RSS

50K



Eg vann, eg vann! Hurra, hurra, hurra!!!

Eg starta 1. november. Stoppa 28. november. 50.787 ord og framleis to dagar att til fristen. Eg har skrive ein pissedårleg roman, men greidde det. 50.000 ord og ein roma på under ein månad. Vinnarane får tilbod om å få trykt opp romanen sin i eitt eksemplar og moglegheit til å selje han på amazon.com. Vi får seks månader på oss til å finpusse før vi sender inn den endelege versjonen. Eg skal prøve å finpusse meg til eit eksemplar - kjekt å ha i hylla, men selje han? Aldri. Så bra blir han nok dessverre ikkje. Eg har ymta frampå til vener og bekjende om å få lov til å lese, men (dersom de les dette) så må eg nok trekkje tilbake tilbodet. Elles tør eg ikkje sjå dykk i augene meir.

Men ein smakebit av boka mi kan eg alltids dele (uredigert og rykande fersk):


Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (LeseLena): Feitt, 128 sider

Ekteskapet mellom Olaug og Halvor har vore døydt i lengre tid, og når Olaug møter Tormod, den nye spinninginstruktøren i bygda, blæs det nytt liv i kvardagen hennar. Samstundes trakkar tenåringsdottera deira, Sigrid, rett inn i vaksenlivet når ho oppdagar den første kjærleiken.

Utdrag frå første sida

Det kaldt i lufta. Vérmeldingane har varsla komande sprengkulde. Månen heng lavt og det er stille i lufta. Nesten for stille. Ein kan nesten mistenke naturen for ha gitt opp. Snudd ryggen til, omslutta av eigne kjensler. Dirrande i natta står trea der, aleine og nakne. Ei slik natt er sjeldan å sjå. Utan støy, utan lydar. Heilt stille. Fredeleg.

Ein person skjular seg i buskene. Tek seg varsamt framover, kikar seg attende. Vil ikkje bli oppdaga. Ei kvinne kjem gåande langs vegen. Aleine. Ruslar, nesten påteken lett til sinns. Verkar ikkje nervøs i det heile. Ser snarare glad ut. Likegyldig til natta sitt dunkle mørkre. Ho har hendene stukke nochalant nedi kåpelomma, går bortover i ei passeleg fart. Ikkje for fort, ikkje for sakte. Tek seg tid. Kjenner vegen. Veit kva som er rundt, veit kor vegen endar. Det er hennar veg. Hennar område. Årevis med trasking fram og tilbake har gjort at ho kjenner seg trygg her. Ho set sin lit til vegen, stolar på at han førar ho fram.

Ho er ikkje aleine. Merkar nokon i buskene. Mistolkar det for eigen fantasi, men aukar likevel farta litt. For sin eigen tryggleik. Ho ønska seg fram no. Vegen sviktar ho, er mørk og utan spor. Alt rundt er med på det. Dei driv gjøn med ho. Leikar med kjenslene. Spelar eit puss med fantasien hennar. Ho kjenner seg sårbar. Kor er vegen ho kjende seg så trygg på? Ho kjenner ei hand på skuldrane. Eit slag i magen. Det er ikkje vits i å skrike. Ingen kan høyre ho likevel. Det er ingen andre ute denne natta. Alle er heime. Trygge. Uvitande. Naturen er likegyldig. Eit taust vitne utan mæle.


ps. Biletet har eg stole frå verdsveven.

Jeg klarte det, jeg klarte det, jeg klarte det, hurra! (Syngjast høgt i beste Dora the Explorer-versjon).

No kan jula begynne!


Kva er NaNoWriMo?

National Novel Writing Month. 1st-30th november. 30 days and nights of literary abandon. Mange drøymer om å skrive ein roman, og like mange finn aldri tid til å setje seg ned og skrive. NaNoWriMo er 1. -30. november kvart år og tusenvis av menneske i heile verda sit og skriv ein roman på minst 50.000 ord. Du lagar deg ein brukar og skriv for harde livet heile november månad. Når du er over 50.000 ord (det skal tilsvare rundt 175 sider, eg fekk 128 A4-sider), lastar du opp orda dine (slapp av, ordteljaren slettar orda med ein gong - ingen kan lese kva du har skrive, med mindre du legg det ut offentleg). Det er kvantitet, og ikkje kvalitet, som tel. Prosessorientert skriving på sitt beste! Bli med neste år, da vel:)

10 kommentarer:

Sesselja sa...

Gratulerer! Det er en god følelse å komme i havn med Nano.

Lena sa...

Tusen takk! Nå skal det leses:)

christinebonnegolt sa...

Gratulerer! Bra jobba :)

Janke sa...

Fantastisk! Jeg vil gjerne lese mer av historien din, det lille du la ut var nok til at jeg vil ha mer!!

Gjennom ordene sa...

Hurra! Det er jo helt topp, gratulerer! Så tilfredsstillende dette må være for deg. Følger deg videre, og ja - vi venter på mer!!

Lena sa...

Tusen takk! Kjekt å høre. Må nok redigere om hele romanen skal jeg tørre å legge ut mer, får se hva jeg får til. Nå skal jeg ikke se på det før i juleferien - tidligst;)

Synne sa...

Stilig! Gratulerer!

Askeladden sa...

Jeg har også lyst å lese mer ut ifra det jeg lest her... Du har et særegnet språk.

Lena sa...

Takk, snillinger!

Kathleen sa...

Gratulerer! Selv skrev jeg bare to sider, på openoffice, jeg kopierte dem ikke en gang over til Nanowrimo...