn bra nok. Morton behersker fortellerkunsten, og En svunnen tid inneholder alle de eventyrlige ingrediensene: Et overgrodd slott, tvillinger, hemmeligheter, myter, tapt kjærlighet, mystikk - og kanskje det viktigste; En link fra nåtiden som kan vise vei inn i det forgagne. Det er svært spennende!

En svunnen tid er det vi så populært kaller en real page turner, og det er vel ikke så gærent en gang i blant, er det vel?

Anbefales.