RSS

Innsirkling 2 - the movie


Carl Frode Tiller: Innsirkling 2, 400 sider

Denne boka fekk eg av Aschehoug, og takk og pris for det, elles hadde eg kanskje ikkje lese desse bøkene i det heile tatt. Nokosinne. Eg grøssar ved tanken. Dette er den beste boka eg har lese i år. Og tru meg, eg har lese mange gode bøker i år. Fy flate for ei bok! For eit språk, for ei handling, løyndommane, avsløringane. Eg er heilt matt her eg sit. Eg ber dykk: Ver snill og les denne boka. Begynn gjerne med første boka, Innsirkling, få på plass grunnlaget, bli kjend med David gjennom ungdomsvennen Jon, stefaren Arvid og ekskjærasten Silje - brevskrivarane. Oppføgjaren kan godt lesast aleine, men de går glipp av ei fenomenal spenningskurve.

Oppfrisking: I Innsirkling får vi vite at David har mista hukommelsen. Ei biletannonse i avisa oppmodar dei som har kjennskap til han om å skrive brev, for å gi han minnene tilbake. Ved hjelp av desse breva får vi sirkla inn ikkje berre kven David er, men også stoda til brevskrivarane. Men no: Over til Innsirkling 2.

Denne gongen er det også tre brevskrivarar, og Ole, oldesgut og barndomskamerat av David, er førstemann som tek pennen fatt. Han har eit vanskeleg forhold til foreldra, som bur i nabohuset, og kona som slit med store humørsvingingar. Eg vil ikkje røpe meir, men kan seie at det er så avhengigheitsskapande å få ta del i desse historiene at eg ville rive meg i håret da Ole si historie blei bytta ut med Tom Roger.

Tom Roger, ein muskelbunt og tidlegare kompis av David, har nyst blitt saman med småbarnsmora Mona. Han kjem frå ein lang generasjon av småkriminelle og drøymer om eit betre liv. Det tok sjølvsagt ikkje lang tid før eg var like oppslukt av desse personane, og følgeleg like oppgitt når Tom-Roger si historie sluttar og Paula tek over.

Paula, ei eldre kvinne og tidlegare bestevenninne med mor til David. Vi får vere med når sonen og sonesonen besøker henne på gamleheimen. Og det er her dei saftige løyndommane kjem rullande...

Boka/bøkene i seg sjølve er eigentleg nok, fantastisk litteratur berre det. Men når avsløringane på slutten av boka kjem for ein dag, tok det verkeleg av, og no ser eg for meg store ting altså. Eg forventar ein trilogi, minst. Tiller er ein psykologisk meister. Måten han skildrar dei mellommenneskelege relasjonane, personlegdommane, og dei bortimot psykologiske analysene er heilt forbløffande. Han inviterar lesaren inn i djupna på personane, og det er nærmast suggererande å få kome så nært innpå.

Innsirkling 2 - the movie. Eg var inne på det med Innsirkling, men denne gongen må eg gå grundigare til verks. Kva er det med denne tittelen? Eg kunne ikkje sagt det betre enn Kasiopeiia: Det høyres ut som ein film. Kvifor har forfattaren (eg går sjølvsagt ut frå at ein som har skrive ei slik bok ikkje har bestemt denne tittelen) gått med på å kalle boka si dette anonyme, fargelause namnet - som ikkje er i nærleiken av å avdekkje kor mykje fint denne boka har i seg. Tenk på alle denne tittelen skyv frå seg, men det er kanskje det som er meininga? At ein må fortene å få lese boka. Gjere seg opp ei eiga meining, trass namnet, og på den måten gjere seg verdig lesaropplevinga. Eller er det kanskje eit salstriks for å få tak i lesarskaren som fell for nettopp slike titlar? Eg veit ikkje. Namnet eller ikkje, ho duftar like søtt.

Med det same eg har merksemda, har eg ein annan sak på hjartet. Dette fenomenet med å ikkje ville lese det "alle andre" les. Eg skjønar poenget. Tiller er i ferd med å vekse i Knausgårdisk fart. Sjølvsagt vil vi vere dei første, og helst dei einaste, som oppdagar storslagen litteratur. Vi vil rope det ut, blogge i det uendelege. Høyr her, eg har lest ei fantastisk bok, fann ho i ein vekkgøymt bokhandel i ei trong bakgate i Praha, dei hadde berre eitt eksemplar. Når det blir allemannseige misser vi interessa. Det var eg som oppdaga det først. Hah, eg likte han lenge før deg. Ja, og eg las han lenge før du var fødd. Og slik held vi fram.

Ikkje ver ein av dei som bestemmer seg for å ikkje lese Innsirkling-bøkene. Ver så snill. Det er faktisk ein grunn til at folk likar desse bøkene. Ja, eg veit det ikkje skal mykje til før eg er frå meg av begeistring og nærmast genierklærar forfattarar. Eg let meg imponere, eg innrømmer det. Til mitt forsvar skal det heller ikkje mykje til før eg går motsett veg. Visst er eg litt mildare i omtalane mine dersom boka sug, eg har folkeskikk, sukrar litt. Men no. No må heile bøssa tømmast. Fordi den er god. Og gode bøker fortener ære. Løfta fram. Hylla.

Ver snill og les desse bøkene. Snarast!

7 kommentarer:

Rose-Marie sa...

Jeg har med stor fornøyelse lest din bokomtale, som det formelig gnistrer av! Hvis ikke flere får lyst til å lese denne boka etter å ha lest din omtale, så vet ikke jeg.

Jeg leste denne boka for noen få uker siden, og jeg er HELT enig med deg! Dette er uten tvil den beste boka jeg har lest så langt i år! Den aller, aller beste! Og jeg har i likhet med deg lest mange svært gode bøker i år. Men denne Tiller-boka slår alt. Tom. Knausgård, som jeg er ihuga fan av!

Sesselja sa...

OK, du har overbevist meg. :)
Jeg fører Innsirklingene opp på leselista. Men med en 2 mnd baby i hus blir det nok en stund til jeg kommer igang med dem - men så har jeg i alle fall noe godt i vente om jeg skal tro deg. :)

Lena sa...

Tusen takk dere! Bra. Heia Tiller:)

Beatelill sa...

Jeg visste du ville like Innsirkling! Har jo merka meg at vi liker flere av de samme bøkene :) Men du har helt rett, dette er virkelig fabelaktig god litteratur! Morsomt å lese en så engasjerende og sprudlende anmeldelse :)

Lena sa...

Takk for det! Ja, jeg er stadig innom siden din etter lesetips:)

Ingalill. sa...

Litt forsinket kommentar, men siden du nå, iflg, Ellikken er kåret til bloggnorges største Tillerfan, måtte jeg jo bare inn å si at:
Nå har jeg lest omtalen din (igjen, tror nok jeg leste den i 2010 også), og du har selvfølglig helt rett.
Det er strålende bøker!

Lena sa...

Å, det har eg ikkje fått med meg. Har vore vekkreist. Måtte lese omtalen min på nytt no, og ja, kor eg gler meg til neste bok kjem. Den einaste eg kan kome på som er i nærleiken av dette, er helga Flatland sine bøker. Fantastiske, fantastiske.