RSS

Orkanger

Johan B. Mjønes: Orkanger, 158 sider

Denne boka fekk eg tilsendt av Aschehoug. Orkanger er Mjønes sin andre roman, og tek utgangspunkt i Orkanger. Han skriv om eit alvorleg tema, mobbing. Terje blir mobba av Børge. Dei går i same klasse gjennom barneskulen, der størsteparten av mobbinga finn utløp. Heile klassa er med på å fryse ut Terje, men Børge er den som startar det heile, leiaren. Resten er tause vitner. Det blir så gale at familia til Terje bestemmer seg for å forlate bygda.

Handlinga flyttar seg mange år fram, og vi møter Terje som vaksen. Han kjem attende til barndomsbygda etter er å ha budd borte mesteparten av livet. Han er utdanna psykolog og skal mekle mellom to partar i ei skilsmisse. Terje skal som fagperson bestemme om ein far er skikka til å ta seg av dottera si. Faren er Børge.

Boka er fortald vekselvis gjennom Børge og Terje. Mobbaren og offeret. Å få høyre begge sider av same sak gir ei sterkt inntrykk. Vi får medkjensle med begge. Børge er ein energisk gut, hormonell og manglar impulskontroll. Terje er forsiktig, kontaktsøkande, på grensa til klengete. Terje kjem frå ei ressurssterk familie, Børge er oppvaksen med ein valdeleg far som gjer livet vanskeleg for mor og son.

Børge som vaksen har skikka seg bra. Han har eit godt forhold til dottera, og elskar å ha henne hos seg. Greier Terje å sjå forbi Børge som barn, å fortrengje barndommen sin og gi ei profesjonell vurdering?

Det er heilt klart ei sterk bok. Temaet er dessverre like aktuelt i dag, men desto viktigare å få fram i lyset . Mjønes skriv godt, han skildrar mobbaren og offeret sine kjensler nært og fortruleg. Det ei trist stemning, og hemnen ligg som ei alvorleg ramme rundt forteljinga. Anbefalast!

Over til noko anna! I dag brakar NaNoWriMo, laust, og eg har framleis ikkje peiling på kva eg skal skrive. Det einaste eg har funne ut, er tittelen: Meir feitt, takk. Bøker lyt vere bøker i ein månad, og eg må konsentrere meg om å skrive. Skrive, skrive...

Vil du leggje meg til som writing buddy, finn du meg som LeseLena:)

1 kommentarer:

labben sa...

Lykke til, til deg også =)