RSS

DU


Thomas J.R. Marthinsen: DU, 218 sider. Gyldendal


Desse siste to vekene har vore fulle av formidable lesaropplevingar, og DU er så misanten ikkje noko unntak. Snarare kan ein seie at boka har gjort sitt til å trekkje opp snittet til dei gradar. DU. Fortellinger er debutboka til Marthinsen, og eg ser no når eg skriv at jaggu har eg lese mange debutar denne veka. Men kvifor ikkje? Ein lyt starte med det første, og bevege seg nedover. Eller blir det oppover? Til de debutantane; Det er berre å halde fram med skrivinga. Dette kan dykk.

Planen min var å lese ei forteljing når det høvde seg, og ta meg god tid på denne boka. Eg las ei, så ei til og enda ei, men så var alle 34 forteljingane plutseleg ferdige. Eg greidde rett og slett ikkje å stoppe. Kvar forteljing er på knappe tre sider, så det var veldig enkelt å tenkje at eg skal berre lese ei til, og så skal eg leggje frå meg boka. Men den planen blei med tanken..

Eg kan vel like godt seie det, no som sist: Eg elska denne boka! Marthinsen skriv om enkelthendingane, personane ein veit om, men aldri har blitt kjend med. Han fortel om korte augneblinkar ein deler med familiemedlemmar og gir barneskulelæraren eit liv etter skuletid. Han minnest hendingar frå barndommen og er så nær menneska som det går an å bli. Han er inni hovudet deira, let tankane kome og styrer dei mot målet. No begynner eg å bable, og eg kjenner meg sjølv såpass godt at eg veit det er eit kjenneteikn på at eg likte boka så inni hampen godt! Det er så mykje eg vil seie, og helst alt på ein gong.

Kanskje hadde også forfattaren mykje han ville seie. Og kva er vel betre enn å samle dei, kutte dei opp i korte episodar, enkeltavsnitt som har satt djupe spor. Eg synest Marthinsen har ei kjempefin stemme. Han ser forbi hendingane, personane og skildrar hårreisande nært. Han er varsam i forteljarstemma, og skiftar mellom rørande augneblinkar til meir brutale opplevingar. Sjølv om det er enkelthendingar, synest eg forteljarstemma er med på å knyte historiene saman. Første og siste historia ligg som ei fin ramme rundt boka. Tenk å skrive så vakkert om bestefar sin. (Her er eg allereie i gong med å analysere. Kvifor gå frå bestefar til morfar? Er det for å skilje forteljaren?)

Favorittane mine er. No blar eg i innholdslista og, høh, eg hadde bestemt meg for ei tre-fire, men dette blir visst vanskelegare enn eg trudde. Eg likte Solskinn fordi du tek opp dette med døden. Det er perverst, men eigentleg vakkert å halde på slik når bestefar din døyr. Cola light (eg er forresten Pepsi Max-oman) fordi det er berre slik det er. Spiritisme fordi du såg ho. Frøken fordi det er ei vakker forteljing. Super Nintendo fordi eg kjenner at eg blir forbanna. Noe å ta med seg fordi ho er trist. Knappen fordi vi alle har opplevd drittsekkar i barndommen. Kvifor lot vi dei trakke over oss på den måten? Videre - er det mora til han i Jakka? Big Mac, Pikk, Spå, Fotografi, 1975, Så dette var ditt liv. Fantastisk avslutning, om eg kan seie det. Dei eg ikkje har nemnt her, likte eg eigentleg vel så godt så det hadde nok vore like greit å drage alle over ein kam.

Om forteljingane er sanne eller ikkje, har dei uansett eit snev av røyndom i seg og berre det er slett ikkje verst. Ikkje rart Ingvar Ambjørnsen falt for denne boka. At personane blir omtalt som "du" gjer at vi kjenner oss ekstra knytt til dei, som om vi veit kven dei er. Og det gjer vi jo eigentleg også. Vi kjenner alle til desse personane, på eit eller anna vis.

Eg er så glad for at eg valde å lese denne boka. Glad og stolt. Eg synest det er på sin plass at eg også får oppleve litt heider. Eg er trass alt sabla god til å velje bøker.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei!

Imponerende antall bøker du har lest. Kan jeg spørre hvordan i all verden du får tid til å lese så mye OG skrive anmeldelser i tillegg? Kan tenke meg å lese mer selv også, men tiden nekter å strekke til. :)

Nuhvel. Den egentlige grunnen til at jeg er her er at jeg er ansvarlig for å markedsføre en nettside. Vi er på jakt etter kvalitetssider som er villige til å linke til oss.

Vi jobber bare med profesjonelle sider, og siden din fyller alle kravene.

Kunne du da tenke deg å være med på dette? Om du er interessert, send en mail til forbrukslan1 (at) gmail.com.

Mvh Lars

Thomas sa...

Lena! Oj, jeg har ikke fått med meg at du har skrevet om boka i det hele tatt, og så, når jeg først stikker innom, blir jeg jo helt overveldet! Tusen takk for det du skriver. =)

Lena sa...

Vær så god! Det er absolutt fortjent. Jeg ble veldig begeistret. Veldig!