RSS

Oppskrift på suksess


Victoria Hislop: Øya, 452 sider

Eg innrømmer det gjerne. Slik enkelte aldri skal lese Knausgård, Isfolket, Drageløperen og andre bestseljarar, var denne boka mi utvalde "skal aldri lese"-bok. Kvar gong nokon spurde meg om eg har lese Øya, kunne eg stolt medgi at, nei, det har eg ikkje. Eg har ikkje tenkt å lese ho heller. Tenk. Kvifor ikkje? Derfor. Nemleg. Men så opplever eg at elev etter elev dreg fram denne boka og vil diskutere ho. Og da smeltar sjølvsagt eit lærarhjarte. Skal eg prakke bøkene mine på dei, så må eg jaggu tole det tilbake. Møte dei på halvvegen. No skal endeleg nyfikna stilnast. Kva er det eigentleg som gjer denne boka ein suksess? Jau, no skal du høyre.

Leprakolonien på øya Spinalonga er eit historisk faktum. I 1903 blei det bestemt at alle spedalske skulle plasserast på øya, isolert frå omverda. Dei sjuke skapte sitt eige samfunn, bygde eigne bustadar, skular, butikkar, sjukehus, kafear og kyrkjer. Det var ikkje forbudt for friske å gå i land, men dei måtte følgje visse reglar som til dømes ikkje å ta dei sjuke i handa, eller ete ved same bord som dei. I alt 760 menneske blei plassert på øya, og 36 blei fødde der. Viste den nyfødde ingen teikn på lepra, blei han teken frå foreldra og adoptert bort. Av frykt for å bli ført til øya, heldt mange sjukdommen skjult. Mødre, fedre, små born blei tekne frå familiane sine og sendt til Leprakolonien. For mange var det ein lagnad verre enn døden.

Boka er oppbygd etter verdas eldste oppskrift. U-svingen. Lykke - ulykke - lykke. Eventyrformelen. Personane verkar ikkje å ha særleg samansatte personlegdommar. Anten så er du ein sjølvoppofrande fiskar som aldri klagar, ein rundbrennar som aldri får nok, den snille dottera som ikkje unnar seg lykke eller den andre dottera som set eiga lykke framom alt anna. For det er sjølvsagt to søstre med i dette eventyret. Den gode og den onde. Anna og Maria. Den eine vakrare enn den andre. Dei bur på Plaka, ei lita gresk øy like utanfor øya Spinalonga, Leprakolonien. Dei lever eit trygt og godt liv saman med mor og far. Heilt til mor oppdagar lepraflekkar på huda og blir sendt til den frykta Leprakolonien. Her må ho skape seg eit nytt tilvere, utan familia si. Tvers over havet må far oppfostre døtrene aleine. Mor kjem aldri attende.

Hislop har ein forkjærleik for Kreta og har bygd ein eventyrleg roman rundt den historiske øya. Dette er ikkje berre historia til dei attverande som må sjå sine kjære bli frakta til Leprakolonien. Det er opplevingane til dei sjuke, dei nye tilhøva dei skapar seg på øya. Korleis dei finn seg til rette med lagnaden sin. Nokre band blir brotne idet båten legg til land ved øya, og nye, sterke band blir knytt. Andre band ser ikkje eingong ut til å breste, sjølv med eit hav, eit anna liv mellom. Ho fortel om venskap og familie. Blod er tjukkare enn vatn, og det ligg heile tida som ei ramme rundt.

Øya har alt ein roman treng for å halde lesaren gåande. Ikkje før eg har tenkt at ting begynner å roe seg, er eit nytt spenningsmoment på pletten. Somme tider blir det litt for mykje av det gode, klisjear og velbrukte frasar slost om merksemda, og ein kan nesten forveksle boka med ein Harlequin-roman:

Hvis han tok denne jomfruen nå, ville han bli nødt til å forlate Plaka. Selv om han hadde deflorert utallige jenter tidligere, kunne selv ikke han bringe skam over den skjønne Maria, og dessuten var det en stemme inne i ham som formante ham til å styre lystene sine. Det var på tide å slå seg til ro.

Språket er prega av mykje skildring, og dei første tre-fire sidene irriterte eg meg grenselaust over kor mykje forfattaren gjentok enkelte ord. Meir og meir, fleire og fleire, tyngre og tyngre. Eg trur eg talde fem gongar på eit par sider. Etterkvart som eg kom lenger inn i historia, la eg frå meg kritikarbrillene og begynte å drøyme meg vekk. Sjølv om Hislop har laga ein roman heilt etter oppskrifta, er det likefullt ein roman. Det er ikkje noko gale i å fengje lesaren fordi ein tyr til velbrukte triks, nettopp til det formålet å underhalde lesaren. Visst irriterte eg meg over enkelte ting, men eg likte boka og skal innrømme at eg knapt greidde å leggje ho frå meg etter 200 sider. Av og til er det greit å la sidetala lede vegen. No lyt eg finne meg ei ny "skal ikkje lese"-bok. Men det er mest på trass.

10 kommentarer:

Bai sa...

Det er litt rart det der at vi bestemmer oss for å ikkje lese einskilde bøker. Eg held framleis stand, når det gjeld Hislop, og etter å ha lese dette trur eg jammen eg skal kunne sette karakter på fleire elevtekstar om boka, utan å ha lese ho. Eg kan jo foreslå "Drømmehjerte" av Samartin som ny skal-ikkje-lese-bok, viss du treng hjelp.

Lena sa...

Når du seier det, så kjem eg på at Samartin faktisk er på ikkje-lese-bok-lista mi. Men eg skal aldri seie aldri. plutseleg er vel ho den nye fascinasjonen blant elevane, og da er det berre å setje i gong;)

ellikken sa...

Samartin er bare ikke verdt tiden man bruker på å lese. Nei, spar deg.

Øya syns jeg faktisk er god. Den parallelle historien fra nåtiden irriterte meg grenseløst, slutten i særdeleshet, men selve historien rundt leprakolonien fasinerte meg.

Lena sa...

Helt enig, Ellikken. Uten å røpe noe (for evt lesere), synes jeg nåtidshistorien ble for dum.

Ingaplinga sa...

hahaha, hadde samme innstilling til harry potter-bøkene, skulle IKKE lese de! så ble det så vanvittig poppis blant elevene, og jagguti så tok jeg hele serien på alt for kort tid. liker dog ikke filmene da!!!

har ikke lest denne boka, så da kan det kanskje bli min ikke-lese-bok?

Lena sa...

Whaaat! Ikkje lese Harry Potter?? E du galen? Bra du tok til fornuft;)

Ej ha no egentlig vilde ha lest dinne - den jenge raskt unna. Finst moonge andre ikkje-lese-bøke. Pornopung f.eks. Den må du aldri lese. Fysj! Men det e bere sunn fornuft. Twilight-serien? Der sønst ej egentlig det kun e første boka so e verdt å lese. Hvis en ska ver skikkelig trassig.

Glemte minner sa...

Jeg elsker "Øya". Boken er kanskje full av skildringer og følelser, men er det ikke slik livet egentlig er?

Lena sa...

Glemte minner: Joda, jeg er helt enig, men enkelte stedet ble skildringene litt vel pompøse (jf utdraget mitt f.eks). Men jeg synes det var en god bok. Har hørt at "Hjemkomsten" ikke er så bra, så den styrer jeg unna. Til noen overbeviser meg om det motsatte, selvsagt;)

Oda sa...

Veldig enig i at nåtidshistorien var det aller svakeste i boka. Det ble kjedelig og klisjeaktig.
”Ung kvinne, med god jobb og fint liv, men må finne seg selv, i en jakt på foreldrenes fortid”-konseptet er litt oppbrukt føler jeg.

Lena sa...

Ja, ja. jeg greier ikke å dy meg (ikke les dere som kanskje skal lese denne), men jeg synes det ble for dumt da alt bare falt på plass, og moren hennes forsto osv. Idiotisk.