RSS

Glitrande debut



I går hadde eg ein særs produktiv dag. Først var eg innom jobb eit par timar (onsdag er eg ferdig tidleg), så var eg i banken, på H & M og kjøpte pyamas til småtrolla før eg for heim og gjorde frå meg fleire telefonsamtalar med eine og andre offentlege etaten. Og så begynner handlinga å ta form. Eg leste nemleg ei god bok. Og ikkje berre ei bok, men endåtil ei debutbok: Veke 53 av Agnes Ravatn. Boka blei utgjeven i 2007 og har fått ei rekkje prisar.

Veke 53 handlar om ein middelaldrande lektor, Georg Ulveset, som har ei grunnleggjande misnøye over det meste i livet sitt. Han blei skild frå kona for to år sidan, har ei tenåringsdotter han ikkje kjenner så godt som han skulle ønske og ein bestevenn som ligg på sjukehus med kreft. Alt ligg til rette for ei einsam julefeiring.

Eg leste boka i eit jafs og kosa meg skvett i hel over dei knappe 200 sidene. Når eg leste omslaget fekk eg inntrykk av at hovedpersonen var ein patetisk og ynkeleg figur, men han er tvert imot ein sjølvironisk og humoristisk type. Eg lo høgt fleire gongar og kjende meg att i mykje av scenaria. Som lærar hadde Ravatn meg i si hule hand frå første sida. Nei, no lyg eg. Eg var frelst allereie då eg skumma gjennom baksida og ordet lektor blei silt ut. Det er akkurat slike bøker eg elskar, og drøymer å skrive sjølv ein dag (her er det fullt lovleg å le høgt og lenge).

Kva som er så bra med Veke 53 kan eg ikkje heilt putte fingaren på, men det er dette med å skrive ei heilt vanleg forteljing der ein kan kjenne seg att, eller vere redd for å ein dag kjenne seg att i. Livets enkle gang. Feilgrep og valg ein tek eller lar vere å ta. Eg synest dessutan det var kjempefestleg at så mange i boka var lærarar. Det er gøy og interessant å lese om. Både fordi eg sjølv er lærar, men og fordi eg er tidlegare elev. Noko dei aller fleste er.

Lærar er på mange måtar eit komisk yrke. Tenk å frivilleg utsetje seg for å vere ein forhatt person heile livet gjennom utan andre grunnar enn eit ønske om å lære frå seg noko vettugt. Det er litt trasig å komme inn i eit klasserom og automatisk vere den teite, upopulære vaksne som ikkje skjønar nokon ting. Men så er det jo veldig kjekt når elevane gir uttrykk for å like deg. Eller stoffet du gjennomgår. Da er dagen god likevel.

Eg anbefalar Veke 53 på det sterkaste. Om du tilfeldigvis er lærar må du lese ho snarast. Om du ikkje er lærar bør du ikkje vente så altfor lenge likevel.

Men tilbake til den kjekke gårsdagen. Eg greidde nemleg å sikre meg plass på Cappelen Damms presentasjon av årets haustbøker. Endeleg er det her i Ålesund, og ikkje i Oslo og omegn, det skjer. Vi har fått ny skulebibliotekar og invitasjonen gjekk oss difor hus forbi, men etter ein telefon hit og eit namn der, så vips! fekk eg og kollega Berit (for den merksame lesar; ja, det er ho eg ofte omtalar her på bloggen) ein koseleg kveld på Teaterfabrikken i går kveld. Representantane frå Cappelen Damm, som faktisk var sjølvaste Bokdama og ei til, hadde laga quiz, så vi fekk bryna lesecellene. Og jammen kom vi på 2. plass. Hurra!

Tradisjonen tru fekk vi goodybag, og der var desse godbitane


Lars Saabye Christensen: Bernhard Hvals forsnakkelser

Els Beerten: Alle vil til himmelen


Craig Silvey: Jasper Jones (denne skal eg forresten vere med på i Bokbloggturneen)

No kan hausten kome.

2 kommentarer:

Askeladden sa...

Hvilke bøker skal du blogge om? jeg har meldt meg på fire bøker. Men har fått beskjed om at jeg skal blogge om Etter festenav Hans Petter Laberg. De andre har jeg ikke hørt noe om.

Lena sa...

Jeg vet ikke om jeghar blitt satt opp på flere, men kunne gjerne tenke meg å blogge om et par til.