RSS

Kom sommar, kom bok, kom hus!


Etter klokka 14 i morgon har eg offisielt sommarferie heilt fram til 16. august. Når eg seier ferie så meiner eg tapetsere, lakke, måle, leggje parkett og alt anna som trengst i eit heilt nytt hus. Vi har nytta, og nyttar framleis, kvart ledige sekund til å få ferdig huset. 19. juli skal vi nemleg (endeleg) flytte inn. Hei og hurra og tretusen gongar jippi!!

Du tenkjer kanskje at "Åja, men ho kan slappe av etter 19. juli. Det er framleis nokre veker att." Men neida, for vi skal ha utleigeleilegheit som skal stå klar til innflytting 20. august. Der rauk den sommarferien, gitt. Men det gjer ingenting. Dette har eg venta på i årevis. Eg arbeider med glede. Og meir til:)

Eg skal sjølvsagt få tid til sommarlektyre. Den første boka eg skal lese, bumpa oppi postkassa mi i dag. Knausgård si femte vedkjenning. Kom sol!

2 kommentarer:

mbfjord sa...

Lykke til med flyttinga og alt arbeidet!

Og god ferie, håper du får tid til å lese masse også! :)

Lena sa...

Tusen takk! God ferie til deg også. Eg har planar om å lese masse masse:)