RSS

Bon apetit!


Guro Usterud mfl: Godt å gi bort, 175 sider

Eg må innrømme at eg blei litt skuffa da eg vann denne boka i Samlaget sin julekalender. Ei oppskriftsbok? Til meg? Som ikkje kan fordra å lage mat. Jaja. Så fekk eg boka i posten førre veke. Den vakre framsida gjorde skuffelsen bittelitt mindre. Så begynte eg å bla litt i boka. Fine bilete. Hmm. Kjende skuffelsen krympe enda litt meir. Korleis lage syltetøy. Sunne salatar. Krympinga held fram. Så godt det ser ut. Kjenner eg får lyst til å prøve meg fram. Rullekake. Biscotti. Müslikjeks. Ser for meg neste gong eg skal ha jentene på besøk. Sjokoladetrøflar. Nougat og marsipan. Godt til jula. Betre til kaffien. Ok. Eg er seld. Skuffelsen er ei rosin og eg puttar ho i munnen. Tyggjer og svelgjer. Men framleis svolten. No skal det kokkelerast.

Godt å gi bort er ei inspirerande bok med oppskrifter på mat og drikke ein kan gi vekk i gåve. Porsjonane er passelege og kan pakkast i fine øskjer, glasflaske og andre høvelege omslag. Ein kan sjølvsagt bruke vanleg innpakking, men det ser så mykje meir delikat og spanande ut på denne måten. Tenk å få store sjokoladecookies innepakka i eit CD-etui, eller rugbrød elegant surra inn i papir og tråd. Sjokolade med tørka jordbær, eller frokostblanding med korn og müsli. Pesto og Sara Bernard. Alt heimelaga og nydeleg innepakka.

Eg burde nok ha prøvd ut ei oppskrift eller to før eg kastar meg over tastaturet, men eg stolar fullt og heilt på forfattarane. Oppskriftene verkar enkle, råvarene er å få tak i, og så ser det kjempegodt ut. Eit bilete seier som kjent meir enn tusen ord. Sjølv om det er porsjonar berekna på å gi bort, er det ikkje noko i vegen for å behalde godsakene sjølv. Dei vakre bileta gir meg vatn i munnen og kleie i fingrane. Det bur visst ein kokk i meg likevel. Det spørs berre om eg er noko tess.

Psst. Eg er nyst ferdig med Grimsrud si En dåre fri, og tenkjer å hive meg på Knirk si samlesing. Omtale kjem difor ikkje før 22. des. (Dersom eg ikkje får beskjed om anna, da.)

2 kommentarer:

Mammadamen sa...

så morsomt å få ei slik bok. Jeg er heller ikke særlig glad i å lage mat, og av kaker er omtrent rullekake det eneste jeg kan bake. Jeg skal ta en kikk på denne boka neste gang jeg er i bokhandelen.

Fortsatt god førjulstid, Lena.

Klem Mammadamen

Lena sa...

Bra det ikke bare er jeg. Synes "alle" virker glade i å kokkelere. Men det uansett er på tide jeg blir flinkere ( i hvert fall til å variere), så jeg ble glad for boken etter å ha vent meg til det.

God førjulstid til deg også:)